Bildene er fra instagramprofilen min @regineforsund – Tusen takk til alle som har vist omtanke og kjærleik dei siste dagane – dåke e så gode! Eg e heime igjen fra sjukehuset, ligger strak ut og e temmelig redusert – men det e hundre ganger bedre enn å ligge på firemannsrom på sjukehuset uten at eg skal komme inn på detaljene :P
Livet er jammen tøft for tida. Alle har det tøft innimellom, og det går jo alltid greit om ein bare kjem seg videre og har bedre perioder også. Det er det som er det verste, den tøffe perioden bare varer og varer og varer. Det tærer sånn på meg, og eg føler at Regine sakte men sikkert forsvinner meir og meir. Eg har alltid vært irritabel (hehe), men no er eg kronisk irritabel! Eg blir lei meg når eg hører meg sjølv være så alt for utålmodig og kjeftete med dei rundt meg. Før gråt eg aldri, felte ikkje ei tåre då eg såg Titanic ein gang.. men no har eg følelsen av at eg gråter heile tida. Enten fordi eg er lei og frustrert, fordi eg har så store smerter, fordi eg blir lei meg fordi eg gråter for masse (!), fordi eg er totalt utslitt, eller i ein situasjon der eg bare ikkje veit grunnen.. og tenker at det er summen av alt som gjør til at eg gråter. Før var eg flink til å pynte/ kle meg, og eg var tilfreds med meg sjølv. Siste året har sjølvtilliten min vært i bånn, og speilbildet mitt har blitt min verste fiende. Alt eg ser er ei sliten, stygg jente som ikkje får til nokonting her i livet. Før hadde eg så mange drømmer om både utdanning, jobb, reisemål, unger, ja livet generelt.. no har eg ingen. Eg vil gifte meg med Øyvind, og der stopper det.
I can’t tell if it’s killing me, or it’s making me stronger.
Det er tøft for forholdet vårt at eg er kronisk sjuk – det er ikkje bare bare for nokon av oss. Eg tenker ofte på at han fortjener bedre. Eg skulle ønske eg var frisk, at eg var i jobb (og kunne bidra meir økonomisk), at eg hadde energi til å finne på masse kjekt, og lista bare fortsetter.. Men han er her med meg, og eg må bare få inn i hodet at han ikkje har tenkt seg nokon plass, då hadde han nok stukket av for lengst! Han er heilt unik, og eg er verdens heldigste jente som har han! ♥
Bryllaupsplanene har bare stoppa opp. Eg har to kjoler som er ankommet, eg har ikkje orka å prøvd dei endå – kanskje i mårra. Dei ser ihvertfall veldig fine ut!! Invitasjonene er her, men eg har ikkje sendt dei ut fordi vi er litt usikker på om vi vil dette likevel. Eller vil er feil, ordet er vel heller kan. Kan vi ta oss råd til dette når eg er så sjuk og egentlig heller trenger behandling.. eg tenker jo at det er ingen garanti for at eg blir frisk med behandling heller, og det å gifte seg har jo alltid vært drømmen min. MEN så blir eg jo verre og verre. Så dei neste dagene blir det grundig tenking på om ting skal avbestilles og planene omgjøres.. STRESS!
Sola skinner og det er nydelig vær. Eg håper at eg orker å sette meg ut om bare i fem minutt ein dag – men då må eg bli litt bedre først. No orker eg så vidt å være i stua, best med mørkt kaldt soverom. Ønsker alle mine fine lesere ein nydelig dag enten du har sol eller regn :)
PS. Håper det blir ein post i helga med bilder av fine ting som har kommet i posten!! Vil jo helst at bloggen skal handle om mote, interiør, mat og koselige ting!!