All Posts By

Regine

Shopping, inspirasjon ++

Todays Details

5. juni 2014

_61A0539_61A0535

Dagens fine detaljer er smykke fra Secerts By B,  og forlovelsesringen min sjølvsagt, den er alltid på ♥♥

Annonse

autograf

Mat / Oppskrift.

Grønn Smoothie

3. juni 2014

2014-05-24 11.22.29
Denne smoothien er både god og sunn, eg har den ofte til frokost/kvelds!

Oppskrift:
1 avocado
1 dl spinat
1ss hasselnøtter
3ts revet ingefær
litt sitronsaft (kan sløyfes, men gjør det litt friskere!)
2dl eplejuice (eller juice nokre epler sjølv i ein juicemaskin!)
6 isbiter

Vask spinaten, og fjern dei tjukkeste stilkene. Skjær avocadoen i biter. Ha eplejuice i blenderen først, deretter avocado, spinat, ingefær, hasselnøtter og isbiter. Kjør blandingen til du får ein glatt konsistens. Tilsett litt kaldt vatn eller meir eplejuice om den er for tjukk. Enjoy!!

Eg måler som regel ikkje opp, men hiver bare oppi til det blir bra! I dag laga eg så masse at eg satte eit glass i kjøleskapet, ser at den er like fin og grønn – skal drikke den til kvelds :)

2014-05-24 11.39.47-1

autograf

Shopping, inspirasjon ++

Horseshoe

2. juni 2014

_61A0554

Nydelig smykke fra Secrets By B.

Du finner det her ♥

_61A0455

Annonse

autograf

Shopping, inspirasjon ++

Braided Statement

28. mai 2014

_61A0441_61A0446_61A0443
Smykke, Secrets By B

Lekkert statementstykke fra Secrets By B – med gråe perler. Som alle veit så er eg veldig glad i fargen grå, men også gull.. så dette var perfekt fargekombinasjon for meg!! Du kjøpe det her.

Eg vil style smykket til ein einsfarga, grå (surprise!) t-skjorte , og hullete jeans.. det er så fint å kombinere eit flott statementsmykke til eit kverdagslig og røft antrekk. Gleder meg til å ta det i bruk!! :)

Annonse

autograf

Blomster Dagens Antrekk

..and pink roses

26. mai 2014

_61A0503_61A0492_61A0486_61A0494_61A0513_61A0516
Smykke, Secrets By B  //  Topp, H&M  //  Bukse, FiveUnits (Marcel)  //  Sko, Chanel (fake)

Gårsdagens antrekk i den nye favorittbuksa mi, så comfy og fin!! Toppen krympa pittelitt i vask, haha, men den er jo såå fin likevel – eg er blitt så glad i fargen lyseblå.. så behagelig og fin farge ♥♥

Bildene er tatt av flinke lillebror, Peter Førsund – thanks bro!!
Eg elsker blomster, og då er det er jo naturlig å ha det med på bilda – eg blir SÅ glad av å ha vakre blomster rundt meg!!

autograf

Shopping, inspirasjon ++

Secrets By B

25. mai 2014

_61A0489_61A0457
Smykke, Secrets By B 

Eg er så heldig som har fått nydelige smykker fra Secrets By B – her er det eine.
enkelt, og elegant – elsker det!! Du kan finne det her 

Secrets By B er grunnlagt, designa og handlaga av Benedikte Bruknapp. Om du ikkje har sett på smykkene hennes før, så anbefaler eg å ta turen inn på den fine nettbutikken hennes som ligger på miinto , her !!

Fleire bilder av antrekket kjem i mårra!! :)

Annonse

autograf

Mat / Oppskrift. Trening

I’m not Dieting..

21. mai 2014

2014-05-21 12.53.272014-05-21 12.20.51

 

I’m changing my

 

Lifestyle ♥

 

Det er så mange som spørr om eg er på ein spesiell diett. Eg var det då eg gjekk på ein hard antibiotikabehandling. Vi fikk opp augene for kor mykje søppel vi fikk i oss av alle ferdigvarer, junkfood, snop ++
Øyvind har alltid vært sunn og obs på slikt, men eg har ikkje vært heilt med på det – og eg har alltid misslikt folk som er så sunne og som skal snakke om kor mykje sukker det er i ditt og datt..  men plutselig så er eg ein slik person sjølv, haha.. ironisk :D

Det er heilt sjukt kor mykje sukker, salt, estoff, tilsetningsstoff og tull det er i ting ein kjøper på butikken. Vi har siste åra laga all mat fra grunnen av. Det er ingen posesupper eller ferdigvarer her lenger. Før syns eg at dollypizza var nydelig godt, og sist eg prøvde det blei eg svært skuffa.. eg liker det ikkje lenger. Maten vi lager fra bunnen av er hundre ganger bedre, og vi veit alt vi får i oss som er ein god følelse. Vi er jo veldig glad i å lage mat og koser oss på kjøkkenet!! Vi bruker masse spennende krydder, dyrker urter sjølv og drømmer om eit lite drivhus i hagen så vi kan dyrke meir..

Dei dagene eg er skikkelig sjuk og kvalmen står i halsen eller at eg kaster opp; så er det desverre kun cola og lakris som gjelder.. men det får bare gå. Eg er ikkje heilt panisk, men prøver jo for det meste å ta gode valg i kostholdet mitt. Tenker at eg skal få kose meg litt ekstra på fredager og lørdager, greit å ha noko å sjå fram til :)

Om eg bare kunne blitt litt bedre så ville eg trena, men akkurat no så er det ei utfordring å gjøre dagligdagse ting som å vaske håret, rydde ut av oppvaskmaskina og slike ting..  men så fort eg klarer, så vil eg gå litt turer igjen og ta små treningsøkter. Eg er så motivert, men har ikkje eit fnugg av energi desverre. Gleder meg til eg kan være litt meir aktiv igjen, håper på ein god periode snart!!

P.S. Smoothien på bildet laga eg til lunsj i dag, liker den meir fast enn rennende og spiser den med skei. Masse frosne blåbær, jordbær, litt sitron, vaniljeyoghurt og så la eg den lagvis i eit glass med smoothie, havregryn, yoghurt + litt friske bær på toppen:)

autograf

Kjærleik Sjukdom

I miss you

15. mai 2014

P5255756

Du var ein liten engel som kom til oss, det er akkurat 1 år sida i dag. Du var så liten og skjønn, og det var så fantastisk å holde deg for første gang. Vi hadde snakka om deg, og venta på deg så lenge lille gull ♥

P5255753

425296_10151674837760350_1667389242_n

Eg er så glad i Maria, ho er ikkje bare søstra mi, men mi aller beste veninne. Det blir så sterkt når det er hennes jente, for vi er så nære og det føltes nesten ut som at ho var litt mi også.

2013-08-09 18.06.19

Det er fantastisk at du fikk Maria som mor Lilja, ho er den beste mora du kunne fått – og det finnes ikkje ein bedre heim du kunne komt til. Du hadde foreldre som elska deg så høgt, og søsken som var så stolte og glade i deg. Du blei så spesiell for oss alle sammen!!

2013-07-27 15.40.45

Du spiste så godt etter kvert, du vokste og la på deg og fikk runde, gode kinn. Akkurat som Maria hadde då ho var liten!

2013-08-25 19.21.37

Her satt eg i sofaen og passa på deg, fulgte med på pusten din, og beundra deg. Du var så nydelig, og god.

2013-08-03 12.31.19
Dette var siste gangen eg holdt deg når hjertet ditt fremdeles slo. Eg holdt deg òg etter at det hadde stått stille ei stund. Du var fremdeles like nydelig, og god å ha i armene.

DSC_5718

Det var brutalt, men samtidig så vakkert i begravelsen. Det var heilt uvirkelig med den lille kista, og eg sliter fortsatt med å forstå det. Det var så godt at alt var så nydelig laga til, og vi snakka og mimra om deg Lilja.

DSC_5982

Søskena Noa og Rosa ved grava. Vi tok ikkje farvel, men vi sa heller at vi sees igjen lille venn, i himmelen. Men vi vil savne deg så sårt, og vi vil tenke på deg kver dag  – til vi sees igjen.

Tenker sånn på dåke i dag Maria og Tommy, er så glad i dåke! ..og sjølv om det er ei spinkel trøst så hadde ho det fantastisk godt hos dåke i den tida ho hadde. Det er ikkje alle som takler slikt like godt, og det er jo forståelig –  men istedet for å bruke opp dyrebar tid på fortvilelse eller sorg – så brukte dåke all tida på kjærlighet og glede   (Ho blei nesten fire måneder. )

Maria har ein blogg med fleire bilder om du vil se, her.

autograf

Dagens Antrekk

Add to wardrobe

12. mai 2014

2014-05-04 18.14.362014-05-02 15.21.572014-05-11 12.23.53
Boyfriendjeans, 5units (kjøpt på Marcel i Førde)  //  Sokker + topp, H&M  //

Instagrambilder -og nye plagg til garderoben! Eg hadde nokre gavekort som eg brukte, alltid kjekt med gavekort ;)

Her er tre av plagga eg kjøpte.. blei også med ein topp til, en sommerkjole og eit skjørt. Eg skal vise det seinere – forhåpentligvis i eit antrekksbilde! Fin mandag til alle sammen!! ♥

autograf

Interiør Shopping, inspirasjon ++

LOVE

4. mai 2014

P5036950

Tusen, tusen takk fine og snille Tina – du overaska meg sånn i går då eg plutselig fikk pakke i posten! To flotte plakater, ein søt lapp og deilige drops!! Eg skal ta bilde av den andre plakaten ein anna dag – eg må bare få tak i ei ramme først!! Og då kan eg ta bilde av kor plakatene skal plasseres i huset :)

P5036957

Nydelig plakat i vakre farger fra mshay – du finner den her!

P5036961

Det er så rørende å få ein pakke i posten fra nokon eg ikkje kjenner , det er så mange fantastiske mennesker der ute – og Tina er ein av dei. Eg setter stor pris på det, og eg elsker jo slike plakater – så det var midt i blinken for meg!! ♥♥

Annonse

autograf