Skinnjakke, Forever21 // Genser, by Ti Mo // Jeans, Cubus // Sko, Monki // Armband + Solbriller, H&M //
Åå, det er skikkelig luksus å ha lillebror på besøk som gidder å knipse antrekksbilder av meg, tusen takk Peter ♥ Sjølv om vi berre gjekk rett utfor døra i 3-4minutter og sprang inn igjen så blir det so mykje bedre når det er han som har tatt bilda!! Formen er stigande sjølv om eg besvimte og var ganske dårleg i går kveld. Det er veldig opp og ned med meg og den helsa, men akkurat no er det opp, haha, og eg har hatt ein super dag så langt!!
Eg har til og med vært ein tur på kafè med fine Jorunn i dag – vi har spist kake, skravla og kosa oss! Skulle tatt bilde, men sjølv om eg er blogger, so syns eg det er litt pinlig med bildeknipsing overalt, og spesielt i Førde der alle følger med på alt ein gjer.. so eg tok ingen bilder – next time :P