All Posts By

Regine

MånedsOppsummering

2013 – Pt. 1

27. desember 2013

P1214467
Eg starta året med ombre hår, og røde skinnbukser!

P1214481

_61A9254
SÅ fornøyd med kåpa mi som eg fikk i februar fra SheInside! Den har eg jammen brukt masse!

1
..svart fra topp til tå!

P2054582
Denne genseren har vært ein favoritt både i fjor vinter og i år – den er fra gina tricot ♥♥

P2094623
Denim på denim måtte testes ut!

P3054834
..i mars kjøpte eg denne lekre skatten til meg sjølv, som eit minne for at eg endelig hadde fått ei diagnose: kronisk borrelia.

_61A0591
Lillebror var snill og tok masse antrekksbilder av meg i mars måned.

2
Eg forelska meg i disse skoa og fikk dei til halv pris på h&m. Kupp!

P1015125
Fuskpelsen var deilig i kulda!

_61A0549_61A0546
..men av og til må ein lide litt for skjønnheten (brr!) så ein får vist fram sine nye søte sko og blondetopp!

P3024762
Mars var ein god bloggmåned! Her sitter eg og koser meg med nybakte grove ostehorn, og oppdaterer bloggen!

3
Heime hos mamma i comfy klær!

_61A0728
Eg vant personlig trener på Spenst i 8 veker og fikk sponsa treningstøy – heilt supert!!! 

_61A0751

P1014982
..og laga sunt, sukkerfritt snop til påska!!

_61A1152
I april var eg heilt lys i håret igjen, som er min egentlige hårfarge! 

_61A1052
..nydelig topp som blei med meg heim fra butikken!

P1015196
..tilbragte ein del tid i senga på grunn av sjukdom – men som alltid så koser eg meg med god mat ;)) 

_61A1025
..fine detaljer!

P1015374
Kjøpte teppet eg hadde sikla etter  lenge, argumentet var at eg ligger jo så masse sjuk i sofaen og då trenger eg eit skikkelig deilig, og fint teppe. Er blitt så glad i det, og det var verdt kver krone! Det er fra bloomingville♥

————————————–

Det var litt glimt fra dei fire første månedene av 2013.

autograf

Fest, Bryllup, Bursdag ++

Merry Christmas

22. desember 2013

332984966168423480_OZpC78hX_c_large
tumblr_luzau8w82w1qc144qo1_500_large

68292_468062609911314_2056193405_n_large

large (4)largelarge332984966168405916_SmciOZY4_c_largelarge (30)large (3)tumblr_mbllhy6dft1rzc4fzo1_500_largelarge (36)large (32)large (25)zz2_largetumblr_me9rnh28q81rw4vnqo1_500_largelarge (27)tumblr_lubmp24hGy1qhhroto1_500_large

Vi er på plass heime hos mamma og har tatt skikkelig juleferie. Ho har pynta så fint, og det var så godt og komme heim og sjå alle sammen!!  Savner jo sjølvsagt nokre familiemedlemmer som broren min og familien, og pappa – men vi skal kose oss vi åtte som er her!! Eg gleder meg sånn til julemiddagen (les: pinnekjøtt) at eg nesten ikkje klarer å vente, hehe..

Det er jammen deilig at eg slipper og bli stukket i armen to ganger om dagen, ein blir jo ganske sår i blodårene etterkvert!! Eg tar ikkje heilt pause fra behandlinga, det ville jo vært veldig dumt når eg er så godt i gang – så eg har med meg mange tabletter som eg skal ta i juleferien, yay! Nei, men det er faktisk bedre med intravenøs då det ikkje er så hardt for magen og kroppen, men eg håper at eg skal tåle denne lille perioden med kun tabletter. Fingers crossed!

Eg vil ønske alle mine fine lesere ei kjempe fin og god julehøgtid!! ♥

autograf

Kjærleik Sjukdom

STATUS

17. desember 2013

_61A5411
Vi gleder oss til og komme heim!

Det er to dager igjen av oppholdet mitt her i Tyskland. Vi er så takknemlig for all økonomisk støtte vi har fått så langt, og at vi fikk muligheten til og dra hit og være her i ein måned. Som forventa så er ikkje ein måned nok for meg. Eg har vært sjuk så alt for lenge, og eg trenger lenger tid på og bli frisk.

Legen vi har hatt her er utruleg flink og har jobba med dette i over 20 år. Det er ein hard kur eg går på, men det trengs for og ta knekken på alt sammen. Ja, det er til tider litt skummelt med så mykje medisin – men eg stoler på han og eg hører om fleire som er blitt mykje bedre.

Det som er viktig å understreke er at eg ikkje kjemper for unødvendig lang antibiotikabehandling. Eg kjemper for at det skal utviklest gode nok tester (les: blodprøver), og behandlingsmetoder for borrelia og co infeksjoner som feks. babesia eller bartonella (som eg også har). At sjukdommen blir oppdaga, og behandla raskt. Tenk så mykje tid og penger samfunnet hadde spart, for ikkje og snakke om pasienten.

Det som er interessant er at sjølv om eg er verre i forhold til kvalme, smerter, migrene og alt i alt meir elendig – så har eg mindre anfall. Eg trudde at anfall/besvimelser var det siste symptomet som kom til å forsvinne, og eg er litt sjokkert over kor lite anfall eg har hatt her i Tyskland! La oss håpe at det ikkje bare er ein god periode, men at eg er på riktig vei mot ei bedre helse.

Eg håpa at vi slepper å reise tilbake etter jul. Vi satser på at vi får ordna ein sjukepleier heime som kan sette intravenøs på meg i januar. Vi hadde spart masse penger på og bu heime, og det er jo absolutt det beste for alle parter. No veit eg at eg tåler all medisinen eg går på, og eg veit kva den gjer med meg og eg er trygg på at det skal gå bra heime i Norge. Vi har jo legen som vi kan kontakte når som helst, om det skulle være noko.

Vi er så lei av og bu på hotell, lei av usunn restaurantmat og lei av og være så langt vekke fra heimen vår. Eg gleder meg til og sove i mi eiga seng, lage sunn og god mat, og slippe og farte fram og tilbake til ein klinikk fleire ganger om dagen for og få behandling. Eg savner familie og venner, og gleder meg veldig til og feire jul heime hos mamma.

Om vi får tak i sjukepleier så kan Øyvind jobbe som normalt igjen, som også er veldig viktig! Normalt og normalt, han hadde måttet være med meg  dei timene eg får intravenøs, for og passe på og hjelpe meg – men han får ihvertfall jobba meir. Eg er så takknemlig for kor fleksible dei har vært på arbeidsplassen hans, det har betydd så masse! ..og ikkje minst så er eg imponert over Øyvind som har klart og jobbe fra senga, klinikken, fra kafeer, ja fra over alt – i tillegg til og være med meg på kver einaste behandling, holde håret mitt når eg kaster opp, få meg i godt humør når alt er svart, fylle i badekaret midt på natta fordi eg har magesmerter eller massere tinningene og skuldrene mine halv seks på morningen når eg har migreneanfall, bare være med meg og ligge ved siden av meg når eg er på mitt dårligeste for og vise at han er der for meg, klare og sitte og jobbe på laptopen når alt lyset er av og gardinene igjen når eg er så lyssky at eg ikkje tåler eit glimt, lar meg alltid bestemme kor og ka vi skal spise då eg alltid er kvalm og har som regel veldig spesifikke ting eg har lyst på, alltid i godt humør trass i ein tøff kverdag ..og lista bare fortsetter og fortsetter.

Eg bare er her.. eg svelger ned tablettene han gir meg, går fram og tilbake til klinikken og tar i mot behandling, spiser, sover – and repeat. Det er ikkje fordi eg er lat, men fordi eg er så dårlig. Eg har ingen energi, eg har så mykje smerter og ubehag og eg orker ingenting. Det er så vidt eg klarer det lille eg gjør egentlig, og ofte så vil eg ikkje ein gang svelge ned tablettene.. eg er ikkje alltid så enkel og ha med og gjøre akkurat. Han derimot er så tålmodig og god. Kort og greit så fikser han absolutt alt – og han gjør alt han kan for og gjøre ting enklere for meg. Det er så fint og rørende. Han er ikkje bare kjæresten min , men min beste venn – eg er så glad i han! ♥♥

I dag er det ny dag med intens kvalme, følelse av at ein skal kaste opp kvert sekund – utruleg slitsomt og irriterende. Eg har migrene som har vart i to døgn i strekk, smerter i mage og brystkasse, blødninger, brenning i halsen, veldig veldig svimmel og ekstremt utmatta.. eg bare fatter ikkje korleis eg skal orke heimreisa på torsdag.. Vi krysser fingrene for at det blir ein Ok dag!! :)

autograf

Dagens Antrekk

Lørdagens..

16. desember 2013

PC146471PC146477PC146465PC146479
Caps, H&M  // Skjerf, Acne  //  Genser, H&M  //  Smykke, H&M  //  Kåpe, SheInside  //  Jeans, Bik Bok  //  Boots, DNA (Roots)  //  Veske, Michael Kors  //

autograf

Dagens Antrekk Diverse Mat / Oppskrift.

Cosy Saturday

14. desember 2013

PC146523PC146491PC146488PC146533PC146503PC146496PC146505PC146499PC146510PC146528PC146490PC146512PC146530PC146500PC146508PC146534PC146520

Det er fleire som har etterlyst bilder fra Pforzheim! Eg har ikkje ork i vekedagene til nokonting anna enn behandling, og så mat i mellom øktene.. det er typisk at det har vært så fint vær og sol dei andre dagene, og idag då eg tok med meg kamera så var det regn og grått! Men vi kosa oss likevel ;)

Her er eit lite bildedryss fra dagens trasking i julegata og middelaldergata her i Pforzheim. Det er utruleg koseleg og gjennomført. I julegata er det masse boder der ein kan kjøpe seg middag som pølser i alle varianter/pizza i steinovn/grilla baguetter, crepes/pannekaker med nutella, masse kaker og godteri, sukkerspinn og smågodt, masse frukt som er dyppa i sjokolade (veldig pop med bananer med sjokolade her!), sjokolade og masse digg.. og så er det boder som selger alt fra smykker, pepperkakeformer, klær, julepynt, lys, kurver/vesker og diverse. Det er julemusikk, skøytebane som både store og små kan være med på, karuseller, masse masse folk og ei kjempe fin julestemning!

I gata over julegata, så ligger middelaldergata. Her er det masse bålpanner som knitrer og brenner, folk som er utkledd i gammaldagse klær, nokon står og smir sverd, andre selger masse rare klær (litt sånn ridderaktige kostymer), mat som er grilla over åpen ild, gryteretter, lefser.. boder med honning og oljer i fine flasker, musikkinstrument, kjøkkenutstyr i tre ++
Her står det alltid nokon og underholder også, enten det er ein merkelig dans, sjonglering eller noko rart. På kvelden er det ekstra koselig med masse fakler og bål, og ei fantastisk stemning!

Fikk du eit lite inntrykk no? Det er ein veldig koselig by! Alt er så voldsomt gjennomført til jul med pynting over alt.. og på kjøpesenteret er det ein nisse i ein kjempestor stol som tar imot ønsker og slikt fra barna, kver dag.. og rundt på kjøpesenteret går ein Willy Wonka(kliss lik by the way) som har ein magisk sjokoladevogn som ungene kan få sjokolade fra, så gøy for ungene!

Eg blir egentlig ganske imponert, eg har jo budd i Oslo eit år.. og eg fant ingenting i nærheten av dette der i jula – og dette er jo bare ein liten by her i Tyskland, men likevel så mykje meir julestemning enn eg nokonsinne har opplevd.. til og med meir enn i London då eg var der i 2011, på shopping før jul med ei veninne. Dette overgår det meste. Veldig imponert.

Vi har kosa oss og spist deilig middag, og eg har ikkje vært kvalm i dag (endå, bank i bordet..)   – så eg slo til med ein dessert!! Vi har drukket deilig peppermynte-te fleire ganger, som dåke ser at Øyvind har på bildet. Det skal vi fortsette med heime, kjempe godt og ikkje minst sunt! Du trenger kun peppermynteblader og kokt vann! Ellers har eg kjøpt meg litt godis, og eit par pepperkakeformer på julemarkedet – dagen har vært den beste hittil i oppholdet når det kjem til helse og humør, hurra!

No er det kun 5 dager igjen til heimreise – vi GLEDER oss!
Eg skal lage ein egen post med oppdatering på helsa om nokre dager. God lørdag alle sammen :)

P.S. Tuusen hjertelig takk for alle dei fine gratulasjonene på posten under! ♥♥

autograf

Kjærleik

Me and you, just us two.

8. desember 2013

tumblr_li0qk9EDmV1qap143o1_500_large

..i hotellsenga i Pforzheim, sa eg ja til mannen i mitt liv! ♥

Eg var så dårlig og så nedfor, og  eg ville ikkje ein gang stå opp i dag.. men det snudde brått då min kjære fridde til meg!
Han har lenge fundert på kva han skulle gjere og ville egentlig gjere noko meir ut av det, men så føltes det plutselig riktig no, uten plan eller noko ring så tok han handa mi… eg gråt og eg sa sjølvsagt JA. Vi låg stille og såg på kverandre, og etter ei stund så spurte eg.. «E vi liksom forlova no??» og han svarte «Ja, det er vel det det heiter.» hihi.. vi er forlova. Lykke.

Det kunne ikkje vært meir perfekt, og eg er så lykkelig!! ♥♥

autograf

Shopping, inspirasjon ++

Wish Upon A Star

7. desember 2013

wishuponastar

 

1. Gavesett, Scented candles  //  2.  Rosa Acne Skjerf  //  3. Lysestake, Hay  //  4. Armband, Camilla Pihl  //  5. Pute, Bloomingville  //  6. Sko, NLY Shoes  //  7. Neglelakk, Essie  //  8. Kopp med min bokstav, Designletters – Arne Jacobsen  //  9. Lekre hodetelefoner, Frends  //

Det blir lite julegaver i år på denne jenta då vi heller har satsa alt på behandling og helsa mi.. men det er lov og drømme og lage ønskelister likevel!! Det kan jo være ein inspirasjon til dåke om ikkje anna ;)

Armbandet «The One With Three Stars» er så fint og enkelt, det står nok høgst på lista akkurat no.. og hodetelefonene fra Frends er bare heilt rålekre, men aalt for dyre for min lommebok.

Lysestaken er stilig og litt gammaldags på samme tid, eg har sett på den lenge og ønsker meg den i svart, denne er i ein ganske så overkommelig prisklasse og koster 179kr. Den hadde vært fin på stuebordet mitt! Koppen med R fra Arne Jacobsen matcher perfekt ;)

Eg elsker det grå acneskjerfet mitt, og det ser nydelig ut i lyserosa også♥♥ Eg får heller aldri nok av svarte sko, og disse fra NLY Shoes er p-e-r-f-e-k-t-e ! Neglelakken fra Essie er knallfin til jul og nyttår med glitter og glam, og dei flotte duftlysene hadde eg ikkje sagt nei takk til!

Puta fra Bloomingville er mjuk og god, og så er eg ganske glad i stjerner.. + grått og svart – what more can you ask for? Den er som skapt for meg og sofaen min!

autograf

Hud, Hår og Skjønnhet. Konkurranse

Eau Fraiche

30. november 2013

PB176436PB176431
Acqua di Gioia «eau fraiche», Giorgio Armani. 

Denne fikk eg i tidleg julegave fra mamma, ei fin oppmuntring før reisa til Tyskland. Eg har ønska meg denne parfymen leenge, så eg blei kjempe glad! Eg er jo veldig plaga med migrene, men akkurat denne parfymen har eg tålt då eg har prøvd fleire testere for og se om eg tålte den, den er mild og frisk. Den dufter himmelsk!! Tusen takk mamma! ♥♥

Det er lørdag i dag, og det er tid for og kåre vinneren av give awayenGratulerer til Kamilla Haaland – du har vunnet gavekort hos SheInside på 50$ + ein fin topp!! Eg har sendt deg ein e-post!

Til dåke andre; Bedre lykke neste gang. Håper alle får ein fin lørdag!! 

autograf

Kjærleik Sjukdom

«No amount of sleep in the world..

28. november 2013

tumblr_msb1ceYoeR1r1dcylo1_1280

..could cure the tiredness i feel.» 

I dag er det kroppen som bestemmer, eg har ikkje sjans til og styre over den. Etter nok ei lang og smertefull natt så måtte eg kaste inn håndkleet. Etter 1,5 veke med intens behandling så må eg ta ein dags pause fra all medisinen.

Eg har så veldige smerter i kroppen, migrene, og ei intens kvalme som gjorde til at eg kasta opp både i går kveld, i natt og i dag tidleg. Ei slik ekstrem utmattelse at Øyvind må hjelpe meg dei få stega fra hotellsenga til toalettet. Det er ein så voldsom anstrengelse bare eg skal sette meg opp i senga og drikke av flaska som han har skrudd av korken på og holder framfor meg. Ei lysstråle fra gardina som vi ikkje har klart og stenge ute borer seg inn i hjernen og lager ei slik smerte at det skriker og stikker inni meg. Ein slik kvalme at kvar minste lyd, eller bevegelse får meg til og brekke meg. Ei søppelbøtte står ved senga mi om eg ikkje skal rekke inn på badet i tide. Smerter, smerter som er så forskjellige fra sekund til sekund at du aldri blir vandt til det, og eg rykker til når det slår til rundt i kroppen min som små lynnedslag. Smerten stikker, pulserer, banker, prikker og murrer. Smerten er som ein knyttneve, som ein strek eller at den går rundt i ring og gjør deg svimmel og kvalm. Den rakkeren av ein bakterie i kroppen min er fascinerende kreativ, og den finner stadig vekk på nye ting, sjølv etter 18 år. Ja,opptil  fleire ganger i veka kjem det diverse plager eller smerter eg aldri har hatt før. Det er det som gjer denne sjukdommen endå meir vanskeleg syns eg. Det er aldri det samme. Eg er sjuk kvar dag, men det er aldri likt. Det er alltid ein ny tvist. Du veit aldri kva du har i vente.

Etter mange timar med intens kamp mot smerter, oppkast, anfall og utmattelse – så kjem tårene. Men det er heldigvis ikkje langt i mellom tårer og latter her hos oss. Vi snakka med nokon som tipsa meg om at eg kunne føle meg veldig deprimert og at det kunne bli ein del snørr og tårer av den eine medisinen eg går på, men eg har vært i uvanlig godt humør dei siste dagene så vi har tenkt at det har nesten hatt motsatt effekt på meg, hehe.. men i stad då tårene flomma over så kommenterte Øyvind om det var no den medisinen slo inn.. så det blei berre nokre sekund med gråt før eg braut ut i latter. Men klart han forstår at tårene kjem,  han er så god og seier at eg er så tapper og han er her for meg heile tida. Han er bare så fantastisk, og eg er så utruleg heldig som har han.

Han følger meg fram og tilbake til klinikken fleire ganger om dagen. Han er aldri i dårlig humør og er så tålmodig og snill sjølv om eg er både irritabel og lei. Han lytter når eg trenger og snakke, tuller når eg trenger og le, og klemmer meg når eg trenger trøst. I tillegg så må han jobbe, så kvar ledige stund må han sette seg ned og jobbe på pc-en. Alle seier at eg er sterk, men han er virkelig sterk også. Eg holder jo på og gi opp dagleg, men han er ein bauta. Han mister aldri håpet og han står på 110% døgnet rundt. Han skal jo sette seg til med pc-en og jobbe tidleg på morningen imens eg ligger og sover, sjølv om eg har holdt han oppe i timesvis på natta med smerter og sjukdom. Han lister seg opp, og sitter stille som ei mus med skrivebordet på hotellrommet vårt og jobber. Eg beundrer han sånn for alt han klarer, og at han aldri klager. Som eg har skrive før, trass i all sjukdom og elendigheit så er eg så lykkeleg som har funnet verdens beste mann! ♥

Han har vært og kjøpt mat og cola, på slike dager er det ingen diett som gjelder – då er det berre om og gjere og få i seg eit eller anna samme kva det er. Eg har ikkje stått opp endå – og eg kjem nok til og bli i senga til i mårra. Øyvind prøver og lokke meg med på ein liten spasertur i frisk luft, men eg har ikkje ork til det sjølv om det hadde vært fint..

Krysser fingrene for ei bedre natt, og for at eg kan fortsette behandlinga i mårra!

Ute er det blitt mørkt, og eg har endelig beholdt litt mat i magen.

autograf

In My Bag

In My Bag

27. november 2013

PB076366PB076369
Veske, Michael Kors  //  Lommebok + Mobildeksel, Marc by Marc Jacobs  //  Solbriller, ebay.com  //  Hodetelefoner, Skullcandy  //

Fine ting som veska mi, og lommeboka mi gjør meg så glad!! I tillegg betyr dei meir for meg enn at det bare er fint. Lommeboka fra Marc Jacobs er eit minne som eg kjøpte den dagen då eg fikk diagnose etter 17 år med sjukdom. Veska fikk eg av Øyvind♥  på bursdagen min då vi var i Oslo og gjekk til behandling – ei stor oppmuntring som eg virkelig trengte då den einaste klinikken som kunne hjelpe meg stengte samme dag. Veska er som eit smykke til eit kvert antrekk, og eg eelsker den!

Eg får aldri nok av leppestifter og lipglosser, og det låg jo så klart endå fleire i veska – men eg tok med mine tre favoritter fra Clarins, Dior og Chanel. Den fra Chanel er nesten brukt opp, den er så fiin og god. Disse har eg hatt kjempe lenge, veldig drøye i bruk.

Eg ønsker meg sånn disse istedet for mine svarte hodetelefoner, men det er allt for dyrt for mi lommebok, in my dreams! ..det funker fint med dei eg har fra skullcandy. (Psst, ein kan få kjøpt dei billigere på ebay om du blei gira..)

Mobildeksler som er søte og morsomme får meg i godt humør, og dette fra Marc Jacobs er jo bare søtt, men samtidig stilig i svart og kvitt!

Ellers har eg ofte ein atkins sjokolade i veska om eg skulle bli sulten eller få søtsug + tyggis og hansker.. og no om dagene ein del antibiotika tabletter, vannflaske og denslags!

autograf