I går lagde eg desse rundstykka med rugmel og linfrø til kvelds.
Dei var enkle å lage, veldig gode – og dei metta lenge.
Rugrundstykker med linfrø:
♥ 750 g hvetemel
♥ 350 g sammalt grovt rugmel
♥ 100 g linfrø
♥ 1 ts salt
♥ 1 pk gjær
♥ 8 dl vatn
Ha alle dei tørre ingrediensene i ein bakebolle.
Om du bruker fersk gjær, smuldrer du den rett i bakebollen.
Ha i vatn, sett på eltekroken og elt deigen på laveste hastighet i 12 minutt.
La deigen forheve i ca. 1time.
Rull ut til rundstykker og legg dei i ei langpanne.
La dei etterheve i 30 min under klede.
Sett steikeovnen på 225 grader over- og undervarme.
Eg brukte ei tesil og dryssa litt mjøl over rundstykka, og så lagde eg eit snitt i sidene for
at dei skulle sjå litt rustikke ut. Sett dei på rilla under midten, og steik rundstykka i 16-18 minutt.
♥ NYT ♥
P.S
Eg lager mykje mat, og ofte filmer eg det på snapchat eller instastories –
det er så mange oppskrifter eg har lova å legge ut etter spm. fra dåke.
Det kjem,
eg må bare lage det ein gang til, og ta bilder før det blir spist opp! ;)
Om du venter på ei oppskrift,
så minn meg gjerne på det! Trur eg har lova meir enn eg hugser desverre.
4 Comments
Elsker hjemmebakte rundstykker. Nå som jeg er ferdig med eksamen har jeg tid til å bake litt også ☺?
Ja, det er så godt med fersk gjærbakst!! :)
Nam! Dette vil jeg lage i helgen, men kom på at vi har det litt travelt, men kanskje neste helg da. Ingenting er bedre enn nybakte rundstykker med godt pålegg <3
Du deler så mye herlig mat med oss!
Heilt einig, det er så godt!!
Håper du får tid til å bake ein dag, og at det faller i smak :)
Koseleg å høre Luisa <3