All Posts By

Regine

Trening

Fresh Start!

8. september 2014

2014-09-08 12.18.09

Det er mandag, og det er SKJERPINGS!
Det har blitt alt for mykje tulle(trøste)mat når Øyvind har vært vekke..

Eg bakte haugevis med boller og har jo spist alt for mange dei siste dagene, dei var veldig gode, haha.. eg klarer ikkje å stoppe når eg først er i gang!! Det har blitt brus, pizza og alt for mykje brødmat. Eg meker at eg ikkje tåler brødmat så godt lenger og bør holde meg unna det, til og med grovbrød.. og eg som er så glad i brød!! Hulk!!

Er heldigvis veldig glad i smoothie, og trass i at eg drikker denne grønne smootien nesten kver dag – så er eg ikkje lei den endå. I dag lagde eg eit lite glass og spiste litt yoghurt og bær til.

Det er ikkje lett å trene så mykje for meg pga. helsa  – men idag klarte eg å sykle i 20min (ok, då, 19 og 1/2 min) på ergometersykkelen som eg har lånt av mamma. Eg har satt den i stua, akkuratt sånn som pensjonister gjør, haha.. Det ser jo ikkje så fint ut, men er veldig praktisk og ein irriterende påminner om at eg bør sykle og ikkje sitt på ræva og spise..

Bakdelen med at eg klarte å sykle i så mange minutt (dette er ei lang økt for meg pga. sjukdommen) er jo at eg no har intense smerter, blør kraftig (beklager for at eg er så åpen , men det er sannheten.. mensen x 10 ), er kvalm og elendig. Og alle plager er forsterka no etter litt aktivitet. Eg sykla bare rolig og drakk masse vann.. men kroppen spiller jo ikkje heilt på lag med meg. Det er det som er med borrelia, det er såå mange forskjellige plager heile tida – eg trur ikkje folk skjønner kva det går ut på. Det er så mykje meir enn å «bare» være konstant totalt utslitt, smerter og muskelplager.. det er så mange plager rundt i heile kroppen pga. at borreliabakterien lurer seg inn og lager helvete over alt!  :((

Eg er egentlig alt for dårlig til å trene.. men så var det det sjølvbildet då. Eg skreiv om det HER, og for at eg skal bli meir fornøyd med meg sjølv og slippe å hate kroppen min sånn, så må eg gjøre noko. Det er ein tricky situasjon, men eg må bare prøve så godt eg kan. Som eg har sagt/skrive før så kan eg ikkje bare lytte til kroppen min, hadde eg gjort det så hadde eg ikkje stått opp morningen, spist, dusja eller nokonting.. for eg har null energi å ta av , og så masse smerter og ubehag heile tida..

Sjølv om sykkelen står her så har eg vel sykla på den 5-6 ganger på nokre måneder. Håper at eg kan få til eit par ganger i veka, det er målet.. på 10-20 min. Viktig å ikkje sett for høge mål. Kanskje eg etterkvert orker litt styrketrening også. Eg er jo medlem i Spenst, og håper at eg snart kan orke å ta turen ned å trene der etter kvert.. kanskje til våren!

Ellers er det kostholdet eg fokuserer mest på. Trening er ikkje så lett, men kostholdet kan eg jo gjøre noko med. Har jo vært flink – men når ein stort sett sitter/ligger heile dagen, kver dag.. så skal det ikkje mykje til for å legge på seg. Alderen har vel noko å sei også.. merker at det legger seg fortere på magen no enn før. Blæ. Det er mage og sideflesket som er eit problem hos meg, skal eg ta på meg ein inntilsittende kjole så ser eg faktisk gravid ut, og det er litt kjipt..

Eg lager alltid vekesmeny om kva vi skal ha til middag.. og handler inn for ei veke om gangen. Skal sette meg ned og lage den no. Kanskje eg deler den seinere og tar bilder av kver middag her med oppskrift, høres det interessant ut? :) 

autograf

Fest, Bryllup, Bursdag ++

Birthday Girl

2. september 2014

_61A1210

I dag fylte eg 30 år!!
Eg har egentlig grua meg litt til at eg ikkje hadde noko 2-tall foran alderen min lenger, hehe..  Men no føles det egentlig bare heilt riktig. Ikkje at eg har noko valg akkurat, men det er ikkje så skummelt som eg trudde ;)

Øyvind er jo desverre ikkje her, men det er godt å vite at han storkoser seg i studio!! Eg og mamma har feira med god mat og litt shopping – så dagen min har vært veldig bra!! No ligger vi strak ut på sofaen og slapper av :)

Godnattklem til alle mine fine følgere!♥

autograf

Instagram Interiør

p-e-r-f-e-c-t

1. september 2014

2014-08-31 20.06.58

Eg eeelsker badekaret vårt – og det er så herlig å synke nedi her når eg har ein dårlig dag. I går kveld tente eg alle lysa, hadde med meg eit glass rødvin og jordbær. PERFEKT ;)

Det skal seies at eg hadde ein skikkelig drittdag i går med masse anfall, og intense smerter i kroppen fra morgen til kveld. Eg tar smertestillende 4-5 ganger om dagen kver dag no, det tar vekk litt av det.. men bare ca 1/5 av smertene. Eit glovarmt bad hjelper faktisk meir enn piller, det tar smertene – men så fort eg stiger ut av karet så er alt der igjen. Godt med ein liten pause ihvertfall! På toppen av alt er savnet etter Øyvind veldig stort, eg hater å sove aleine!! Er veldig husredd av meg. Eg teller ned dagene, og no er det 7 netter igjen!!

Eg har bare sittet i sofaen i heile dag.. i dag er det hodet og kvalmen som er verst. MEN, no skal eg ta meg litt i sammen og prøve å bake brød – mamma kjem ikveld, så då må vi ha noko ferskt og godt til kvelds!

God mandagskveld til alle sammen:)

autograf

Shopping, inspirasjon ++

i wish

27. august 2014

birthdaywishes

Hotelefoner, Frends  //  Crisp Champagne Duftlys, Voluspa  //  Boots, AA Copenhagen  //  Skjerf, Acne  //  Armband, H&M  //  Ansiktsmaske, Emma S  //

birthdaywishes2

Lysestake/vase, Kähler  //  Pute, Hay  //  Bord, Department  //  Gryte, Le Creuset  //  Te (Fransk Karamell), Nicolas Vahe  //  Lysestake, Ferm Living  //  Majones & Pesto, Nicolas Vahe  //

Eg fyller 30 år (ik!) den 2.september..  Ikkje mange dagene igjen no!!  ;)

Øyvind blir bortreist mange dager både før og etter dagen min – men heldigvis får eg besøk av mamma så eg slepper å være aleine! Så får vi heller feire når han kjem heim igjen. Han skal i eit studio og spille inn plate med bandet sitt.

Eg har jo nettopp lagt om kostholdet og komt ganske godt i gang, typisk at eg då skal ha bursdag med ein gang.. men eg må prøve å beherske meg og ikkje havne på sukkerkjøret igjen ;)

Det er så klart lov å kose seg litt, om ein klarer det då. Eg kan ikkje ta meg eit glass cola, eller ein sjokolade og være fornøyd. Det er som å kaste bensin på bålet, eg må bare ha meir og meir og meir om eg først smaker det.. så istedet for å bake ei stor kake, så skal eg heller kjøpe nokre kakestykker til osss, hehe. Og heller fokusere mest på deilig middagsmat!! Men eg vil jo bruke min nye kjøkkenmaskin, så då tenkte eg at eg kunne bake kanelsnurrer, det er jo så godt – og ikkje det verste ein kan få i seg ;)

autograf

Shopping, inspirasjon ++

H A P P Y

26. august 2014

2014-08-26 10.23.12

HURRA!
Eg (vi, hihi) har fått Kitchen Aid! Kjøkkenmaskina som eg har drømt om i åresvis!!

Tusen, tusen takk til min kjære mamma og to eldste søsken Maria og Erlend ♥♥

Den var jo egentlig kjøpt som bryllupsgave – og siden dei hadde kjøpt den på forhand så fikk vi den no. Når den tid kjem at eg er frisk nok til å gjennomføre bryllup og fest så kan eg sette den fram igjen på gavebordet ;)

Gleeeder meg til å lage masse deilig mat i den!

Eg har vært innom så mange farger før eg til slutt havna på kvit då eg skulle ønske meg denne – det er ein farge eg aldri vil bli lei og som passer godt inn i kjøkkenet mitt!! ELSKER den ;)

Nytt kjøkkehåndkle fra Arne Jacobsen, som er i samme merke som koppen. Koppen er så stilig, men om sant skal seiast så er den så og sei ubrukelig om du skal drikke fks. te av den, den blir glovarm!! Ein må jo ha votter om ein skal klare å drikke av den, men eg sitter og småbrenner meg og drikker på trass fordi eg liker koppen.. Ville bare advare om nokon skulle få lyst å kjøpe seg ein slik kopp. Den kan jo brukes til andre ting også som å ha ei lita plante oppi, eller sugerør eller bare til pynt ;)

autograf

Dagens Antrekk Shopping, inspirasjon ++

Today, I wanna wear this!

25. august 2014

casualoutift

 

Genser, HER  //  Jeans, HER  //  Veske, HER //

Dette kunne eg tenkt meg å gått med i dag!
Avslappa, comfy og lekkert med hæler til – og ikkje minst den stilige veska fra Malene Birger!♥♥

Veska er litt for dyr desverre – men har klikka heim dette i dag! ;)

autograf

Ferie Mat / Oppskrift.

Chocolataria

14. august 2014

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mmm-m!!
I`m in heaven!

Chocolataria Equador ligger vegg i vegg til hotellet vårt. SÅ masse deilig sjokolade, konfekt og makroner der inne!! Måtte bare handle der i dag! Sitter på senga no og koser meg med makronene og ein boks cola. Kjøpte makroner med sjokolade, pistasje, sitron og karmell. Ellers kjøpte eg ein mørk sjokolade med mint, mørk sjokolade med karamell og lys sjokolade. Mums!♥♥

Vi koser oss sånn på ferie her i Lisboa!! Formen min er desverre ikkje så bra, men vi gjør det beste ut av det :)
No har eg kvilt ei stund – så då skal eg fikse meg – og så skal vi dra på det nest største akvariet i verden!

Fin dag til alle sammen!

autograf

Instagram Shopping, inspirasjon ++

BLACK

9. august 2014

10597494_617552448343600_213648786_n
Veske, Michael Kors – min kjære kjøpte den HER  // Sko, H&M  //

Elsker Michael Kors veska mi!! Den rommer så masse og er perfekt til shopping, reise++

Ballerinaskoa kjøpte eg på h&m i fjor og har blitt brukt masse masse, søte og comfy!! Hortensiaen er faktisk fra hagen, bare pakka den litt inn så det blei ekstra fint på bildet, hihi.. ♥♥

autograf

Diverse Instagram Interiør

Fredagskos!

8. august 2014

10598344_268374616687160_1013742823_n
Fjøl, HkLiving (vakrerom.no) // Telysglass, TineK  //  Eggeglass, HouseDoctor (vakrerom) //  Kopp/fat, Kremmerhuset //

Makroner står alltid på lista når eg er innom Oslo!! Makronene til Sebastien Bruno på Eger Karl Johan er bare dei BESTE eg får!! Anbefales om du ikkje har prøvd dei før.. såå ferske og mjuke, mmm-m!! ;)

Vi var på Øya på onsdag, og det var knallbra!! Det var den dagen vi var mest interessert i , fikk sett Queens of the stone age, Rival sons, Spidergawd++  Vi lå ei natt på hotell, og tok ein deilig lunsj neste dag før vi kjørte heim igjen.

Øyvind har spillejobb i mårra i Ålesund – så for dei som er der så må dåke få med dåke Drusar!!

I dag blir det tacofredag og film!! Fin kveld til alle sammen :)

autograf

Shopping, inspirasjon ++

Hello, Marc!

2. august 2014

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA
Veske + Mobildeksel, Marc By Marc Jacobs

Ein gave til meg, fra meg. Eg trengte ei lita veske, og denne er perfekt! ♥

Ønsker alle ei fin helg!!

autograf