Fine Maria tipsa meg om denne sida som heiter gofundme. Tusen takk for tipset!!
Det er ei side der du kan opprette ein profil, skrive din historie og forklare kva du trenger pengene til. Ein setter inn ein sum som ein håper og oppnå, og folk kan donere via paypal til min konto. Pengene skal KUN brukes på behandling. Om du har lyst og se min profil og lese, trykk HER.
Eg reknar ikkje med at nokon av mine blogglesere som ofte er på samme alder eller yngre enn meg kan bidra så mykje – men om du kan dele det på facebook, twitter eller noko så blir eg veldig glad! Kanskje nokon du kjenner plutselig kan avsjå nokre kroner ♥♥
Det er litt vanskelig og skulle prøve og samle inn penger til behandlinga mi når eg samtidig har ein moteblogg.
Eg fikk litt penger av nær familie og venner no til bursdagen min for nokre veker siden.. eg fikk beskjed om at eg skulle bruke det på meg sjølv då alt var så heilsvart for meg (legen min mista lisensen samme dag som eg hadde bursdag.) , og at akkurat disse pengene ikkje skulle gå til behandling. Derfor har eg kjøpt meg litt nye plagg, skjerf og diverse. Men eg veit at eg må være veldig økonomisk framover og at det ikkje er rom for noko shopping i det heile tatt. Det blir veldig vanskelig, men eg har ikkje noko valg. Shoppestopp deluxxe!
I tillegg til at eg har hatt bursdag og fått litt gaver, så er eg også heldig som har SheInside som sponsor og får eit plagg tilsendt her og der, det er gull verdt!! Det er fordelen med og ha ein moteblogg at ein av og til blir sponsa med noko fint.
Vi har allerede snakka med familie og venner om at vi skal kutte julegaver til kverandre i år pga. økonomien. Men kanskje eg får bedre helse, det er jo den største gava eg kan få!
Det er også viktig og få med at vi hadde aldri klart oss økonomisk i Oslo med behandlingen på «Norsk Borreliose Senter» uten den hjelpa vi fikk. Eg fikk 30 000kr av ein kristen familie som ønsker og være anonyme. Vi er så takknemlige for det! Eg rørte jo aldri den kontoen til noko anna enn legetimer, behandling og medisiner. Så eg ville bare forklare meg her, og eg ønsker og understreke at om nokon skulle være så grei og støtte meg med nokre kroner, så går alt til behandling. Eg hadde aldri hatt samvittighet til og bruke det på noko anna, og vi trenger kver krone vi får inn.
Det er ikkje berre behandlinga som koster. Det er jo det at ein skal reise, ha ein plass og bu der nede i tillegg til behandlinga – og samtidig betale på alle våre faste utgifter i Norge. Vi skal ikkje akkurat bu på noko luksus hotell. Vi tok det mest rimelige vi kunne finne, og skal bu i eit slags lite gjestehus der vi får rom med toalett&dusj. Det er også eit felleskjøkken der ein kan lage seg mat sjølv som er mest økonomisk..
Det er usikkert kva Øyvind skal gjere endå, han må snakke litt meir med jobben – men kanskje han må ta permisjon uten lønn. Han har brukt opp all ferien sin då vi var i Oslo. Han har heldigvis ein utruleg god og forståelsesfull arbeidsgiver, så det er eg veldig takknemlig for! Og eg går på nav som alle sikkert har skjønt, og får ca. 10 000kr i måneden. Det er ikkje mykje og leve på. Vi må ta opp eit lån, men vi har jo allerede lån på leiligheta og kan ikkje låne meir i banken. Vi er så hedlig at vi har fått tilbudet om og ta opp eit lån via foreldrene til Øyvind. Det er veldig snilt av dei! Det som er synd er jo at vi då ender opp med veldig mykje lån til slutt, siden vi har maksa ut lånet i banken fra før av på leilighet. I tillegg til mitt studielån.
Eg har 170 000kr i studielån og ingen utdannelse. Eg har jobba som hud- og kroppsterapeut ja, men eg har ikkje fagbrevet.
Sjølv om eg har kjempa mykje og prøvd i alle år så skammer eg meg. Det verste er og møte på nokon eg ikkje har snakka med på lenge som lurer på kva eg jobber med.. for meg er det veldig tungt at eg aldri «blei» noko. Eg hadde store ambisjoner og drømmer. Eg var aldri den ungen som ikkje visste kva ho ville bli, eg ville bli så mykje – og eg ville studere lenge. Det blei aldri. Eg prøvde fleire ganger og begynne på noko, og så måtte eg gi meg pga. helsa kver gang – eg klarte det dei første månedene og så falt eg ut. Eg prøvde på nytt neste år, og det skjedde igjen. Og igjen. Eg innsåg til slutt at eg måtte finne på noko som eg kunne bli «raskt» og som var overkommelig i forhold til min helse + at det ikkje måtte være krav til studiekompetanse hvilket er veldig få skuler. Dermed falt valget på hud og kroppsterapeut der eg kunne ta tre år på ett år. Eg gjorde det veldig bra på hudpleien (Beauty Hudpleiefagskole i Oslo) , eg stod med glans på alt av prøver og tentamener, men pga. for stort fravær så fikk eg ikkje lov til og ta eksamen på slutten av året. Eg sleit meg igjennom året, eg klarte alt trass i min elendige helse – og så fikk eg ikkje ta den likevel. Det er veldig surt.
Eg har ikkje studiekompetanse endå. Eg tok eit fag i forfjor på voksenopplæring, men eg mangler fortsatt tre fag for og få studiekompetanse. Ikkje har eg jobba nok heller til og få realkompetanse. Eg har vært sjuk siden eg var 11 år, og siden då har det vært ein kamp. Eg har prøvd og prøvd, om eg har prøvd – men det går bare ikkje når helsa jobber sånn i mot meg. Men her sitter eg då altså uten utdannelse, uten jobb og med ei veldig dårlige helse. Arbeidsavklaringspengene som eg får fra nav går utifra kva du har tjent før.. men eg har aldri fått opparbeida meg noko og då får eg berre utbetalt 2G. Om eg ikkje hadde hatt Øyvind så hadde eg ikkje hatt nok penger til leilighet, mat og til og leve. Då hadde eg måtte flytta heim til mamma.
Vi må nok ta opp eit lån til – men lån skal betales tilbake også. Derfor håper eg så inderlig at nokon der ute som har litt til overs kan hjelpe meg så eg kan få inn litt penger og betale tilbake heile, eller deler av lånet vi må ta opp for og dra til Tyskland.Eg hører mange seier at dei brukte langt over 100 000kr, men eg håper at 60 000kr holder. Vi får sjå.
Eg fikk fire veker med behandling i Oslo før klinikken måtte stenge. Eg merka bedring for første gang i mitt liv. Eg fikk håp, og eg fikk tru på at eg enten kan bli mykje bedre eller heilt bra. Det er ingen tilbud til meg her i Norge lenger, eg må ha meir behandling – eg orker ikkje leve slik lenger. No veit eg at det er noko der ute som faktisk fungerer, og eg trenger hjelp til og finansiere det.
P.S. Eg forventer ikkje så mykje respons på denne – dåke har vært så gode og skrive alt godt som kan skrives. Ville bare dele dette. Legger ut ein ny og overfladisk post om ikkje så mange dager!