Eg skal vel innrømme at eg blei litt matt då Øyvind ringte for ei stund sida og sa at han las om epilepsi,
og at han hadde vært i kontakt med forskjellige klinikkar og nevrologar i Oslo og Bergen.
At han ville so gjerne prøve ein gong til, sjølv om vi var til nevrolog i november 2015 og møtte veggen.
Rørt over at han viser so mykje omsorg for meg,
men matt fordi eg er so sliten og ikkje minst dritlei sjukehus, legar..
og for ikkje å snakke om nevrologar som eg har temmeleg opp i halsen.
Men eg kunne ikkje sei nei når han la alt til rette for meg.
Øyvind bestilte time, blei med meg og betalte – og lillebror passa Lucy.
Dette var i går,
her i Bergen – på Aleris.
Sist vi var til nevrolog fekk vi 2 minutt på Førde Sjukehus.
Det er eit av problema med det offentlege, dei har aldri tid til å lytte,
og ein skulle tru det var om å gjere å få deg ut av kontoret fortast mogeleg.
Her betalte vi jo for det, so vi fekk meir enn nok tid.
Eg blei so paff i går då nevrologen sa at ho meinte at det var epilepsi.
Ho sa at det var mange som ikkje slo ut på EEG, men som likevel hadde epilepsi,
og som responderte bra på medisin. Eg har lenge hatt lyst å prøve medisin for epilepsi,
men har ikkje fått lov sidan eg ikkje har hatt noko epileptisk aktivitet på registreringane..
Ho syns det var rart at dette ikkje var prøvd..
Øyvind har jo lenge spurt om eg ikkje kan få lov å prøve det når dei ikkje har
noko anna å hjelpe meg med, men det har vore heilt uaktuelt.
Eg starta allerede i går kveld med min første tablett.
Vi veit ikkje om det vil ha noko effekt, men eg er so glad at eg endeleg får sjansen til å prøve!
Det er klart eg tenkjer på at det hadde vært fantastisk om eg fekk færre anfall,
eller blei heilt kvitt dei. Men eg prøver å ikkje ha for store forhåpningar, og ta det
som det kjem. Eg byrjar med lav dose, og aukar gradvis – med tett oppfylging med nevrologen.
(Uff, dette kan bli dyrt..)
Berre det å høyre ein nevrolog seie at det heilt klart høyrest ut som epilepsi –
det er som musikk i øyrene. Det å bli trudd, og tatt seriøst betyr veldig mykje for
meg. So det i seg sjølv var ein stor ting for meg i går, og eg felte fleire gledestårer.
Feira med kake gjorde eg også :)
Det er ei heil lang liste med ting som feilar meg,
men det er eit steg fram med å prøve å redusere ihvertfall ei av plagene mine.
Medisinen kan hjelpe mot både anfalla, og migrene/hovudpinen.
Eg er so takknemleg ovanfor Øyvind.
Han er heilt unik som står sånn på for meg,
til og med no når vi ikkje er i lag.
Han er min aller beste venn, og eg er so glad i han,
og so glad for at han bestilte timen, og for at eg fekk sjansen til å prøve medisinen.
Uansett om det vil hjelpe eller ikkje, so er det noko eg/vi har tenkt mykje på,
og det er godt å ha prøvd det.
Det tek litt tid før eg veit om det har effekt,
men eg skal halde dåke oppdatert om eg merkar betring.
—
Eg har allerede sagt dette på snapchat,
eg fikk ikkje svart alle sammen – men det er mange som kom med forskjellige tips,
og som syns det var rart at eg ikkje hadde tenkt på at det kunne være epilepsi.
Eg har vært utreda for epilepsi utallige ganger,
og har vært til mange mange nevrologar i løpet av dei siste 21 åra.
Eg har vært på SSE i 16 dagar. (Satens Senter for Epilepsi)
Det har berre blitt avfeid so kraftig gong på gong.
Og dei ymtar alltid frampå at det kan være psykiske årsakar.
Eg forstår ikkje at Øyvind orka å gå til nok ein nevrolog – og eg trudde verkeleg ikkje
at det hadde noko for seg.. men det var godt han overtalte meg.