All Posts By

Regine

Dagens Antrekk

Weekend!

16. mai 2015

2015-05-16 11.04.09
// Bildet er ifra instagramkontoen min – @regineforsund

Her er det regnvær og grått, men vi koser oss inne.

Eg skal lage ostekake i glass som vi skal ha til dessert i mårra, og så skal eg lage sukkerfri bounty. I mårra blir det sjølvsagt rømmegrøt og spekemat!!

I går laga eg tapas, så det blir det til middag i dag også  – det er såå godt! Eg lagde foccacia, aioli, salat, biffkjøtt, urtepoteter og bacondadler – digg!! Så her blir det ei helg med masse god mat, film og avslapping.

Ønsker alle sammen ei herlig helg :)

autograf

Blomster Shopping, inspirasjon ++

Secrets by B

14. mai 2015

P5148281P5148301P5148286P5148300
Coin necklace  + Golden Circles Bracelet , Secrets by B   (sponsa produkter)

Smykkene til Secrets by B er bare så utruleg vakre. Eg har allerede fem-seks smykker og armband fra før av i dette merket, og eg bruker dei heile tida. Ho har statementsmykker også, det er bare eg som er så glad i enkle smykker og det er det eg alltid går for.

Her er to nye skatter i min smykkesamling. Eg elsker den enkle gullmynten, og armbandet er bare heilt nydelig på – eg skal vise bilder med det på ein anna dag.

Har du erfaring med smykkene hennes?
Om du vil se meir på utvalget, gå inn her. (men pass på lommeboka, det er såå masse fint!)

autograf

Mat / Oppskrift.

Appelsin Smoothie

13. mai 2015

P5128258P5128260

I dag tidleg laga eg meg ein appelsin smoothie, det var kjempe godt!!
På forhand må du skrelle en appelsin eller fleire i samme slengen, kutte det i små biter og fryse det ned. (Eg fryser det i små zip-poser, legger det flatt så eg enkelt kan brekke det opp.)

Her er oppskrifta til 1 glass
1 appelsin (frosset)
1-2 ts ts revet ingefær
1 dl vaniljeyoghurt
1/2 dl appelsinjuice ( ha oppi litt meir om det trengst)
Litt kanel
litt honning (akasiehonning er nok best, men eg var tom for det.)

Håper det smaker om du prøver den!

P5128249

autograf

Dagens Antrekk

Relaxed..

12. mai 2015

2015-05-12 13.40.51

Avslappa antrekk i dag!

I går låg eg stort sett heile dagen.. Helsa er dårlig om dagene, men i dag har eg ihvertfall tusla rundt og gjort litt husarbeid. No er det avslapping på sofaen fram til kl 16.00, då skal eg begynne på middagen.
I dag er det thai suppe på menyen!

autograf

Mat / Oppskrift.

Chicken Fajitas

11. mai 2015

2015-05-08 04.39.15

Chicken Fajitas er SÅ godt – her er oppskrifta til 2personer! 

Ingredienser/handleliste:
1 rød paprika
1 rødløk
3 kyllingfileter
1 lime
Olivenolje
Svart pepper, kverna
1,5 ts paprikakrydder
1,5ts spisskummen
4 fullkornstortillas
Kesam / Rømme
Ost (raspa)

Salsa
1 chili
15 små cherrytomater
En bunt frisk koriander
Salt & Pepper (grovt kverna)
1 lime
Olivenolje

Guaccamole
2 avocado
1 lime
1 chili, uten frø
Frisk koriander, finhakka

Hvordan:

Kutt opp paprika, og kylling i lange, tynne strimler. Kutt rødløken i to, og skjær tynne skiver. Ha alt dette i ein bolle. Ha oppi paprikakrydder og spisskummen + salt & pepper. Kutt ein lime i to, press ut all juice i bollen. Ha i god olivenolje, ca 1,5ss.. Bland godt og la det står og marinere i 10min.

Varm opp ei panne med litt olivenolje. Bruk ei tang og få opp alle kyllingstrimlene først og steik dei på begge sider , når dei har fått litt farge så har du oppi resten i bollen av paprika og rødløk. Vend på det ofte så ingenting svir seg. Har du grillpanne er det perfekt, men det går heilt fint med vanlig steikepanne også. La det stå og putre ei lita stund.

Imens kyllingen marineres kan du lage salsa i ein liten skål:
Finhakk chilien (ta ut frøa), tomatene og koriander(stilkene også).
Ha i salt og pepper, og saften til en lime.

Guaccamole:
Mos avocadoen med ein gaffel i ein bolle, hugs å kjøp spisemoden avocado ellers kan det bli vanskelig å mose den, og heller ikkje like god smak. Når det er grovt mosa, så har du i saften fra ein lime. Ha i finhakka chili uten frø , og et par never med grovt hakka koriander. (Ei plante med koriander skal holde til denne og salsaen!) Ha gjerne i litt pepper. Om du ikkje har frisk koriander så kan du bruke finmalt krydder av koriander.

Vi har funnet ut at vi syns guaccamolen er SÅ mykje bedre når vi dropper kvitløk, rødløk og tomat. Men om du liker det best så må du jo bare gjøre det så klart.

Eg lager ofte større porsjoner, at eg har 2 paprika og 2 løk, og 4 kyllingfileter.. og så tar eg restene av alt og setter det i kjøleskapet. Har ein anna middag neste dag, men så blir det restene fra denne middagen igjen 2 dager etter – eg er så glad i dette!!

Hugs å ta fram kesam, og rasp ost i ei skål. Kanskje du vil ha litt nacho chips til også ;)

ENJOY!

2015-02-20 18.04.38

autograf

Instagram Interiør Konkurranse

InstaLately & Winner!

8. mai 2015

11189621_675177719253638_1490331206_n11176312_1628264310722580_516211257_n11240395_638465296254872_2050568900_n11176174_786197791495262_1560651547_n11244646_1579038295686960_182972759_n

Her er nokre få nye bilder fra instamgramkontoen min :) 

Eg er SÅ forelska i koppene mine fra House of Rym, eg veit eg eg har nevnt det fleire ganger – men det var lykke no når eg kjøpte meg kopp & tefat nr 2 i denne serien. Er så happy. Det er så søtt og morsomt service!!

——————————————–

Vinneren av Glossybox eeeer *fanfare* ..SOFIE!!
(det var mamma som valgte eit nr denne gangen:)

Gratulerer så masse, eg har sendt deg ein e-post.
Til dåke andre, det kjem ein ny give away i løpe av veka. Stay tuned!!

autograf

InstagramFavoritter Interiør

Instagram Favoritter – del 2

7. mai 2015

odl5    odl2
@onlydecolove

Katarina er arkitekt & fotograf, og bur i Norge. (men er ikkje norsk)
Ho har også ein blogg, link finner du på profilen hennes. Ho tar heilt fantastiske bilder, elsker galleriet hennes!!

hanastyle2    hanastyle4
@_hana_style_

Hanna har ein utruleg fin heim, og ho deler lekre bilder fra huset sitt. Ho er freelance interiørstylist, så om du treng hjelp til huset er ho dama å hyre inn! Ho er utruleg koselig, og ho har eit stort hjerte. Før jul i fjor så ordna ho og ei til som heiter @mrslilli at eg og Øyvind fikk to sager -gratis- fordi ho syns på meg/oss som hadde brukt så mykje penger på behandling og ikkje hadde råd til å fortsette oppussinga. Det var så utruleg rørende, eg kjenner jo ikkje nokon av dei – så det var bare ein fantastisk overaskelse!! Det kjem veldig godt med når vi skal fortsette, det er myykje arbeid igjen her i kåken.

mad1    mad5
@madel1e

Ho tar så vakre, reine bilder. Eg elsker stilen hennes, og dei klare og fine bilda.
Alt er bare så lyst og fint – eg drømmer meg heilt vekk i bildene hennes!!

aneh5    aneh7
@ane_h_

Det er så koselig å følge Ane, alle bilda er så herlige og avslappa. Alt i fra interiør, til mat og søte lille Jeppe.
Ho har bare så god stemning i alle bilda, og det inspirerer meg sånn!!

m5    m2
@mittlillehjerte

Nydelig bildegalleri med dei lekreste interiørbilda!!
Ho bur i Norge, men ho har også eit flott sommerhus i Spania som vi også får se innimellom. Farlig å titte innom her, så mykje ein får lyst på!!

——————————————————

Denne gangen valgte eg instagramprofiler med interiør som du sikkert skjønte ;) Alle disse over gir meg så masse inspirasjon, kjempe flinke damer!!!

Forrige gang så anbefalte eg fem favoritter innenfor mote. Eg skal anbefale fem favoritter ein gang i måneden tenkte eg – kjekt å framsnakke andre, og det er jo så mange flinke der ute! :)

autograf

Dagens Antrekk Ferie

One More Outfit

6. mai 2015

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kjole, Bik Bok  //  Sandaler, ShoeDay  // Veske, Michael Kors  //

Eg hadde visst litt fleire antrekksbilder igjen fra turen!!

Disse blei knipsa då vi var i den vakre havnebyen Puerto Mogan!! Hadde eg visst det var så vakkert der så hadde eg nok tatt på meg noko anna, vi skulle bare på eit marked – så dene kjolen var comfy og perfekt til ein dag i sola. Men eg skulle gjerne dratt tilbake og tatt fleire antrekksbilder der ved dei vakre blomsterveggene og koselige gatene!!

Eg kjenner at eg har SÅ lyst til å reise meir!! Men no er det operasjon SPARING på gang. Kill me now!!
Det er ingen hemmelighet at eg er elendig på det, men no nærmer det seg meir og meir til bryllupet. Ringene er bestilt, og no er det «bare» å spare til hotellfeiringa ;)

autograf

Shopping, inspirasjon ++

NUDE

5. mai 2015

P4308233P4308228P4308231
Sko, ShoeDay.

Kupp!!
Eg fant disse i ei korg på ShoeDay, betalte kun 49,-  for dette skjønne paret. Elsker nude, det er så fint til solbrun hud – og denne fargen passer jo til alt. Så behagelige på også, gleder meg til det blir så varmt at eg kan bruke dei!! Det blei med meg heim eit par til fra shoeday, viser det ein anna dag.

+ et tredje par (herlighet) fra ein anna butikk som også er nude som dei over men med hæler, og som er perfekt til bryllupsdagen min – enkle og fine! ♥

Sånn går det når eg går på shopping med mamma, hihi, tre par sko på ein dag. Vi koser oss masse når vi går i butikker, vi er ganske like der og vi klarer alltid å argumentere for kor viktig og bra kjøp alt er før vi kjøper det ;)

autograf

Dagens Antrekk MånedsOppsummering

April Outfits

4. mai 2015
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det var min april!!

Det er jamen lenge sida eg har hatt så mange antrekk på ein måned – men det var perfekt å dra på tur med ein gjeng bloggere. Alle er flink til å ta bilder og vandt til det – og ingen blir flau eller brydd uansett kor massse ein knipser med mobil og kamera – perfekt, hihi..

Har du ein favoritt? :)

autograf