Livet

HEIME?

20. mars 2016

P1012197Eg sliter verkeleg med å finne ut av kvar heime skal bli.

Eg sit i timesvis kvar dag og grublar,
ser på leiligheiter til sal og til utleige. Både i Hordaland,
Sogn & Fjordane, Møre & Romsdal, rundt om på austlandet,
og eg prøvar å finne ut av kvar vi to jentene skal bu.

Det er so vanskeleg når den einaste plassen eg vil bu er «heime»,
altso; rekkehuset i Førde der eg budde.
Tragisk, men sant.

Eg er ein vaneperson,
eg hatar forandring! Eg treng trygge rammer, og
faste rutinar. Det er derfor veldig viktig for meg å finne ein
plass som kan følast som heime, der eg vil vere,
og der eg veit eg kan bli so lenge eg vil fram i tid.

PA109794Kjøkkenet i Førde..

Eg har budd i Bergen i tre månadar no – og eg kan ikkje sei at eg trivst.
Eg har blitt glad i sjølve leiligheita, men ikkje i plasseringa av den.
Det er òg for dyrt til at eg kan bli verande her lenge. Alt for dyrt.

Eg har verkeleg sansen for storbyferie, det er det beste eg veit!
Men å bu i ein by, og so sentralt som eg bur no – det er ikkje mi
greie. Eg har budd i Bergen ein gong tidlegare, i eitt år,
og eg likte meg ikkje so godt den gongen heller.
For meg er Bergen ein herleg by å vitje no og då,
men ikkje so herleg å bu i merkeleg nok.

Eg trur òg at eg er meir einsam her i byen. Det er ikkje so kjekt å
høyre/sjå alle travle, festande og aktive mennesker dagen lang.
Det får meg til å tenkje på alle ting som ikkje er poeng i å tenkje på.
Der alt byrjar med «eg skulle ynskje eg var frisk,
då ville eg gjort det og det.»

Eg enda opp i denne leiligheita fordi det var ein av dei få
som var fin, og som det var lov å ha husdyr i – ein kombinasjon
som var vanskeleg å finne trass i at eg søkte på alt frå Førde,
Sogndal,og områder rundt Bergen som Åsane, Fyllingsdalen, Askøy ++

Men det er ganske meiningslaust å bu so sentralt,
med alt rundt meg – og so nyttar eg ingen av tilboda.
Eg har hverken helse eller økonomi til det,
og eg kjenner berre at eg blir påminna på alt eg går glipp av,
og alt eg skulle ynskje eg kunne gjere, kunne ha.

P1012255

Eg lengtar etter å bu på ein naturskjønn og roleg plass.
Matbutikk og post er eigentleg alt eg treng av fasilitetar.
So lenge det er internett, og post i butikk so har eg alt eg treng ;)

Eg veit ikkje om det er fordi eg er eldre, fordi eg er sliten
eller fordi det berre er slik eg er. Kanskje ein kombinasjon av alle tre.
Men det beste eg kan sjå for meg no er å kunne sitje med frukosten om
morgonen og sjå utover fjell og fjord.

Gå turar med Lucy utan å treffe på so mange menneske,
og at bystøyen blir bytta ut med fuglekvitter og bølgesus.
Eller kråke og ei motorsag, heller det faktisk.

2016-01-01 15.13.58-1
Eit kornete mobilbilde frå romjula, i Leirvik (Hyllestad kommune) 

Eg har prøvd å sjå på alle mogelege plassar og tenkt at berre eg
finn noko eg har råd til som ser fint ut, so kan eg gå for det.
Men i hjartet mitt so er det Sogn & Fjordane som kallar på meg..

Eg kunne tenkt meg å budd på ein forblåst stad som
til dømes Bulandet, eller i Hoddevika.
Eg elskar nemleg vær.
Det har eg gjort sidan eg var lita.
Eg har alltid vore glad i storm, regn og vind.

Med mi lommebok er det veldig avgrensa for kva eg kan kjøpe.
Problemet med små stadar er at det som oftast er hus og ikkje
leiligheitar for sal, med andre ord alt for dyrt, og alt for stort for meg
og Lucy. Det er desverre lite til utleige også,
so det er ikkje enkelt å finne noko.

Elles fylgjer eg med på eigedommar i Førde, Sogndal og Sandane.
Førde er ikkje akkurat ei naturperle, men eg har budd i Førde i 11
år av mitt vaksne liv – so det er ikkje rart at eg er knytt til byen.

Du må gje meg ein lyd om du veit om ei lita perle eg kan kjøpe,
eller ei fin leilighet til leige ein plass i naturfine omgjevnadar
i Sogn & Fjordane ;)

11 Comments

  • Reply Christina i London! 20. mars 2016 at 14:29

    Håper du finner noe du trives med snart, fina! Det er viktig å trives der man bor, det er jo tross alt «hjemme», så jeg krysser fingrene for deg :)

    • Reply Regine 20. mars 2016 at 15:45

      Å, tusen takk Christina!!
      Ja, eg håper virkelig det – har så lyst å bare «lande» ein plass snart.

  • Reply Maria 20. mars 2016 at 21:00

    Hadde bare skrevet den lange kommentaren så krasja typisk hele internettet… Bah! Men sånn kort oppsummert – jeg trekker også ut mot litt mer «avsidesliggende» steder. Det har sikkert litt med alder og livssituasjon å gjøre. Vi bor akkurat nå midt mellom Stavanger og Sandnes og jeg synes det er alt for sentralt – haha! Har en drøm om å bygge hus litt lenger sør eller ut mot Randaberg. Med sjøutsikt. Det er så fint. Et sted jeg ikke trenger å sitte med hjertet i halsen når ungene springer ut for å leke fordi vi bor rett ved en traffikkert vei. :-P Om fem år begynner yngstejenta til Andrew på vgs, og da er vi ikke lenger bundet til denne bydelen. Men kunne tenkt meg å flytte før Zander begynner på skolen… Og det er jo bare tre år til… :-O

    Håper du finner et fint sted å bo hvor du kan føle deg hjemme. Tror trivsel har mye å si for helsa også. Selv om ikke sykdommen forsvinner så er det jo greit å minimere antall andre «utfordringer» i livet :-) Skjønner godt at man kan føle seg litt ensom i en storby når man ikke har energi og økonomi til å være veldig sosial hele tiden.

    Lykke til :-)

    • Reply Regine 26. mars 2016 at 13:43

      Åå, så kjedelig!! Takk for at du orka å skrive igjen!! <3

      Skjønner du kunne tenkt deg å bu meir landelig til når du har små barn ja :)

      Takk, eg håper det - ja, det har mykje å sei!!
      Det er sant Maria, god klem <3

  • Reply Kamilla Haaland 20. mars 2016 at 21:27

    Håper du finner noe du trives med <3
    Synes det ser så utrolig vakkert ut i sogn og fjordane. Naturen ser jo helt fantastisk ut. Kan se for meg at man får litt "ro i sjela" av å bo i sånne omgivelser.

    • Reply Regine 26. mars 2016 at 13:44

      Tusen takk Kamilla <3
      Ja, det er veldig fint her - og så herlig og frisk luft!! :)

  • Reply Luisa Fernanda del Mar 21. mars 2016 at 00:31

    Åh, du fineste! Jeg forstår deg så inderlig godt. Jeg er som deg, vanemenneske, liker ikke altfor store forandringer. Jeg trenger noe trygt og fast.
    Jeg håper sånn at du finner deg et hjem, som virkelig er et hjem for deg. Et sted hvor omgivelsene gir deg den roen du savner, der du har bare akkurat det du trenger og ikke alt som blir til overs. Der du kan nyte og kjenne at du hører til. Når man har hund så er det også så mye greiere å bo et annet sted enn midt i en by.
    Selv kunne jeg aldri funnet på å flytte ut fra Stavanger, men jeg kunne aldri tenke meg å bo midt i sentrum.

    Jeg har forresten fått meg ny blogg, kom gjerne på besøk. Har vært på jakt etter en blogg som føltes min. Kan ikke sammenlignes med din jakt på et hjem, ikke i det hele tatt faktisk.
    Igjen, jeg håper du finner! ♡

    • Reply Regine 26. mars 2016 at 13:45

      Å, takk kjære deg <3
      Det håper eg og at eg finner - trenger ein trygg og roleg plass der eg kan slå meg til ro!

      Å, så kjekt - eg skal ta turen innom bloggen din!

  • Reply Synne 22. mars 2016 at 11:46

    Det er så vanskelig å vite hvor man skal slå seg til ro, hihi! Det er mye som skal klaffe! Foreløpig er jeg for rastløs til å etablere meg på ubestemt tid, men når den dagen kommer, vet jeg at jeg kommer til å sitte med mange av de samme tankene… Håper du finner et sted som innfrir alle ønsker, hvor du virkelig kan trives! Jeg er forresten også glad i vær, hihi. Fryder meg når det tordner, for eksempel. God påske! Klem fra London!

    • Reply Regine 26. mars 2016 at 13:46

      Nei, det er ikkje så lett!
      Tusen takk, håper eg snart finner «heimen» min ja :)

      God påske til deg Synne!!

  • Reply Trine 2. april 2016 at 08:37

    Åh, vakre Luster i Sogn. Nydelige plassen! Håper du finner ett sted du trives <3

  • Leave a Reply