All Posts By

Regine

Mat / Oppskrift.

SOAKED CHOCOLATE CAKE

14. juni 2017

Alle bør ha ei god oppskrift på ei platekake som ein kan hive sammen i ein fei,
og som ein veit alltid vil være ein slager!!

Den inneholder jo ein del sukker, eg har fleire ganger bytta ut halvparten med
sukrin, og det funker like fint. Det ein bør tenke på er jo at ein (mest sannsynlig)
ikkje skal spise heile kaka sjølv, men berre nokre stykker.

Dette er kaka eg har laga i årevis,
ofte er det enkle det beste.

Den er saftig, farlig god og
sjølv om eg laga ei heil langpanne –
så var dette altså det siste kakestykket som var igjen..
..og no er det borte-vekk ;)

Oppskrift, stor langpanne:

400 gram smør
4,5 dl vatn
6 ss kakao
9 dl sukker
1 beger rømme (3 dl)
4 egg
2 ts natron
9 dl kveitemjøl

GLASUR
100 gram smør
6 ss melk
5 ss kakao
2 ts vaniljesukker
350 gram melis

Sett ovnen på 200 grader. Ha smør, vatn og kakao i ei stor kjele og varm det opp til smøret er heilt smelta. Rør til ei jevn masse. Rør inn sukkeret og pisk inn rømma. Pisk inn ett og ett egg om gangen, rør inn mjøl og natron og rør alt til ei fin deig.

Ha deiga i ei stor papirkledd langpanne og steik den i ca. 30 minutt.

Ta kaka ut av ovnen og prikk den STRAKS med ein gaffel over heile kaka so du får masse små hull overalt. Hell over den VARME glasuren (den lages ved å smelte smøret og blande inn det andre og røre alt godt sammen til ein glatt glasur) og bre den godt utover. Den vil renne nedi hulla og gjøre kaka bløt. Avkjøl på disken.

Den er perfekt å fryse, eller oppbevare i boks i kjøleskapet.
Ofte er den best om ein lar den stå ei stund på kjøkkenbenken så den ikkje er for kald/stiv.

Nyt den som den er – eller ha is / bær til.

Håper det smaker! ♥

Interiør Shopping, inspirasjon ++

ON MY MIND

13. juni 2017

1. Bord og stoler fra Muuto, elsker dette merket!!
Fåes kjøpt i mange interiørbutikker ;)
2. Knaggerekke fra Hay – trykk her
3. Speil, Ferm Living  – trykk her
4. Tørkerullholder, Hay – trykk her
5. Plakat, Desenio – trykk her

6. Trappetrinnsteppe, Ellos – trykk her
7. Spisebord, Jysk – trykk her

8. Oribe, lip balm – trykk her
9. Jeans, Levis – trykk her
10. Linskjorte, H&M – trykk her


Noko av dette er ting eg drømmer om,
som fks. spisebord og stoler fra Muuto – men det passer ikkje like godt for lommeboka desverre.

Bordet fra Jysk er i min prisklasse, og eg liker det meir og meir.
Eg sliter med å bestemme meg, og eg vingler veldig fra om eg vil ha kvitt bord,
svart bord eller eit bord som dette i eik. Det blir kanskje lettere å bestemme seg
når eg har komt litt lenger her, det er vanskeleg å se alt for seg i dette kaoset.

Trappetrinnsteppene derimot skal eg klikke heim snart,
eg skal male trappa kvit og ha slike tepper i, enten i grå eller svart.

Eg sitter og kikker på nettet om dagene på møbler til gangen,
det er ikkje god plass, så eg må tenke godt igjennom det.
Planen var møbler fra Ikea i serien Stuva, men dei er akkurat for dype (typisk!)
så då må eg endre planene, og finne på noko anna lurt!

Eg har blitt så glad i skjorter,
og har lyst å finne meg ei stripete som den på bildet –
det er fint til både jeans, shorts og skjørt!

Kva står på di ønskeliste akkurat no??  :) 

Mat / Oppskrift.

RUGRUNDSTYKKER MED LINFRØ

7. juni 2017


I går lagde eg desse rundstykka med rugmel og linfrø til kvelds.

Dei var enkle å lage, veldig gode – og dei metta lenge.

Rugrundstykker med linfrø:

♥ 750 g hvetemel
♥ 350 g sammalt grovt rugmel
♥ 100 g linfrø
♥ 1  ts salt
♥ 1 pk gjær
♥ 8 dl vatn

Ha alle dei tørre ingrediensene i ein bakebolle.
Om du bruker fersk gjær, smuldrer du den rett i bakebollen.
Ha i vatn, sett på eltekroken og elt deigen på laveste hastighet i 12 minutt.

La deigen forheve i ca. 1time.

Rull ut til rundstykker og legg dei i ei langpanne.
La dei etterheve i 30 min under klede.

Sett steikeovnen på 225 grader over- og undervarme.

Eg brukte ei tesil og dryssa litt mjøl over rundstykka, og så lagde eg eit snitt i sidene for
at dei skulle sjå litt rustikke ut. Sett dei på rilla under midten, og steik rundstykka i 16-18 minutt.

♥ NYT ♥

P.S
Eg lager mykje mat, og ofte filmer eg det på snapchat eller instastories –
det er så mange oppskrifter eg har lova å legge ut etter spm. fra dåke.

Det kjem,
eg må bare lage det ein gang til, og ta bilder før det blir spist opp! ;)

Om du venter på ei oppskrift,
så minn meg gjerne på det! Trur eg har lova meir enn eg hugser desverre.

Dagens Antrekk Shopping, inspirasjon ++

RED STAR

29. mai 2017

Kjolen er i fra Realisation.

Den kom i hus forrige sommer,
men det var så dårleg vær i fjor, at den aldri blei tatt i bruk før i går..
Fin, og behageleg kjole i varmen.


Klokke, Daniel Wellington

Minner om at med rabattkoden «REGINEF» kan du få 15% avslag på heile nettbutikken til Daniel Wellington,
rabatten varer til 30 juni :)


Sko, Bianco.

Hage Interiør

MITT PARADIS

22. mai 2017


Det er ekstra deilig med sol og fint vær når det er kaos inne og full oppussing!!

Eg har bare ei hagegruppe endå, så eg flytter den opp og ned mellom plenen og terassen.

Møblene er fra merket «Outdoor Season», dei er lette å flytte på då dei er laga av aluminium.
( ..det er vedlikeholdsfritt, som er perfekt når ein har mykje regn og vind mellom solskinnsdagene.)

Eg skal vise dåke terassen snart –
eg venter på ein grill eg har bestilt, og så skal eg kjøpe litt fleire planter/blomster.

Parasoll står også på handlelista,
og når alt er på plass så kjem det bilder her :)

Shopping, inspirasjon ++ Sponsor

ROSEGULL <3

16. mai 2017

Klokka over er Classic Petite Melrose i rosegull, eg har valgt kvit inni –
du kan også få den med svart inni. Og i sølv så klart. Alle er bare SÅ fine!!

Klokka under heiter Winchester Classic (36mm) i rosegull,
ein favoritt til sommeren!!

// Produkta er sponsa.

Med rabattkoden «REGINEF» kan du få 15% avslag på heile nettbutikken til Daniel Wellington,
rabatten varer til 30 juni – 17.

Det er også gratis frakt uansett kor du bur i verden, (også gratis retur om du skulle trenge det)
så om du har vurdert å kjøpe ny klokke til enten deg sjølv eller i gave –
så er det lurt å slå til no!  :)

Kjøp HER.

I`m totally in love with my new watches from Daniel Wellington.
Get yours at danielwellington.com,
and get a 15% discount with the code ‘REGINEF’ until 2017-06-30.

Free shipping worldwide,
happy shopping!!

Interiør Mat / Oppskrift.

ON A RAINY DAY

5. april 2017

Det regner og blåser, og føles meir ut som høst enn vår.

Formen er elendig, og eg er mildt sagt LEI.

Då er det viktig å KOSE seg litt ekstra.

Kanelknuter (oppskrift fra trines matblogg)
og kakao med krem.

Masse stearinlys,
og eit nytt magasin..

Lysestakene, koppen og den vakre trefjøla er fra Kähler (sponsa)

Eg blir meir og meir glad i dette designet,
så enkelt men samtidig så lekkert.

Fjøla har eg i to størrelser, i denne på bildet,
og en som er dobbelt så stor,
kjempe fine!!

Interiør Shopping, inspirasjon ++

ON MY MIND

11. mars 2017


1. Rålekkert bord fra &traditionHER

2. Putetrekk fra VillageHER

3. Lysestaken ildhane fra Anderssen og VollHER

4. Ein drøm av ein genser fra GanniHER

5. Herleg duft fra Georgio Armani «Si Rose edp»HER

6. Dørmatte fra HeymatHER

7. Barstol fra HayHER

8. Te fra TeministerietHER

9. Lekre måleskjeer fra Ferm LivingHER

 

Interiør Sponsor

BREAKFAST IN BED

9. mars 2017

GOD MORGEN :) 

Lysestake og kopp (Hammershøi) + fat (kaolin) fra Kähler , SPONSET  //
Glass og frokostbrett, Ikea  // Sengetøy, Høie of Scandinavia  //

Det er ikkje så lett å ta bilder for tida då eg holder på å pusse opp både kjøkken/stue/gang.
Eg skal likevel prøve å vise fram serviset fra Kaolin fra Kähler snart.

Fatet med knekkebrød er fra den serien.
Glatt og stilreint design – som eg elsker!!

Koppene fra Hammershøi er blitt den store favoritten her  ♥

Eg har leita etter det perfekte frokostbrettet i åresvis – og endeleg fant eg det!
Eller det heiter vel «sengebrett». Uansett, det er lykke når du finner det til 98kr på ikea.

Randoms

RANDOMS

8. mars 2017

Lille fotomodellen min!!


Det var koseleg med besøk fra mamma :) Det er ikkje ofte eg ser ho, ho har flytta til Østfold.
Der bur forresten to av dei andre søskena mine også, med familie.


Den fine utsikta mi ♥