All Posts By

Regine

Shopping, inspirasjon ++

Clover Necklace

17. oktober 2014

_61A1872_61A1870_61A1880_61A1877
Voluspa, Crisp Champagne  //  Smykke, Secrets By B – Kan kjøpes HER  //  Leppestift, Chanel  //

Eg har veldig få lange smykker, men dette  -måtte-  eg bare ha!
Det blir perfekt til ei basic t-skjorte og jeans, utenpå ein kvit bluse og eit skinnskjørt.. eller til ein einsfarga kjole:)

Eg er så glad i gull, og det var bare så lekkert  – eg spår at dette blir ein favoritt i høst! ♥

autograf

Interiør Shopping, inspirasjon ++

PILLOWS!!

6. oktober 2014

pillowspillowspillows

 

1. Pute, Bloomingville  //   2. Pute, H&M  //   3. Pute, NordiskeHjem  //   4. Pute, Hay  //   5. Paljettpute, H&M  //   6. Pute, H&M  //

Det er så fint å pynte med puter i sofa og stoler, elsker det!!

Men eg er ikkje så glad i å ha puter i ryggen eller på fanget.. og har dei kun til pynt , hehe..

autograf

Interiør Shopping, inspirasjon ++

Interiør Inspirasjon

2. oktober 2014

2014-09-14 10.27.51

Eg elsker å lese magasiner. Hjertet gjør alltid eit lite hopp når eg ser at det ligger eit splittert nytt magasin i sammen med rekninger og reklame i postkassa. Det er så herlig å sette seg ned i sofaen under pleddet med ein kopp te, eller eit glass rødvin, tente lys og det nye bladet i fanget. Det er deilig med pause fra tv og mobil, og bare sitte i sin egen verden og bli fylt med inspirasjon enten det er mote, matoppskrifter eller interiør.

Eg abbonerer på fleire blad, og det er så kjekt å få dei rett heim i postkassa! Egentlig så har vi ikkje råd til så mykje sånt, men det blir fort til at ein kjøper seg eit blad her og eit blad der likevel, og eg fant ut at det var meir økonomisk og abbonere på det i stedet!

Eg tar ofte fram igjen gamle magasiner og kikker, eller eg har ein liten stabel til pynt. På gjesterommet har eg ei kurv med forskjellige blad så gjestene har lesestoff om dei ikkje skulle få sove ;)

No abbonerer eg på Elle decoration, Stylemag og Stella. Eg har vært så glad i interiørbladet Elle Decoration, men eg såg på instagram for nokre dager siden at dei desverre gir ut den aller siste utgava i november – og at det legges ned :(

Så no må eg finne eit nytt interiørblad eg kan abbonere på. Har du ein favoritt du vil tipse meg om?
Her er dei eg vurderer:

kkliving  bonytt

boligpluss  rom123

Alle disse bladene kan du få kjøpt hos Bladkongen – eg syns det er så kjekt at det ofte følger med ein gave, så det spørs om det avgjør for kva blad eg velger, hihi..

Kva blad leser du fast, eventuelt abbonerer du på noko? :)

autograf

Interiør Shopping, inspirasjon ++

Beautiful Things

30. september 2014

2014-09-22 11.42.14
Kurv, Muuto  //  Tøfler, Oysho (kjøpt i Lisboa)

Eg fikk denne fine kurva til bursdagen av veninnene mine Eldrid og Renate  – lykke!! Den har stått lenge på ønskelista! :)

2014-09-25 09.55.24
Kjøkkenhånduk, Bloomingville  //  Lysestake, Normann Copenhagen  //  Servietter, Ferm Living  //  Fyrstikkeske, Hay  //

Heerlig gave som eg fikk av mine veninner Ingrid  & Borghild – thanks girls ;)

2014-09-05 10.25.17
Ikkje lister her endå, men pytt pytt!!
Eg elsker oliventreet og puta (kid)!! og ikkje minst det fineste pleddet fra Bloomingville.

2014-09-27 10.43.20
Ny lykt fra bloomingville og lekkert lys fra nettbutikken FrøkenRosa.

Det blir mindre og mindre poster med mote – eg har for all del ikkje mista interressen, men eg er nesten bare inne. Eg er så dårlig for tida og det blir lite antrekk rett og slett, eg bare går rundt i pysjen eller morgenkåpe i min egen boble..

Tusen takk for alle mine trofaste følgere, setter sånn pris på alle ord dåke legger igjen!! Fin tirsdag til alle sammen :)

autograf

Interiør Shopping, inspirasjon ++

i wish

24. september 2014

iwish

 

Stol, Hay  //  Salt og Pepper Bøsse, Menu  //  Lysestake, Kubus  //  Fat, Hay  //  Poster, Sealoe  //  Pute, H&M  //

Dagens ønsker innen interiør!! Det er bare SÅ masse fint for tida! Eg liker at interiør og større ting er i kvitt/grått/svart  – men så liker eg å tilføre litt farger med småting, og fks. blomster :)

Noko du likte??

autograf

DIY Shopping, inspirasjon ++

MARBLE

23. september 2014

2014-09-23 13.48.23
Acer Ultrabook //  Kopp, Kähler  //

Eg har pimpa opp min laptop med kontaktplast med marmormønster – og er kjempe fornøyd med resultatet!! Den var rett og slett litt slitt, spesielt på innsida – så eg tok det inni også!! :)

Eg kjøpte ein rull med kontaktplast på Panduro, den er i nettbutikken deira HER – men er utsolgt for øyeblikket, skal visst komme inn igjen i løpet av veka. Eg hadde ikkje tolmodighet til å vente, så eg kjøpte i butikken!!

Såå happy sjølv om det blei litt sånn småpirk her og der som ikkje er perfekt.. gøy med eit nytt utsjånad på pcen!

autograf

Fest, Bryllup, Bursdag ++

TGIF!!

19. september 2014

image

God helg alle sammen!!

Øyvind overaska meg med at vi skulle til Bergen i helga!! Så i kveld blir det forsinka bursdagsfeiring for meg med venner og god mat. Gleeder meg!! :)

autograf

Mat / Oppskrift.

UkesMeny

18. september 2014

2014-08-28 16.40.53

Mandag: Kyllingsalat.

Her er kyllingen krydra med maldonsalt og kverna pepper, og stekt i smør og olivenolje.

Kva du har i salaten kan du bestemme sjølv, eller sjå kva du har i kjøleskapet. I denne salaten har eg fullkornspasta, paprika, tomat, krutonger, pinjekjerer, fetaost, agurk, crispy salat, rødløk og sukkererter.

Det som er fint med denne retten er at du kan lage ei ekstra stor skål og ha restene til kvelds, eller frokost/lunsj neste dag :)

2014-07-07 15.11.55

Tirsdag: Thaisuppe.
Vi er kjempe glad i denne retten og lager den ofte! Inspirert av Trines Matblogg, så masse gode oppskrifter der inne – men eg gjør alltid litt endringer, som fks. alltid meir av grønnsaker og spesielt kvitløk/ingefær/chili då eg syns det er svært lite ho bruker i sine oppskrifter. Eg liker ikkje kjempe sterk mat, men eg vil jo at det skal smake litt!

Du trenger:
3-4 kyllingfileter, i strimler
God olivenolje
3 sjalottløk, i tynne ringer
6 kvitløksfedd, finhakka
1 rød paprika, i strimler
2 gullerøtter, i tynne staver
1ss revet frisk ingefær
6ts. thai red curry (eller etter smak)
4dl kokosmelk (kan erstattes med matfløte)
2,5dl hønsefond (eventuelt kyllingkraft/buljong)
1ts sukrin (evntuelt sukker)
1ts fishsauce
1,5 ts thai soyasaus (går heilt fint med vanlig soyasaus også.)
1 neve med aspargesbønner, delt i to
Frisk koriander eller thaibasilikum, grovt hakka
Jasminris (kan bruke nudler også)

Kutt opp alle ingrediense som nevnt over, slik at det meste er klart før du setter i gang.

Steik kyllingen i olivenolje (eller ei anna olje), og legg til side. Den treng ikkje være gjennomstekt siden den skal i suppa etterpå, men eg liker å ha litt steikeskorpe på dei!

Fres sjalottløk, paprika og gulrøtter, og etter kvert kvitløken i olje – til løken er blank og mjuk. Legg grønnsakene til side.

Ha 2-3 ts olje i gryta og tilsett currypastaen. La det frese i ca 30 sekunder, og tilsett deretter revet ingefær, kokosmelk og kyllingkraft. Tilsett også grønnsakene og gi det heile eit oppkok. Smak til med sukker, fishsauce og soyasaus, og la suppa putre på middels varme i ca.10 min.

Tilsett aspargesbønnene og kyllingbitene mot slutten av koketida, og la dei trekke i ca 3-4min, til dei er gjennomkokt.

Gi retten eit dryss med grovt hakka koriander eller thaibasilikum rett før servering. Server med jasminris eller nudler.
Enjoy!!

P.S. Eg legger risen i bunnen på skåla og så har eg suppa over og med masse koriander på toppen.

2014-02-14 20.05.20

Onsdag: Chilikylling med chorizo, tomater og rotgrønnsaker.
Trines Matblogg skal ha all ære for ei fantastisk oppskrift!! Den er SÅ god og vi har nok laga den ca. 30 ganger!! :)

Eg har meir grønnsaker oppi, og meir kvitløksfedd og chilipasta. Denne gangen hadde eg ikkje friske urter men det blei godt likevel med litt tørka timian! :)

Oppskrift HER.

2014-07-31 15.13.59

Torsdag: Ovnsbakt laks med mango-og avokadosalat.

Eg bruker laksefileter uten skinn fra Rema1000. Ta dei opp så dei ikkje er frosne, krydderet setter seg bedre i laksen om dei har tina!
Eg har på maldonsalt og kverna svart pepper og ein liten dash med god olivenolje over. Steik i 10-12 min i ovnen på 200%.

Kok ris til. Eg bruker porsjonsris, jasminris. Det er klart at det er sunnere med grov ris/villris.. men eg er ikkje glad i det og liker kun denne, så det får gå. Eg bruker faktisk bare å koke ein sånn pose til meg og Øyvind, vi prøver å kutte litt ned på karbohydrater og spise meir av kjøtt/fisk og grønnsaker.

Limekesam:
Mager kesam (ca. halv boks til to stykk.)
Rasp skall fra ein halv lime i kesamen, og skvis litt limesaft i den.
Pittelitt maldosalt og kverna svart pepper.
Rør godt, og sett kaldt i kjøleskapet til maten er klar.

Mango-og avokadosalat:
2 mango i biter.
1/2 rødløk, finhakka
1 avocado i biter
en neve eller to med ruccola
1 chili, finhakka
Skvis litt limesaft oppi
Litt maldonsalt og kverna svart pepper

Dette er ein utrulig god lakserett – elsker den kesamen med lime til!! Enjoy!

2014-06-09 16.51.08

Fredag: Hamburger!
Hamburger på grillen er jo bare best – men det funker så klart på panna også om du ikkje har grill. Eg ønsker meg ei grillpanne slik at eg kan ha den grillfølelsen året rundt!!

Eg har desverre ikkje oppskrift på hverken brød eller burger på  bildet då det er Øyvind som har laga den. Eg spurte, men han hugser jo ikkje så klart, han bruker aldri oppskrifter og bare har oppi alt mulig godt. Det gjør eg og, men det finnes jo mange oppskrifter på nettet så bare finn ein på fks.matprat eller rema1000. Dei har som regel ganske gode grunnoppskrifter, og så kan du spice dei litt opp om du ønsker :)

Hamburger: karbonadedeig, 1 egg, masse finhakka kvitløk, chili, litt rødløk, maldonsalt og kverna svart pepper + andre spennende krydder som fks. spisskummen og koriander.

I brøda har han bytta ut fint mjøl med fullkornshvetemel og litt sammalt hvete.

Tilbehør: Salat, dressing, agurk, tomat, rødløk, ost på burgeren, guaccamole.

Ekstra godt er å lage løkringer til, eller ovnsbakte poteter – men det er klart at då blir det mykje meir kalorier også!

Løkringer:
2-3 store løk
Olje til fritering

Røre:
2,5dl fullkornshvetemel
2ts salt
1,5 ts bakepulver
1 egggeplomme
1,5 dl melk
1ss olje
1 eggehvite

Framgansmåte:
Rens løken og skjær den i skiver, ca 0,5cm tjukke. Separer ringene kver for seg. Ha ringene i ein bolle med kaldt vann, og la det stå i 30min. Rist av vannet og legg dei på eit kjøkkenpapir.

Pisk eggeplomma og rør inn melk og olje. Bland med mel, bakepulver og salt. Vendt så inn den stivpiska eggekviten.

Varm opp oljen. Dypp ringene i deigen, steik i olje til dei er gylne på begge sider. La renne av på kjøkkenpapir.

2014-05-03 19.41.18

Lørdag: Tapas

Eg elsker tapas! Det er så digg når ein kan ha masse på ein gang og ikkje bare må bestemme seg for ein rett. Ein treng ikkje å være kjempe mange for å lage tapas, eg lager slikt ofte når eg er aleine også. Du kan lage akkurat det du har lyst på av forskjellige småretter og sette det i sammen til ein herlig kombinasjon av gode smaker.

2014-07-28 17.39.44

Søndag: Tagliatelle med deilig saus og kjøttboller.

Øyvind elsker pasta, og innimellom står han på kjøkkenet og lager masse porsjoner med pastasaus og kjøttboler som han fryser ned. Det er så smart og det tar plutselig ikkje så lang tid å få heimelaga pastasaus og kjøttboller til middagen!!

Vi kjøper tagliatelle, tørr – som er i ei pappeske som vi kjøper på Rema1000. Hugser ikkje navnet. Denne skal kun kokes i ca  6min. Den er kjempegod. I tillegg er det alltid ekstra godt med masse frisk basilikum, men det går jo fint uten også. Prikken over i`en er å raspe litt parmesan over retten før servering – så godt!!

Pastasaus ala Øyvind:
Han lager alltid store porsjoner, men det han har i sausen er:
Mutti hakka tomater på boks (Disse er best!! Fås kjøpt på fks. Rema1000), finhakka charlottløk, masse finhakka kvitløksfedd, finhakka gullerot, finhakka frisk basilikum, tørka basilikum og oregano, og vær raus med god olivenolje! (Vi bruker «Primo» fra Rema1000, litt dyr, men vi har prøvd så mange oljer og har kommet fram til at vi liker denne best på smak i både dressing, bakst og middagsretter!) maldonsalt og kverna svart pepper.

Fres løken først i olje til den er blank og mjuk, ha i resten av ingrediensene og la det stå i eit par timer og småkoke. Smak til med meir urter/krydder.

Kjøttboller:
Han er ikkje lett å få oppskrift fra, eg skjønner eg må stå og notere ved siden av neste gang, haha..

Forholda om kor mykje av ingrediensene veit eg ikkje, men her er det eg har oppi når eg lager det:
1pk Karbonadedeig, 1 egg, masse finhakka kvitløk, maldonsalt + masse kverna svart pepper – og ta ellers oppi det du har lyst på som fks. litt raspa parmesan eller andre spennende krydder.

——————————–

Bedre seint enn aldri! Endelig kom denne posten med litt oppskrifter som har vært etterspurt.

Håper du fikk litt inspirasjon til kva du kan lage til middag :)

autograf

Interiør Shopping, inspirasjon ++

Coffee Table

15. september 2014

2014-09-14 10.27.51
Bord, department // Gulv, Byggmakker  //

Eg fikk dette lekre stuebordet til bursdagsgave av Øyvind!♥  Er det ikkje fint?
Eg er SÅ fornøyd!!

Det er lite, og lavt – men akkurat det eg ville ha. Vi har hatt eit stort firkanta kvitt bord så lenge, og eg var så lei av det – så det var kjekt med litt forandring!!

Eg tok bilde av det på kjøkkengulvet pga. at gulvet i stua er heselig, hehe.. Gleder meg sånn til vi har råd til å pusse opp stua ein vakker dag. Der er det kirsebærparkett, noko eg syns er kjempe stygt! Vi ønsker å ha samme gulv som på kjøkkenet, det blir så fint når den tid kjem!!

I mellomtida nyter eg ihvertfall det nye bordet! :)

autograf

Sjukdom

Lange dager..

11. september 2014

2014-09-11 14.00.34
Mobilbilde fra instagram: @regineforsund  –  litt kornete då det var dårlig lys..

Dagene er lange.
Eg er veldig lite ute av huset.
Stort sett så har eg ikkje henta posten ein gang når Ø kjem heim i 5tida fra jobb..

Eg sysler litt i huset med lett husarbeid.. og når eg klarer så lager eg middag, eg elsker å lage mat. Bortsett fra det så gjør eg ingenting. Eg sitter/ligger i senga og sofaen stort sett heile dagen.

Eg har så lyst å bli frisk. Eg har så lyst å jobbe. Eg har så lyst å ha det travelt. Men eg blir jo sliten bare av å høre på alt det folk gjør, og eg skjønner bare ikkje korleis dei klarer det!! Øyvind prøver alltid å forklare meg at det er fordi dei er friske, og at eg er veldig sjuk.. og det går opp for meg at han har rett.

Eg hadde ei grusom natt i natt.. så intense smerter i kroppen at eg hulkgråt. Det var mykje styr med smertestillende, varmeflasker, massasje++ Klokka blei over 05 før eg roa meg i dagtidleg. Stakkars Ø som måtte på jobb etter denne urolige natta. Han har sendt fleire meldinger, og han er så god. Eg ser sånn opp til han. Han er så sterk, og så stødig – og han klager aldri. Han gjør alt han kan for å gjøre dagene mine bedre – og eg er så takknemlig og heldig som har han!! ♥

Ser fram til eit varmt bad når han kjem heim i dag – det er så godt for alle smertene. Eg bør egentlig ikkje bade når eg er aleine heime, har besvimt før og ligget med hodet under vann alt for lenge..  så eg må være litt forsiktig.

Her er det laks på menyen i dag – eg skal komme tilbake med bilder, ukesmeny og oppskrifter på søndag eller mandag!

Ha ein fin torsdag alle sammen:)

autograf