All Posts By

Regine

Instagram Interiør Mat / Oppskrift.

Instalately!

21. mars 2014

insta1
Vakker hortensia fra mamma!! ♥  //  Deilige jordbær med kvit sjokolade, og bobler ;)

insta3
Knekkebrød med avocado, tomater og krydder – deilig og sunt!  //  Nybakte tebriks ein lørdags morning! 

insta6
Det er jo fint med snø, men no vil eg ha vår!! //  Deilig kakao med marshmallows!! Elsker servietter med morsom tekst, disse er fra nille.

insta11
Nydelige tulipaner fra mamma på ein fredag! :)   //  Kakao, og bolle fra frysen på en mandag.. woops. 

insta5
Glimt fra stue og kjøkken..

insta2
Pasta med pesto & kylling med masse kvitløk & chili, digg!! //  Kokkelering og kos med min kjære på kjøkkenet, her var det biff, sprøstekte poteter og paprikasaus på menyen. 

insta4
Ah, eit kveldsbad er den perfekte avslutninga på dagen!! //  Har begynt og kikke på gavelister + min favoritt neglelakk fra Dior.

insta10
Eg hadde ein koselig tur til Bergen der eg traff jentene mine, og prøvde brudekjole på Belle Amie! 

insta8
Frokost & Lunsj! 

insta9

Hihi, det blir mykje kakao m/marshmallows, det er jo så godt!! //  Nydelige roser ♥

insta7

Ferskpressa juice med appelsin, epler, ingefær, gullerot og sitron, mums!  //  Enkel lunsj med osteskiver som har kosa seg i ovnen!

————

Bildedryss fra instagramprofilen min fra dei siste to vekene.. @regineforsund
Tuusen takk til alle som følger meg både her, og der! 

Fin fredag til alle sammen!!

autograf

Dagens Antrekk Shopping, inspirasjon ++

Casual wednesday!

12. mars 2014

dagensantrekkInstagrambilde fra profilen min @regineforsund

I dag har eg på meg dette – begge er fra Bik Bok. Eg har vært så flink så lenge og holdt meg unna shopping! Alle kleda mine er så utvaska og slitt, så det var deilig med noko nytt til garderoben. Kjøpte også eit par singleter (pssst.. 2 for 99 på bikbok) + ein genser og ei skjorte.  Hurra!

autograf

Shopping, inspirasjon ++

Shoe Talk

9. mars 2014

Brudesko-1

 

1  // 2  // 3
Brudesko-2

 

1 // 2  // 3  // 4

brudesko8

 

1 // 2 // 3

 

Hei!
I dag har eg sittet i timesvis og surfet på brudesko. Det er jo så masse fint! ♥♥

Nummer 2 på første bildet er ein stor favoritt – men det er desverre alt for dyrt for mi lommebok!! Nr 1 og 3 på samme bildet er jo såå søte og vurderes sterkt! Alle på dei to nederste bilda er også med i vurderinga. Det er så irriterende at eg liker så masse forskjellig. Eg elsker både søte, romantiske, glitrende, stilreine og klassiske sko.. eg må bare finne ut av kva eg skal gå for den dagen! Trur kanskje det blir ein av dei i rosa eller sølv!

..eller kanskje ikkje! ;)

Kanskje det ikkje blir nokon av dei på bilda, men eg har veldig lyst på lyserosa sandaler/pumps. Eg må bare finne det perfekte paret først, kom gjerne med tips!

autograf

Sjukdom

So tired.

4. mars 2014

tumblr_ls3y010Ljo1qzkw3jo1_500_largeSo tired.

Planen var og lage ein post med herlig inspirasjon til bryllup. Men her sitter eg med klump i halsen og blanke auger.. Eg vil ikkje klage så mykje – men dei siste dagene har vært veldig tunge. Altså, med tanke på sjukdommen. Formen min var ok kun i nokre timer på lørdag, det går alltid fort over desverre, det er så få gode dager (timer) i forhold til dårlige dager. Eg skreiv ein post her om at eg er verre. Det er hardt når eg har alle disse plagene heile tida, det sliter meg heilt ut både fysisk og psykisk. No teller eg ned timene til Øyvind kjem heim fra jobb, i dag trenger eg litt ekstra trøst. (i dag og.. ) Han får meg dessuten alltid i godt humør også ;)

Eg håper at det kjem ein kjekkere post neste gang!! Fin tirsdag til alle sammen!

autograf

Shopping, inspirasjon ++

Protect yourself with Marc..

28. februar 2014

P2286739

P2286734

P2286736

«The form fitting construction helps keep your baby look its best, sleek, stylish and oh-so-scratch-free. The Marc by Marc Jacobs custom styling shows the world you know how to let loose, even when you play it safe!»

My new ipad case, so cute!!
Eg har både ekte og falske ting fra Marc By Marc Jacobs.. eg har lommebok, pc-etui og telefondeksler som er ekte, og eg var tenkt og kjøpe denne i ekte utgave på shopbop, men så blei dei utsolgt og eg blei så glad då eg fant den på ebay. Ipaden min har vært uten etui alt for lenge, så mykje bedre og holde på den no med gummideksel, og så er den jo så skjønn! ;)

autograf

Shopping, inspirasjon ++

SleepWear

24. februar 2014

sweetdreams
Kimono, H&M (199k)  //  Topp + Shorts, Wonderland (249kr)  //  Rosa pysj, Forever21 (168kr)  //  Pyjamas, H&M (299kr)  //  Topp + Shorts, Forever21 (108kr)  //  Pysjamasshortser, H&M ( 149kr)

Koseklær og nattøy er ein viktig del av min kvardag!

Det blir mykje av denne type klede då eg er sjuk, og heime kver dag..  Eg orker ikkje kle meg i jeans og slikt når eg bare skal daffe rundt her. Alt handler om at det må være komfortabelt, og fint så klart, det er jo viktig sjølv om det ikkje er så mange som ser meg i desse kleda ;)

Eg fikk lyst på alle dei over her, så søte og dei såg så comfy og digg ut også!! Nokon du likte?  :)

autograf

Instagram Interiør Mat / Oppskrift.

Instalately!

20. februar 2014

kos1
Det er viktig og kose seg ;)

jordbær3
Eg har fått heilt dilla på jordbær med sjokolade! Det er SÅ godt ♥♥

Her har eg dyppa dei i både mørk og kvit sjokolade. Eg prøvde også lys kokesjokolade i helga, det var også kjempe godt. Vask jordbæra og la dei tørke på kjøkkenpapir. Smelt sjokoladen over vannbad, dypp jordbæra oppi og legg dei på bakepapir på eit fat og ha det i kjøleskapet i nokre timer. Dei er best når sjokoladen har stivna, og når dei er kalde!

bad4
Detaljer fra badet vårt.. eg elsker stearinlys og blomster!! ;)

mat11
Pasta med heimelaga tomatsaus og spicy kylling, Øyvind som lagde deilig kvelds til oss ein dag. Og på bildet nummer to er det tapas for to. Heimelaga foccacia, aioli, kjøttboller og tomatsaus + saltbakte poteter og salat. Synder med litt cola i helgene ;)

Det er ingen hemmelighet at vi elsker å lage mat , og vi lager alt fra grunnen av. Det gjør vi av tre grunner:
1. Det er sunnere, og vi får kontroll på kva som er i maten.
2. Det er gøy, vi elsker å lage mat!
3. Det er SÅ mykje bedre ;)

stue3

Vi har brukt alle pengene vi har på meg og behandling.. så stua er og forbli den samme. Gleder meg til vi får pussa opp resten av kåken, spesielt stue og gang!! Prøver og gjøre det beste ut av det.. her velger eg og ikkje ta med den kjipe parketten som er rødbrun.. og den stygge store vedovnen fra 80tallet som vi skal bytte ut, hihi..  ;)

mat7

Eg liker veldig godt og bake, men det er sjeldnere og sjeldnere at eg er i form til det. I går klarte eg og lage ostehorn, oppskrifta har eg lagt ut på bloggen før, se HER. Kjempegodt, og enkelt! :)
(I går laga eg med 1/3 med grovt mjøl og resten med fint mjøl.. bare bruk det mjølet du har lyst til!)

kitchen

Eg elsker blomster, disse fine ranunklene fikk eg av Øyvind♥

healthy

Det er jammen ikkje blitt så mykje trening som eg hadde håpa på. Eg har som eg skreiv blitt verre, og målet mitt med to ganger i veka har eg ikkje klart. Eg har klart ein gang i veka, så det er bedre enn ingenting. Har ikkje komt meg på spenst, men trena på stuegulvet.. satser på at formen snart blir bedre så eg kan komme meg i meir aktivitet!

details
Fine detaljer..

mat9

Endå meir mat ;)
Øyvind lager utruleg god pizza, han er så flink på kjøkkenet!! Han kjøpte ein billig pizzastein på clas ohlson forrige helg (Se her!) og pizzabunnen blei så sprø og god, genialt! Ellers er indisk kyllingsuppe ein favoritt som vi har ofte, sunt og godt! Oppskrifta er fra trines matblogg, her!

autograf

Dagens Antrekk

Wool Coat

10. februar 2014

_61A7374_61A7342_61A7319_61A7301_61A7314_61A7353_61A7311
Jakke, SheInside  (sponset) //  Caps, H&M  //  Genser, Gina Tricot  //  Bukse, Zara  //  Sko, Roots (dna)  //  Smykke, Su Misura  //  Armband  med stjerne fra Su Misura  //  Armband, Secrets By B (vakrerom.no)  //

Lykke!
Eg har fått ei ny jakke i posten fra SheInside. Aaand I’m loving it!
Den er skikkelig varm og deilig, og den er så lys og fin!! Den kan kjøpes HER, og den er faktisk på salg no!! Eg har den i størrelse small, litt stor i størrelsen.

Capsen er ein favoritt fra h&m, den gir det lille ekstra til antrekket. (+ at den er perfekt å ha på seg i regn og vind!) Eg elsker smykkene mine fra Su Misura som pynter opp, og det søte armbandet fra SecretsByB. Veska mi fra Michael Kors er mitt smykke på armen, og eg er så fornøyd med den veska!! ♥♥

Vi har hatt ei fin helg heime hos mamma og lillebror.  Kosa oss med god mat, avslapping og morsdagsfeiring!

Dette er den eine dagen på to veker at eg faktisk har hatt på meg eit antrekk (som ikkje er pysj eller joggis), og lillebror var så snill som gadd og knipse nokre bilder av det sjølv om det var OL og greier. Thanks bro!! :)

Seinere samme kveld(lørdag) besvimte eg fleire ganger heime.. og fortsatte med det i går då vi var tilbake i Førde.. og i natt har eg hatt ei grusom natt med migreneanfall. Eg er sjukt sliten!

Tusen hjertelig takk for alle fine kommentarer på forrige post – det varmer. Dåke er så gode! ♥

autograf

Sjukdom

Ett skritt fram, og to tilbake.

7. februar 2014

large (1)

Eg er verre.

Dei siste to vekene har bare snegla seg langsomt av gårde. Det var kun på bursdagen til Øyvind i forrige veke  at eg sminka og kledde meg, og klarte og lage ein god middag, ellers har eg ikkje gjort nokonting.  Eg har kun forflytta meg fra seng til sofa om morningen, og fra sofa til seng på kvelden.

På dårlige dager som i dag så står bøtta ved siden av meg i sofaen, eg har så veldige smerter at eg kaster opp. Tårene triller innimellom fordi eg er så sliten og lei, og så prøver eg og ikkje gråte fordi eg veit at eg får endå meir vondt i hodet av det. Eg er bare så fryktelig sliten.

Behandlinga går desverre ikkje bra her heime, det er vanskelig og få til – så eg tar kun tabletter no, og det er desverre ikkje godt nok. Eg merker at den lille gode virkningen eg fikk av intravenøs behandlinga er vekke. Eg veit at behandlinga i Tyskland er bra for meg, men vi har ikkje råd til og fortsette – og Øyvind må være til stede på jobben sin framover. Vi brukte 110 000kr bare i desember, så det seier seg sjølv at vi ikkje har råd til dette i lengda. Det er ikkje behandinga som koster mest, men bo og mat, i tillegg til faste utgifter heime. Det er veldig leit, men eg er så sliten – og eg orker ikkje meir. Så då er det full stopp for ei stund.

Det er så lange dager.
Dagene begynner med at eg våkner og føler meg heilt utslitt, med tung og murrende hodepine, verk i muskler og ledd og intens kvalme. I det siste har eg vært endå meir trøtt, og ekstra tappa for energi . Eg står alltid opp uansett kor dårlig eg er og forflytter meg til sofaen om ikkje anna.  Nokre dagar klarer eg dette heilt fint sjølv, andre dagar som i dag så treng eg hjelp av min kjære til og komme meg ut av senga, bli støtta opp på badet. Han hjelper med og kle på meg, og få meg opp i stua, i sofaen. Han lager det eg vil ha, og duller så fint med meg. Han ringer meg fra jobb eller sender meldinger for og høre at det går greit, eller kjem oppom med noko godt til meg og ser til at eg får i meg mat. Når han kjem heim fra jobb lager han deilig middag til oss, og får meg til og le. Han er fantastisk!! ♥

I går klarte eg endelig og dusje, og det føltes ut som ei hard treningsøkt. Ein får ikkje mykje inntrykk av det på instagram, eg tar bilde av deilig mat, eller ein kopp te som Øyvind lager til meg. Eg tar bilde av kjøkkenet i det eg halter forbi, og skriver på bildet at det er fint lys og sol i dag.. når folk skriver at eg må nyte sola, så takker eg – men sannheten er at eg skal legge meg på sofaen igjen. For meg er det på ein måte likegyldig kva vær det er, men om det er sol så er det fint lys og ta bilde i, og når det blir varmere så kan eg i det minte sette meg ut i sola. Det gleder eg meg til!

Blogger og instagram gir meg mykje glede og inspirasjon. Eg kan drøyme meg vekk å gløyme den elendige starten på dagen med fine bilder – så eg vil at dei små glimta du ser fra meg skal være fine og inspirerende, sjølv om det ikkje alltid er sannheten.
God mat er noko eg setter stor pris på. Dei dagene eg er i form bruker eg den lille energien eg har på å lage mat. Det er på ein måte dagens hødepunkt. Spise ein god middag og kose seg litt. Eg unner meg også ofte blomster. Det er bare noko med ein bukett med tulipaner eller roser som gjør meg så glad! Uansett, heller bilde av ein deilig matrett, vakre blomster og interiør – enn spybøtte, fett hår, og kjipe ting :P

Andre ting som får meg i godt humør om dagene er jo bryllupsplanlegging. Det er herlig og ha noko og sjå fram til! Eg koser meg med surfing på nettet.. ser på bilder på weheartit og pinterest i timesvis!! Kva skulle eg gjort uten internett?!

Eg skulle ønske eg hadde gode nyheter og kunne skrive ein skikkelig gladpost – men når det kjem til helsa så er eg bare verre. Det er heller ikkje store sjanser for forbedring med det første då det er stopp med intravenøs behandling. Den gode nyheten er at eg veit kva som hjelper og at eg veit kva eg går til, men at eg trenger lenger behandling  og litt bedre planlegging neste gang!

autograf

Interiør Shopping, inspirasjon ++

Thankful!

29. januar 2014

P1296719P1296727P1266704P1266714P1296721P1266707
Stearinlys, Blomme  //  Armband, Secrets By B   – Begge deler fra VakreRom.no

Eg blei så overaska, og så rørt då eg fikk ein pakke i posten fra skjønne Yvonne!!
Tusen, tusen takk snille du!!! ♥♥

Yvonne driver den fine interiør nettbutikken VakreRom. Det grå stearinlyset som ser ut som ein lysestake (i merket blomme), er såå fin – og den passer perfekt inn i kjøkkenet mitt!! Eg fikk også eit armband i merket Secrets By B, eit infinitysarmband – det var bare så lekkert!!! + ein mørk sjokolade som eg skal kose meg med, og eit herlig kort med personlig og fin tekst på der ho skriver at eg inspirerer, og at ho bare ville muntre meg litt opp. Tusen takk, du fikk meg i såå godt humør skal du vite!!

Eg følger ho på Instagram, der heiter ho @vakrerom – ho virker som ei så herlig og god jente!! Ho inspirerer med fine interiørbilder fra huset sitt og nettbutikken, fra familielivet og kverdagen – verdt og følge folkens! :)

autograf