Foto: Peter Førsund
Denne fine kjolen kom i posten på fredag. Eg liker den veldig godt allerede, og skal gå masse med den framover. Så comfy og herlig i sommervarmen!!
Pssst, den er fra Gina Tricot.
Club sandwich er ein favoritt her i huset – det er så enkelt og godt!!
Denne gangen grilla Øyvind kyllingen og brødskivene på grillen – det blei ekstra godt ;)
Han liker best å ha sennep og ketchup inni, mens eg liker kremost (philadelphia) på innsidene av brødskiva. Det er bare å lage med det du synes er godt, og fylle den med masse digg!
Til dessert hadde eg laga frossen banan dyppa i mørk sjokolade. Kjempe godt, og så fort gjort å lage – loving it!!
Legg dei på eit fat i frysen til sjokoladen stivner (20-30min).. tiner raskt om den er for hard! Om du ikkje skal spise alle med ein gang så kan du pakke dei inn i matpapir med litt hyssing rundt, det gjorde eg. (eller legg dei i ein boks.) Den var like god neste dag, eg bare la den på eit fat og satte den i fra meg ei lita stund så den tina litt, og så var det bare å nyyte ;)
Bilder fra instagramkontoen min, @regineforsund
Øyvind er alltid så god med meg.. og veldig ofte når vi sitter og ser på tv så blir eg akutt sulten og har SÅ lyst på eit eller anna, men eg veit jo aldri kva eg vil ha – irriterende, hehe.. Så Ø fyrte opp litt kull på grillen og lagde deilig bruschetta!
Det var bare SÅ godt, og skal absolutt lages oftere! Etter at han tok skivene av grillen så gnidde han dei inn med kvitløksfedd, det setter ein god smak på skivene! Salsaen bestod av litt god olivenolje, cherrytomater, rødløk, kvitløk og frisk basilikum + salt & pepper. NAM!
—
Håper dåke fikk litt inspirasjon til kjøkkenet!!
Meg med, og uten sminke. Det er viktig for meg og understreke at bildet uten sminke ikkje er redigert i det heile tatt, noko lillebror blei imponert over då han veit kor vanskelig eg syns det er. På bildet med sminke så har eg på meg litt foundation, rouge i kinna, mascara på dei øvre vippene og lypsyl.
Eg fyller 30år om eit par måneder, men likevel så kjenner eg på presset om å heile tida skulle prøve å se så bra ut, og ikkje minst med å stadig prøve å se bedre og bedre ut.
Sjølv om eg veit at jenter eg ser på film, tv-reklame eller på bilder i eit magasin ofte er retusjert, har på seg mykje sminke, at dei har frisør, makeupartist, stylist og heile pakka som sørger for at dei skal se så bra ut- så er det nettopp dei eg sammenligner meg med når eg ser meg sjølv i speilet. Og det eg ser, det er eg ikkje fornøyd med.
Eg er ikkje i mot sminke. Men eg tenker at det er begynt å bli litt kokko når ein ikkje kan føle seg vel uten. Greier ikkje å slappe heilt av uten. Eg kan for eksempel ta meg sjølv i at eg har sminka meg i tilfelle nokon skulle ringe på døra. Litt farge i kinna, dekke til urenheter og mørke ringer under augene + litt gloss på leppene.. sjølv om eg er heilt aleine i huset. Bare i tilfelle. Etter at eg virkelig tenkte over dette for nokre veker siden, har eg ikkje sminka meg når eg er aleine.
For kva hadde skjedd om eg hadde åpna døra uten noko sminke? Sjansen er desverre stor for at eg hadde fått eit slikt spørsmål: «Å, er du skikkelig dårlig i dag?» Det er ofte det ein tenker når ein ser nokon uten sminke. At dei er sjuk, at dei er svært trøtt eller at dei er i dårlig humør. Eg har hørt det før når folk har sett meg uten sminke. «Ja, eg ser at du er veldig dårlig i dag» – og einaste forskjellen fra dagen før er at eg hadde sminke på meg då.
Eg går jo ofte uten sminke her heime. Eg er ofte veldig dårlig og har null energi til å ordne meg. Eg er likevel veldig obs på korleis eg ser ut til ei kver tid, og det plager meg. Eg syns ikkje at det er særlig kjekt å sitte i sofaen med fett hår, ingen sminke .. og så er det den eine perfekte dama etter den andre på tv-skjermen. Då snakker eg tynn og veltrent (men med kurver på dei riktige stedene så klart), lange augevipper og glansfult hår, ei kvit perlerad av tenner, glatt og nydelig hud, kjempefine klær og ei fantastisk personlighet på toppen av alt.. Eg veit det er mykje falskt, men eg suger det til meg- og eg tenker dårligere om meg sjølv. Og eg har fleire ganger tenkt at eg skulle ønske eg hadde sminke på meg og at eg ikkje satt der og såg heilt drit ut. Eg trur nemlig at eg ser drit ut når eg ikkje har sminke på meg, og at eg ser heilt ok ut når eg har sminka meg. Aldri fin. Det tenkjer eg aldri om meg sjølv.
Det handler også mykje om korleis ein har det inni seg. Det påvirker ihvertfall meg. Det er klart at når eg er så sjuk og møter så mykje motgang så blir eg deprimert. Det er tunge og lange dager som er prega av sjukdom. Når eg er deprimert så blir eg jo med ein gang meir negativ til alt, som fks. utseendet mitt. Eg tar med alt det negative om meg sjølv i det eg ser meg i speilet. Då tar eg med alt i fra at eg har tjukk mage, ettervekst, sprengte blodkar på beina, til at eg ikkje er i jobb med i vurderinga når eg bare ser ansiktet mitt i speilet. Alt det negative er med i vurderinga – og eg summerer med S T Y G G. Temmelig fucked up ja. Eg er ikkje heilt klok, hehe..
Eg skulle ønske at eg kunne sei at eg er fornøyd med meg sjølv, og at alle burde være glad i den kroppen dei har – men eg er ikkje det, og eg har dermed full forståelse for at andre tenker sånn også. Men det er virkelig målet mitt er å kunne like meg sjølv. Ikkje bare ansiktet, men heile kroppen.
Skal eg få til det, å like meg sjølv så veit eg kva eg må gjere. Eg må ta meir vare på kroppen min. Då tenker eg på eit bedre kosthold, og meir fysisk aktivitet. Det er ikkje alltid så enkelt når ein er sjuk, men det er det eg prøver på om dagene. Då meiner eg ikkje hardtrening eller sulting, men med ei fornuftig holdning til det. Eg meiner at ein skal være glad i kroppen sin, men det er ikkje å være glad i seg sjølv om ein eser ut og legger voldsomt på seg. Det er hverken bra for kropp eller sjel. Ein er jo utsatt for mykje meir sjukdom om ein er overvektig, og det er ikkje sunt – i likhet med at det ikkje er sunt å være opptatt av å skulle være for tynn eller overtrent. Alt med måte er vel stikkordet.
Eg veit kva som skal til for at eg føler meg bedre – og eg er i gang med å jobbe med dei småtinga som eg kan endre på som fks. magen min som eg er så missfornøyd med. Den kan bli bedre med trening. Andre ting eg jobber med er å godta korleis eg ser ut som fks. ansiktet mitt, og å lære å like det. Eg har oppfordra min kjære til å gi meg meir kompliment, fordi eg virkelig trenger det. Han seier jo at han syns eg er nydelig uten sminke, men han må bare fortsette å seie det til eg får det inn i knollen – eg har desverre store problem med å tru på det. I tillegg har eg/vi sett mindre og mindre på filmer eller ting som eg veit kan gjøre meg meir deprimert og missfornøyd med meg sjølv. Eg har åpna døra til postmannen, og det gjekk heilt fint, sjølv om eg tenkte på etterpå at han sikkert tenkte at ho var stygg. Eg jobber med det, og eg skal klare det – fordi eg trur det må være mykje lettere i kverdagen når ein faktisk liker seg sjølv.
Eg håper jo at når sjølvtilliten er bedre og eg har jobba med det ei stund – at eg til slutt kan sjå ei sexy dame og tenke at wow ho var fin, men det er eg og!
—————————————
Nydelig sang og video, med eit viktig budskap.
Om du ikkje har sett musikkvideoen så anbefaler eg den, lytt til teksten og se personene i filmen med og uten sminke. Den heiter Try, av Colbie Caillat.
«Wait a second,
Why, should you care, what they think of you
When you’re all alone, by yourself, do you like you?
Do you like you?
–
Take your make-up off
Let your hair down
Take a breath
Look into the mirror, at yourself
Don’t you like you?
Cause I like you «
♥
Eg fikk ein nydelig body av mi gode veninne, Eldrid. Ho har forresten ein blogg også, se her. Den handler om interiør, ho tar så stemningsfulle og herlige bilder – verdt å sjekke ut! Ho er forresten forloveren min ♥
Eg prøvde den i dag og den passa perfekt! Så nydelig ferskenrosa-farge, den blir fin og kombinere til shorts/skjørt i sommer!!
Eg må bare kjøpe meg ein shorts som passer først, haha, eg har nemlig lagt på meg såpass mykje siste året at alle sommerklærne mine er alt for trange.. Både kjoler, skjørt og shortser!! Eg som alltid har kunne tatt fram samme klær om og om igjen år etter år. Gjett kem som skal tilbake til diett og kutte ned tullemat! Eg er jo sunn innimellom, men samtidig som eg spiser frukt og bær så stapper eg i meg chips og drikker bøttevis med cola når kvalmen er intens.. som eg er så alt for ofte desverre :(
Eg har begynt på den der 30-day squat challenge som florerer på blogger og instagram for tida, hehe. Se bildet HER.
Dag 1 var ille nok med plutselig 30 knebøy.. i går blei det pause pga. at eg var alt for dårlig, men i dag klarte eg å gjennomføre dag 2 med 50 knebøy. Eg skal jo prøve å legge til litt meir som fks. sykle litt på ergometersykkelen som står midt i stua no som eg låner av mamma, og fks. ta litt situps og slikt! Ikkje så lett å trene når ein er så dårlig, men eg må jo prøve!!
Fin kveld til alle sammen:)
Dette var dagens frokost!
Ein deilig kald smoothie passa perfekt i dag når det er 30 grader i skyggen!!
Eg har kjøpt ei blanding i frysedisken(på rema1000) med mango, pasjonsfrukt, banan og annanas – så friskt og godt! Eg blanda det med litt sitron, eplejuice og melonyoghurt i dag. Eg liker å lage den litt tjukk så eg spiser med skei i starten, hadde oppi litt bringebær og blåbær i mens eg spiste.. og på slutten så drikker eg det med sugerør. Digg ;)
Om du har mykje til overs kan du sette eit glass i kjøleskapet til seinere(skiller seg litt, men er bare å røre i det!) , eller du kan fryse det ned i slike saftis-beger og nyte det i varmen!
Om formen tillater det så skal eg prøve lage ein herlig middag i dag til ære for min fantastisk mann ;)
I dag blir det indisk på menyen, ein gryterett med kylling og grønnsaker. Skal bake nanbrød til, lage raita og servere med ris. Det er så godt, og det er alt for lenge sida sist eg laga det!
——-
Takk for all omtanke, eg setter stor pris på det og eg blir så rørt av alle fine tilbakemeldinger eg får!! ♥♥ Eg må jo bare ha verdens beste lesere!!
Ønsker alle ein fin torsdag!
Kopp, Make // Fat, Mille Moi // Eggeglass, HouseDoctor (Vakrerom) // Skeier, House Doctor (Vakrerom)
Koppen med teksten «goddess» + ny pukka te fikk eg av to fine veninner, loving it!! Det søte fatet er fra mi kjære søster♥♥ Eggeglassa og skeiene fikk eg av skjønne Yvonne som driver nettbutikken vakrerom!! :)
Det er så kjekt med noko nytt. Fine ting gjør meg så glad!
Fineste posteren fra MsHay!! Må bare skaffe meg ramme snart ;)
Negerboller er så kjapt og godt, navnet er jo ikkje så fint – men det er d i g g ! Oppskrift HER!
Fjøl → vakrerom!! (Hkliving er merket)
Favoritter – armbandet fikk eg til jul av Øyvind, det er fra SuMisura ♦
Viktig å kose seg med god mat!! Her har vi grilla svinefilet, og laga deilig potetsalat – digg ;)
Oppskrift, HER.
Denne retten har eg laga tre ganger siste måneden – SÅ godt!!
Du finner oppskrifta HER ;)
Fineste fjøla fra Vakrerom – og eggeglass som brukes til blomster fra housedoctor (også fra vakrerom) – lys og lysglass fra tinek + voluspa!!
Makroner fra min kjære – ELSKER makroner! ♥♥ + armband fra sumisura og min favorittkopp, Kuhn Keramik! ;)
Fortsatt dilla på smoothie, så friskt og godt på varme dager – eller på dager der matlysten er dårlig!!
Elsker frukt – spesielt melon!! ;)
Lekre, nye armband fra SuMisura!! Deilig med fine smykker i friske farger til solbrun hud ;)
Øyvind sin heimelaga pizza er bare den beste pizzaen eg får!! Denne steikte han på grillen på pizzastein! Mums!!
Alle bildene er fra instagramkontoen min! Følg meg @regineforsund :)
Eg har hatt det beste utdrikningslaget i helga!! TUSEN TAKK til alle mine fantastiske gode veninner og kjære søster!! Eg er så rørt og takknemlig for at eg har så mange gode mennesker rundt meg ♥♥
Dagen begynte med piknik i botaniske hage i Bergen. Dei hadde pynta så fint som dåke ser på bilda – og all maten var fersk, lekker og så nyydelig god!! Storkosa oss i fleire timer med deilig mat, god drikke og så fikk eg så mange fine gaver med søte historier til!! Alt var så lekkert ned til kver minste detalj med alt eg elsker!! Søstra mi hadde laga ein liten blomsterkrans av litt blomster ho fant i parken som eg fikk på meg når eg kom :)
Forloveren min hadde hatt med seg det gigantiske kakefatet og mange andre ting heilt fra Stranda(9timer med buss t Bergen), og alle gjorde alt for at det skulle bli bra – og det blei heilt P E R F E K T ! ♥
Seinere skifta vi klær og pynta oss og dro på Escalon, tapasrestaurant. Maten var sjukt god, midt i blinken for meg – og herlig inspirasjon til matlaging heime, kjempe kjekt å prøve masse nytt!! :)
Koooser meg med masse frukt , bær og smoothie om dagen!! Det er snopet mitt, og smoothie har som sagt erstatta kvelds/frokost hos meg. Det er lettere å få i seg når eg er kvalm eller har dårlig matlyst. Så friskt og godt!
I kveld var deriot ikkje kvalme problemet, men eit enormt SØTsug. Så då måtte eg fram med nutellaen, og det var kjempe godt – no er eg mett og fornøyd ;)
For meir inspirasjon til middag, smoothie, snacks og slikt så må du ta turen innom instagramprofilen min – det blir mykje matbilder der siden eg er så glad i mat, hehe.. @regineforund :)