Eit nytt kapittel starter..
Vi jentene flytter til Bergen.
I går skreiv eg kontrakt på ei leilighet som ligger i Bergen sentrum.
Eg skal bare leige i første omgang.. og så får vi se om eg finn noko eg vil kjøpe etter kvert.
Det er jo fleire parker i nærheten som eg og Lucy kan kose oss i, som fks. botanisk hage
– det blir fint til våren og sommeren!!
Eg overtar 15 desember.
Den er ikkje så stor, men plassen er godt utnytta, og den er lys og fin.
Det skal bli godt å flytte inn, og å høre til ein plass. Det blir godt for både meg og Lucy
å slå oss til ro.. det har vært mykje farting fram og tilbake i det siste.
No gjenstår den vanskelige delen, i veka som kjem skal eg til Førde..
og då blir det å pakke ned siste rest av alt som er mitt. Det må gjøres, men det er tøft.
Øyvind har tilbudt seg å kjøre flyttelass, han er alltid så hjelpsom og snill
– og eg er takknemlig for at vi er så gode venner. Han kjem til å besøke oss innimellom
også, så det er koselig at vi kan ha eit så avslappa og godt forhold! :)
Bildene blei knipsa forrige helg,
det er koselig å ha nokre bilder av oss i lag.
Det er ei spesiell tid når ho er så liten og søt!!
Ho har begynt å bli ganske varm i trøya og er veldig vilter når ho er våken,
spesielt på morning og kveld – ho springer rundt og er heilt turbo, hehe..
Men ho sover også masse innimellom dei aktive øktene.
Ho er flink å lære, innkallingslyden lærte ho på 2min!.. og kjem springende med ein gang
eg lager ein spesiell lyd med munnen. Eg gleder meg til å lære ho meir, og til å se ho vokse opp!! :)
Kjolen er fra Secrets By B!
Den er utruleg god og varm, eg har størrelse small.
Instagramkontoen min fungerer ikkje for tida. Eg kan ikkje skrive noko tekst, alt blir blokkert.
Eg ser det er fleire som har samme problem.. håper det snart blir fiksa!
Eg har ein give away gående på instagram!
Kommenter på dette bildet med kva du ønsker deg fra kolleksjonen til Secrets By B,
kanskje du blir den heldige vinneren!