Browsing Category

Diverse

Dagens Antrekk Diverse Mat / Oppskrift.

Cosy Saturday

14. desember 2013

PC146523PC146491PC146488PC146533PC146503PC146496PC146505PC146499PC146510PC146528PC146490PC146512PC146530PC146500PC146508PC146534PC146520

Det er fleire som har etterlyst bilder fra Pforzheim! Eg har ikkje ork i vekedagene til nokonting anna enn behandling, og så mat i mellom øktene.. det er typisk at det har vært så fint vær og sol dei andre dagene, og idag då eg tok med meg kamera så var det regn og grått! Men vi kosa oss likevel ;)

Her er eit lite bildedryss fra dagens trasking i julegata og middelaldergata her i Pforzheim. Det er utruleg koseleg og gjennomført. I julegata er det masse boder der ein kan kjøpe seg middag som pølser i alle varianter/pizza i steinovn/grilla baguetter, crepes/pannekaker med nutella, masse kaker og godteri, sukkerspinn og smågodt, masse frukt som er dyppa i sjokolade (veldig pop med bananer med sjokolade her!), sjokolade og masse digg.. og så er det boder som selger alt fra smykker, pepperkakeformer, klær, julepynt, lys, kurver/vesker og diverse. Det er julemusikk, skøytebane som både store og små kan være med på, karuseller, masse masse folk og ei kjempe fin julestemning!

I gata over julegata, så ligger middelaldergata. Her er det masse bålpanner som knitrer og brenner, folk som er utkledd i gammaldagse klær, nokon står og smir sverd, andre selger masse rare klær (litt sånn ridderaktige kostymer), mat som er grilla over åpen ild, gryteretter, lefser.. boder med honning og oljer i fine flasker, musikkinstrument, kjøkkenutstyr i tre ++
Her står det alltid nokon og underholder også, enten det er ein merkelig dans, sjonglering eller noko rart. På kvelden er det ekstra koselig med masse fakler og bål, og ei fantastisk stemning!

Fikk du eit lite inntrykk no? Det er ein veldig koselig by! Alt er så voldsomt gjennomført til jul med pynting over alt.. og på kjøpesenteret er det ein nisse i ein kjempestor stol som tar imot ønsker og slikt fra barna, kver dag.. og rundt på kjøpesenteret går ein Willy Wonka(kliss lik by the way) som har ein magisk sjokoladevogn som ungene kan få sjokolade fra, så gøy for ungene!

Eg blir egentlig ganske imponert, eg har jo budd i Oslo eit år.. og eg fant ingenting i nærheten av dette der i jula – og dette er jo bare ein liten by her i Tyskland, men likevel så mykje meir julestemning enn eg nokonsinne har opplevd.. til og med meir enn i London då eg var der i 2011, på shopping før jul med ei veninne. Dette overgår det meste. Veldig imponert.

Vi har kosa oss og spist deilig middag, og eg har ikkje vært kvalm i dag (endå, bank i bordet..)   – så eg slo til med ein dessert!! Vi har drukket deilig peppermynte-te fleire ganger, som dåke ser at Øyvind har på bildet. Det skal vi fortsette med heime, kjempe godt og ikkje minst sunt! Du trenger kun peppermynteblader og kokt vann! Ellers har eg kjøpt meg litt godis, og eit par pepperkakeformer på julemarkedet – dagen har vært den beste hittil i oppholdet når det kjem til helse og humør, hurra!

No er det kun 5 dager igjen til heimreise – vi GLEDER oss!
Eg skal lage ein egen post med oppdatering på helsa om nokre dager. God lørdag alle sammen :)

P.S. Tuusen hjertelig takk for alle dei fine gratulasjonene på posten under! ♥♥

autograf

Diverse

PUELLA MAGASIN

3. mars 2013

puellamagasin

Eg er på nettsida til «Puella Magasin» i selskap med andre flotte bloggere som fks. Monique, Anniken og Hanne.

Om du har lyst og lese intervjuet med meg, trykk HER :)

P.S. Give awayen med dei lekre solbrillene avslutter i kveld kl 18.00, i dag er siste sjanse, bli med HER om du fortsatt ikkje har prøvd lykka! Vinneren avsløres i kveld ;)

autograf

Diverse Mat / Oppskrift.

Morning Bliss

21. februar 2013

P2214720

P2214717

P2214713

Eg sitter og koser meg med to nye magasiner som kom i postkassa mi i går (Stella & Costume) , ein kopp te i min nye lekre gullkopp som eg fikk av mamma ♥♥ Den er kjøpt på «Flaten Boutique» i Førde, det er så masse lekkert der! Vasen/telysglasset er fra tine k og er kjøpt i butikken som ligger vegg-i-vegg, «Heidi Bo». Elsker slike nye skatter, og ikkje minst vakre roser, eg blir så glad av friske blomster!

På kjøkkendisken står det to brød til heving som eg straks skal sette inn i ovnen – det blir godt med nybakte brød til lunsj! :)
Ha ein fin dag alle sammen!

P.S. Legg igjen ein kommentar i denne posten om du vil vinne t-skjorte, vinner trekkes i mårra!!

autograf

Diverse Sjukdom

Whooops.. 6000kr mindre på kontoen!

6. oktober 2012

Skuffa? Ja, eg kunne faktisk kjøpt ei lekker Marc by Marc Jacobs veske for denne summen..

Dette er nok den pakken eg har brukt mest penger på så langt i år, so i might as well take a picture! Det er ei blodprøve til den nette sum av 6000 kr (!)

Vi står fullstendig fast når det kjem til helsa mi, ingen som veit kva som feiler meg og legene begynner og gå opp for ideer for kor dei skal sende meg og kva dei skal gjere.. so no har vi gått privat og skal ta ei blodprøve for og sjå om det kan være Borreliose (som er ein infeksjonssjukdom som kan overføres mellom dyr og mennesker, det smitter via blodsugere som flått og mygg.) Om det er Borreliose so må vi bruke fleire titalls tusen(les:hundre tusen) på antibiotika.. og om det ikkje er det so kan vi stryke det av lista. Vi har jo gått ein del privat innimellom, 1500kr her og 1800kr der.. men dette er det dyreste så langt.

Ein kan ta prøver hos det offentlige helsevesenet i Norge, men prøvene er ikkje gode nok her i Norge desverre – men det er eit omdiskutert tema.. det var mange saker i sommer i media om folk som har vært sjuk i åresvis, dei hadde tatt prøva på offentlig sjukehus og utelukka det.. men når dei til slutt gjekk privat og testa seg igjen, så viste det seg at det var borreliose likevel, og etter alt fra eit halvt år til eit år med antibiotika so blei dei heilt frisk og har fått eit nytt liv, er tilbake i jobb og kvitt alle symptom. Det finst jo maaange slike historier, og eg kan ikkje prøve alt – men eg har hatt mange flåttbitt som liten, og symptoma er ganske like so derfor prøver vi dette. Eg skal tappes for blod på mandag morning, og so er det og vente i ca. 3 veker på svar. 

P.S. Vær så snill og stem på bildet mitt – er på tredje plass no, men trenger ein god del stemmer endå!!
Trykk HER – tusen takk!!

Diverse

Monday Morning

23. april 2012


Blomster & Sjokolade fra mamma ♥

Bilder fra i går då eg satt og kosa meg te og sjokolade, imens  potetene stod på kok i bakgrunnen. Som dåke ser så er vi endå ikkje heilt ferdig, det mangler lister på gulvet og under overskapa så lysene ikkje viser.. og eit par handtak. Det har vært så masse anna som har skjedd at Øyvind har ikkje fått tid til det endå,  men kjøkkenet fungerer ihvertfall.. og det er digg, resten kjem når det kjem.

Ettervekst much?! Eg skal til frisøren på torsdag, det blir bra!! No har eg spist frokost, og skal straks gjøre litt husarbeid.. og så skal eg på eit møte seinere idag. Sjølv om eg ikkje er i jobb eller studerer pga. sjukdom so har eg masse på planen likevel, det er fleire ting kver veke med undersøkeler på sjukehuset, timer hos spesialister,  møter med nav/pasientombud/lege osv. I dag er det møte med NAV igjen, heldigvis er min kjære alltid med og hjelper og støtter meg ♥

Håper alle får ein kjempe fin mandag og start på veka!

Diverse

New Header

22. april 2012

What do you think?

Sjølv om eg digger den andre headeren må eg bare ha litt variasjon, kanskje eg skifter tilbake til den gamle etter ei stund – men digg med litt forandringer! Er veldig fornøyd med denne også, likte du den? Det er lillebror som har tatt begge bilda og laga headere til meg, thanks bro. ♥

BloggAnbefaling Diverse

Bloggportrettet

11. april 2012


I dag kan du lese om meg i «Bloggportrettet» hos den fine bloggeren Lillesmurf (Kari) – trykk HER for å lese!

Om du ikkje har besøkt bloggen hennes før så må du herved ta turen inn i dag, ho har ein kjempefin blogg som handler om hennes kverdag, her kan du få alt fra inspirasjon til ukesmeny, filmtips, fine bilder,  interiør og masse meir. Leser du bloggen hennes? :)

P.S. Tusen takk for så fin omtale Kari, you made my day girl!!

Diverse

Instagram?

8. april 2012

Eg er nok ein av dei siste som har fått seg Instagram, men no er eg der endelig eg og – og det er jo så gøy! Bildet fra fjellet er av meg fra forrige sommer som eg hadde liggende på mobilen.. vi har storslått natur her i Sogn & Fjordane. Eg elsker fine bilder, og har så vidt komt i gang eg og..men må finne fleire folk og følge!  Om du har lyst å følge meg så heiter eg «regineforsund»  :)

Er du på instagram?
Legg igjen nicket ditt og så kan eg ta ein titt, kanskje eg vil følge deg!!

Diverse

Goodbye blogg.no – Hello femelle ;)

20. desember 2011

Då er bloggen her straks i gang!

Eg venter bare på at arkivet mitt fra den andre bloggen skal komme, og at eg skal få bloglovin og diverse som fks. Bloggurat opp å gå igjen. Det er skikkelig uvandt med wordpress, så eg har ein del å sette meg inn i, men det ordner seg nok etterkvert!

Håper dåke vil følge meg videre her :)

Diverse

22.01.11

22. januar 2011


Meg og min kjære,  bildet er tatt av Peter (lillebror).

Beklager, eg har fortsatt ikkje internett.. sitter gjennom mobilen her. Kommer ein fyr og skal se på det på mandag, så då håper eg at det blir fiksa og at eg e tilbake!!

Ha ei god helg alle sammen :)