Mat / Oppskrift.

Sjokoladekake med banan

15. september 2018

Eg hadde tre bananer liggende på kjøkkendisken som var litt for modne til at eg hadde lyst å spise dei,
då er det genialt og bruke dei i matlaging.. som fks. bananpannekaker, eller denne saftige sjokoladekaka!

Eg fant fleire oppskrifter på nettet,
men eg sløyfa forskjellige ting som krydderet alle hånde, vaniljeekstrakt som eg ikkje hadde ++
og det blei skikkelig godt!

Ingredienser

  • 3 modne bananer
  • 75g smelta smør
  • 100g brunt sukker
  • 1 egg
  • 1ts vaniljesukker
  • 150g hvetemel
  • 30g kakao
  • 1 ts natron
  • 100g grovhakka mørk sjokolade

Glasur

  • 50g mørk sjokolade, grovhakka
  • 0.5 dl kremfløte

Ovn temp: 180C.

Mos bananene med ein gaffel eller kjør det helit glatt med ein stavmikser.

Bland bananene med smelta smør, sukker og egg.

Bland sammen mjøl, kakao og natron i ein anna bolle.

Hell dei tørre ingrediensene over i det våte, og rør til det er blanda.
Rør inn sjokoladebitene.

Hell deiga over i ei brødform (ca.20cm)  som du enten har smurt eller kledd med bakepapir.
Sett kaka i forvarma ovn og steik i ca 50 minutt. Sjekk med kakepinne om kaka er gjennomstekt
før du tar den ut av ovnen. La kaka avkjøle i ca 10 minutt i forma.
Løft den forsiktig ut av forma, og la den avkjøle heilt på rist.

Lag glasuren.  Ha sjokoladen i ei skål. Varm opp kremfløta til det er like under kokepunktet og hell
den varme fløta over sjokoladen. La dette stå i ro 5-10 minutt, rør sammen til du har ei glatt masse.
Sett kjølig slik at det tjukner. (kan gjerne stå til kjøling imens kaka er i ovnen)

Det blir ei saftig og god kake –
den kan fint lages uten glasuren også, den er så god i seg sjølv!

Perfekt med eit glass melk til seier broren min som fikk med seg litt kake heim.

No Comments

Leave a Reply