Mat / Oppskrift.

Beef Bourguignon

13. mars 2016

PA178086
Bildet er lånt fra Trines Matblogg sidan eg berre filma retten min på snap og glemte å ta bilete sjølv.
Men filmsnutane ligg der i 10-12timar til, so gå inn på snapchatten min «regineforsund» :)

I kveld stod det Beef Bourguignon på menyen.
Eg har laga gryta ein gang før – men denne gongen tok eg litt frå oppskrifta til både
trines matblogg og jamie oliver. Og den blei bedre enn første gongen!!
Til gryta laga eg ein potet-og sellerimos, perfekt kombinasjon til gryta.

Det finnes so mange variantar av denne gryta, og det er eigentleg berre å putte i
det ein likar og unnlate det ein ikkje liker. Eg er ikkje noko fan av laurbærblad, so det
blei ikkje med i mi gryte – men det er jo smak og behag :)

Etter utallige henvendelsar på snap om akkurat korleis eg laga mi gryte,
så heiv eg meg rundt no, og her er oppskrifta:

Ingredienser til gryta:
1,2 kg storfekjøt høgrygg,  i terningar (går an å bruke andre typar kjøt, mørbrand var det eg brukte)
300 g bacon, i terningar
3 fedd kvitløk finhakka
16 charlottløk, heile
6 gulrøtter, i stavar
2 ss tomatpure (toppa skeier)
2 ss kveitemjøl
Tmian, 2 ss (tørka eller frisk, eg hadde bare tørka og det funka heilt fint)
Persille, 3 ss finhakka
Oksekraft, 3dl
Halv flaske raudvin
Safta fra ein appelsin
Salt & Pepper

Framgangsmåte:
Sett på omnen på 150grader.

Skjær kjøtet i terningar, som str. på biletet over.
Krydre med maldonsalt og kverna pepper. Brun kjøtet i fleire omgangar so det ikkje blir
liggande å koke i gryta. Sett kjøtet til sides i ei skål.

Deretter bruner du baconet til det har blitt gyllent.
Tilsett gulrøtter, kvitløk, charlottløk og timian.
La det stå i fem-sju minutt til grønnsakene har fått litt gyllen farge.

Ha i tomatpure, og mjøl. Rør rundt.
Hell oppi kjøttet og all kjøttsafta,
miks alt saman og la det putre i eit par minutt.

Hell oppi raudvin, og oksekrafta, tilsett persille og appelsinsaft.
Ha på lokket, og sett den inn i omnen!

Eg laga alt i Le Cruse gryta mi.  Det stod i ovnen i 3timer.
Kjøttet var så mørt og godt, super gryte å lage om du fks. får gjester.

Vi var to stykk, åt oss stapp mett og det er ihvertfall nok til to middager til.
Greit å lage meir når ein først lager dette, og så fryse ned,
det har eg gjort før og det fungerer heilt fint :)

Potet-og sellerimos
900 gram poteter, i terningar
300 gram selleri, i terningar
Meierismør
Matfløyte
Salt & pepper

Kutt opp poteter og selleri i terningar.
La det koke til det er mørt. Sil av vatnet.
Ha i  godt med smør og matfløyte, mos med potetstappar så den blir litt chunky.
Smak til med salt/pepper.

Eg lagar alltid for mykje potetmos, så denne porsjonen held til ca. 4personar.
(eventuelt rester til neste dag)

Håper det smakar om du prøver deg på denne,
anbefalast :)

4 Comments

  • Reply June 19. mars 2016 at 23:01

    Det så helt fantastisk godt ut!! Så flink du er til å kokkelere.
    Klem, june

    • Reply Regine 19. mars 2016 at 23:38

      Takk June,
      anbefales – kjempe god!! :)

  • Reply Helene 26. mars 2018 at 16:22

    Tatt skjermbilde!! Detta såg veldig godt ut ?? Dyktig på matlaging og du ??

    • Reply Regine 26. mars 2018 at 18:55

      Tausen takk!! Håper det vil falle i smak – det er så enkelt og godt :)

    Leave a Reply