Browsing Category

DIY

Blomster DIY Interiør

Flower Wreaths

7. august 2018

Vakre blomsterkranser som Maria (søstra mi)
laga til meg ute i regnværet i forgårs.

Ho har fletta blokkebærlyng og oregano i lag med litt streng,
enkelt og fint. Ho kunne sjølvsagt laga meir avanserte og fargerike kranser,
men eg ville ha noko enkelt og naturlig – disse var heilt nydelige!!

Ho lagde også ein flott krans til ytterdøra mi av eføy fra hagen.

Denne gullringen kjøpte eg HER  i fjor jul, men har ikkje tatt den i bruk før no.
Den blei fin med bare litt grønt på.

Eg er ikkje flink med sånt,
så det var kjekt å få litt hjelp og å få pynta på litt andre måter!!

To vakre jenter eg er så glad i,
søs og Lucy ♥

DIY Fest, Bryllup, Bursdag ++

Babyshower & Bleiekake

30. mai 2015

2015-05-25 14.45.082015-05-25 10.50.272015-05-25 12.19.132015-05-25 14.48.302015-05-25 14.49.23

Eg måtte bare dele disse bildene med dåke.
Dette er rester fra babyshoweren som eg og søstra mi tok bilder av morningen etter i dagslys. Det var synd at festen var på kvelden – men det var det som passa for folk. Då blei det så vanskelig å ta fine bilder – så vi måtte bare knipse litt fleire bilder i dagslys, så vi «slengte» litt rester på bordet ;)
Eg bare elsker alle fargene og detaljene!!

Det er første gang eg har laga bleiekake.
Det var jo kjempegøy, og eg lager gjerne fleire i framtida!!

Det eg brukte var
-2 pakker med Libero #2 (3-6kg)
– Dekkefat/lysfat fra Nille (her kan du også lage ein runding av papp og dekke med aluminiumsfolie)
– Masse små strikker og 3 stykk store strikk.
– Silkeband til å pynte med
– Cellofan
– Litt limband
– Nokre pinner til å støtte opp med & en tom rull fra tørkepapirrull, papprullen i midten.
– Valgfri pynt.. eg brukte to smokker og en liten bamse fra Kappahl sitt merke Newbie, dei har så masse fint!!

Det er bare å rulle alle bleiene stramt, og sette strikk rundt. Dekk papprullen med aluminiumsfolie og sett 6-7 bleier tett rundt rullen og sett den store strikken rundt. Fyll inn i strikken til du dekker fatet. Gjør det samme over, men en mindre sirkel, og så samme på toppen, der når ikkje rullen opp men bare lag ein liten sirkel og ta strikk rundt. Eg stakk nedi to pinner, bruk fks. grillspydpinner eller sånne små pinner fra biltema som er til å røre i maling med. Då blei kaka veldig stabil og lett å ta med seg :)

Eg klipte vekk alle dei små strikkene som var synlig , slik at det bare blei den tjukke strikken rundt kver sirkel til slutt. Dekk strikken med sløyfe. Eg pynta med fleire farger då eg ikkje visste kva kjønn det skulle bli. Ikkje vær gniten med cellofan, det er så fint og gjør det så lekkert!

Her er ei som har laga ein how-to, og som har bilder, steg for steg – trykk her.  Det blei litt over the top for min smak, men det var gode tips der. Eg liker det litt meir enkelt  – men så lenge du kan lage «kaka» så er det bare å pynte og lage den akkurat sånn som du vil!

autograf

DIY Interiør

Nydelig mobillader på 1-2-3

1. april 2015

2015-04-01 11.34.28 2015-04-01 11.36.062015-04-01 11.34.00My Black Book + Blyanter , booboo.no  //  Kontaktplast, Panduro  //  Lysfat, Kremmerhuset  //

Eg har allerede pimpa opp laptopen min med marmor, se denne posten.

Siden eg hadde ein rull liggende så fikk eg lyst å lage noko meir.. Det er jo så enkelt, det er bare å klippe til og klistre på!! Genialt! Rullen har eg kjøpt på panduro for 69kr.

Eg syns mobilladeren min blei kjempefin!!
Kva syns du?

autograf

DIY Interiør Shopping, inspirasjon ++

Easter came early this year..

24. mars 2015

2015-03-24 14.36.48-1 2015-03-24 15.28.42

Det er så mange herlige mennesker der ute – og eg blei så glad då ei på instagram sendte meg ein pakke med så masse fint! Ho skreiv at eg ikkje skulle skrive noko om det ,eller ikkje trengte å ta bilder –  ho ville bare sende meg ei oppmuntring siden eg er så masse sjuk, så utruleg rørende! ..men det er klart eg vil ta bilder og skrive om det!! Tusen takk Elisabeth Sofie! ♥♥ Følg ho på instagram, her.

Ho driver ein nettbutikk som heiter booboo – verdt å sjekke ut. Påskeegga finner du her! ;)
Perfekt til ein familie på fire, eller at du gjør sånn som meg.. ett til Øyvind, og resten til meg, haha..

Denne 4-pakningen med påskeegg var noko av det som var i pakken. Så utruleg fine! Eg elsker jo enkelt og reint design som dette. Eg har pynta dei med litt fjær og bånd :)
Fjærene kjøpte eg i ein liten pakke på kremmerhuset til 19kr, og bånd + hyssing til 35kr på nille.

Eg er ikkje den som pynter mest til påske – men gule tulipaner skal eg kjøpe meg når den tid kjem!! Det er så fint, og for meg er det nok med ein gul fargeklatt, og så disse egga i stua og på kjøkkenet.

Pynter du til påske?

autograf

DIY Shopping, inspirasjon ++

MARBLE

23. september 2014

2014-09-23 13.48.23
Acer Ultrabook //  Kopp, Kähler  //

Eg har pimpa opp min laptop med kontaktplast med marmormønster – og er kjempe fornøyd med resultatet!! Den var rett og slett litt slitt, spesielt på innsida – så eg tok det inni også!! :)

Eg kjøpte ein rull med kontaktplast på Panduro, den er i nettbutikken deira HER – men er utsolgt for øyeblikket, skal visst komme inn igjen i løpet av veka. Eg hadde ikkje tolmodighet til å vente, så eg kjøpte i butikken!!

Såå happy sjølv om det blei litt sånn småpirk her og der som ikkje er perfekt.. gøy med eit nytt utsjånad på pcen!

autograf