Browsing Category

FeaturedArea

Interiør Mat / Oppskrift. Sponsor

HYGGE

29. mars 2018

 Annonse, inneholder sponsa produkt fra Kähler  //


Kakefat, skål, lysestake og termokanne, Kähler Design  -Annonse //

Håper alle har hatt ei god påske så langt.
Her har vi kosa oss med masse god mat og drikke, akkurat sånn som det skal være i høgtider.
Eg er stapp mett døgnet rundt, hehe.


I dag hadde vi kladdkake til dessert,
den er bare SÅ god. Skikkeleg konfektkake, og nydelig med vaniljeis til.

Oppskrifta finner du hos Det Søte Liv, trykk her.


Serviset Hammershøi fra Kähler Design er ein stor favoritt,
det er så fint!! Eg blander det i fleire farger.
Nye farga glass i bakgrunnen.

 

 

Interiør

UP ON MY WALLS

20. mars 2018

Annonse, i samarbeid med Desenio.


Bilda over heiter Misty Mountain og Dusty Rose.

Endeleg har eg fått noko opp på veggene!!

Den ene plakaten i stua hadde eg fra før av,
men eg har fått tre stykk nye vakre plakater fra Desenio.

Desenio selger både plakater og rammer,
og har eit stort utvalg!

Koden REGINE gir dåke 25% på plakater!! (gjelder ikkje handpicked og rammer)
Tilbudet gjelder fra 20 – 22 mars.

Begge er fra kunsteren Anna Bülow, min favoritt.
Desenio har ein kategori «handpicked» , og der fant eg denne som heiter Stay Safe.

Det er litt tomt og upersonlig med heilt nakne vegger,
eg er så fornøyd med plakatene eg har valgt – og det er fint å ha noko å feste augene på.

Likte du det?
Blir glad om du legger igjen nokre ord og skriver kva du syns :)

Interiør Sponsor

GOD MANDAG

12. mars 2018

Annonse, i samarbeid med Førde Glassmagasin og Designforevig /

Ferskt grytebrød med godt smør er det beste eg veit,
perfekt start på dagen!

Nytt kjøkkenhåndkle fra Georg Jensen.
Eit stort kjøkkenhåndkle er godt å ha til grytebrødet. Om du vil beholde den crispy skorpa,
så pakk det inn i eit kjøkenhåndkle og la det ligge på disken, og ikkje i pose/eller i skuff.

Både kjøkkenhåndkle og bordbrikker er fra Førde Glassmagasin og Designforevig. (sponsa)
Eg elsker bordbrikkene, dei er så fine og så praktiske!!

Eg har samla ei stund på serviset fra Design Letters,
eg er veldig glad i fata, men for å være ærleg så er koppene ikkje særleg gode,
ihvertfall ikkje om du skal drikke te. Dei blir sjukt varme, og ein må nesten ha vott
på seg om ein skal kunne holde i den, så dei passer nok bedre til kaffe og lunka te.
Så eg har bare to kopper, men mange fat.
Dei er jo fine å kombinere med andre kopper eller glass!

Her er formen dobbelt opp dårleg siden eg har vondt i halsen og øreverk i tillegg til det vanlege.
Eg håper at formen kjem seg i løpet av veka siden eg skal operere om sju dager.

Ønsker alle ein god dag, og ein fin start på veka!

 

Interiør Shopping, inspirasjon ++

YES, PLEASE

10. mars 2018

1. Craft kjøkkenustyr fra Normann Copenhagen  –  HER
2. Kost og støvbrett fra Iris Hantverk  –  HER
3. Ønsker meg produkter fra Humdakin til kjøkkenet  –  HER
4. Veggspeil fra House Doctor  –  HER
5. Denne stolen! Fra Muuto  –  HER
6. Duftlys fra Tell Me More  –  HER
7. Bordlampe fra &tradition  –  HER
8. Magasinholder fra Skagerak  –  HER
9. Kjøkkenhåndkle fra Tell Me More  –  HER
10. Stol fra Muuto  –  HER
11. Hylle fra Muuto  –  HER

 

Interiør

FROKOSTBORD

3. mars 2018

Annonse, samarbeid med Designforevig / Førde Glassmagasin

Nye spisebrikker,
disse har eg hatt lyst på lenge!

Dei er fra merket Lind Dna, fra Førde Glassmagasin.
Du finner dei også i nettbutikken til Designforevig.

Dei finnes i fleire farger og størrelser,
eg har den i antrasitt. Passer perfekt til bordet mitt.

Eg liker det stramme uttrykket,
og så er dei lett å reingjøre.

Serviset er fra Kähler, i serien Hammershøi.
Eg har begynt å samle på kopper i kvit også, kjøpte meg ein til jul.
Så no har eg fire i den mørke, og ein i kvit.
Eg syns det er fint å mikse og matche litt. Eggeglassa er i lysegrå.

Vasen fra Cooee er også fra DesignforEvig,
den er så nydeleg, og eg sikler etter fleire stykk i andre farger og størrelser!!

 

Eg tenkte kanskje eg skule forkare litt om sponsing og ordet «annonse».
Ein er plikta til å merke med reklame eller annonse om ein har eit samarbeid med nokon.

Eg får aldri betalt for innlegga eller bilda mine.
Enten har eg fått ein rabattkode så eg kan kjøpe produktet rimeligere,
eller eg har fått produktet tilsendt.

Sjølv om ein får produkt gratis så må ein notere seg alt av verdi,
og kjem ein over ein viss sum med gaveverdi så må ein skatte for det.

Eg reklamerer ikkje for ting eg ikkje liker eller står for,
og eg håper folk forstår det.

God helg :)

Interiør

LAMP LOVE

24. februar 2018

Eg dør litt inni meg av glede.

Denne lampa har eg sikla etter i maange år, og endeleg er den min!

Eg har faktisk aldri sett den «live»,
og eg visste ikkje korleis den såg ut med lys.
Eg var litt redd den blei skikkeleg skarp,
men det er eit utruleg behagelig varmt lys, men det kjem ikkje så godt fram på bildet.

Ingenting er bedre enn når ein er skikkeleg fornøyd med valga ein tar.

Eg elsker designet til Muuto,
og denne lampa er bare heilt nydeleg.
Den heiter Muuto Fluid Pendant om du lurer.

Eg har gått rundt med pov-lysestakene mine overalt i stua,
men eg klarer ikkje å bestemme meg for kor eg skal henge dei.
Eg trur eg må få opp litt kunst først, og så er det nok lettere å
plassere dei vegglysestakene. (forhåpentligvis)

Eg venter på nokre nye postere i posten,
og eg gleder meg til å få opp litt meir på veggene.

Før/Etter Interiør Sponsor

STUE, FØR/ETTER

12. februar 2018

Då eg pussa opp så oppbevarte eg ein stabel med gipsplater i denne enden av stua,
dermed har eg glemt å ta før-bilde av dette hjørnet.

Her var det ei altandør, men det har aldri blitt bygd altan og garasje som var opprinneleg plan for huset.
Eg funderte på å kle igjen, men det viste seg å koste meir enn å bytte den med eit vindu.
Eg får vel aldri nok dagslys, så eg er glad eg gjekk for dette alternativet.

Lucy har fast plass med vinduet og full oversikt over alt som skjer ute.
Tipien på gulvet er hennes, og den er fra ilovedogs for dei som lurer.

Ny varmepumpe på plass,
det var rett og slett den beste plasseringa når det kom til å spre varmen i huset.
Eg syns det var litt vanskelig å plassere den der, men når eg bruker så mykje penger på
ei varmepumpe, så må eg nesten plassere den der det er best, og ikkje gjømme den vekk og få dårlig effekt.

Eg har planer om å få ein skjenk langs veggen under varmepumpa,
og eg har nokre vegglysestaker fra pov, og bilder som skal opp –
så då håper eg det vil se litt bedre ut.


Det mangler ventiler i vindua i karnappvinduet, og gulvlister mangler både i stue og kjøkken.

Vegger og tak er malt med Jotun Pure Color i Klassisk Hvit,
og i hjørnet med karnappvinduet så er det fargen Washed Linen både på vegg og i vindu.
Malinga er sponsa av Fargerike Førde.

Bord, Jysk  //  Stoler, Muuto


 

 

FØR


Her hadde eg sofaen med karnappvinduet. Dette vinduet har blitt så mykje finere når det blei listeløst.


Eit bilde fra jobbinga underveis.


 

Det blei litt forandring ikkje sant?

Som sagt så kjem det meir detaljer opp ettter kvert.
Eg må bare bu meg litt inn, og tenke over kor eg skal ha ting først.
Eg liker at det er litt    luft    , og ikkje for overfylt.

Det kjem lampe over spisebordet, den har eg fått i hus.
Ved sofaen skal eg ha ei vegglampe, men den har eg ikkje bestemt meg for endå.

Kva synst du?
Eg blir veldig glad om du legger igjen nokre ord i kommentarfeltet på denne posten.

Interiør

RANDOMS

8. februar 2018


Eg er som dåke veit, heilt hekta på grytebrød. Eg lager det to ganger i veka, blir aldri lei.
Dette er grovt grytebrød, oppskrift finner du HER

Nye puter fra h&m home, fine grønnfarger.
Du finner dei HER 


Det nye yndlingspleddet er fra Nord-Over. (eg var så heldig å vinne det!)
Det er norsk design, i 100% ull, og nei, det klør ikkje som ull ofte kan gjøre.


Til alle som spørr om planta mi på kjøkkendisken: Det er eit lite sitrustre med spiselige frukter.
Det er kjøpt på ikea, men du finner det sikkert på plantasjen også.

Før/Etter Interiør

KJØKKEN, FØR/ETTER

29. januar 2018

I samarbeid med Fargerike Førde , malinga er sponsa. //

I helga blei siste rest av jobb på kjøkkenet unnagjort,
det einaste som gjenstår no i både gang, stue og kjøkken er gulvlister –
men det blir ikkje gjort før det er oppholdsvær og saga kan stå ute, så til våren tipper eg.
Men etter ètt år med oppussing så skal eg fint klare å leve med det ;)

Det må seies at vi har jo ikkje holdt på i eit år i strekk med jobbing akkurat,
det er jo kun ein eller to helger (lørdag og litt på søndag) i måneden med jobbing +
litt intensiv jobbing før jul så eg kunne ta i bruk kjøkkenet til julemiddagen.

Ein STOR TAKK til Øyvind,
eg hadde aldri klart dette uten all hjelpa fra deg.
Du er ikkje bare ein fantastisk snill og god person,
men du er så utruleg dyktig i alt du gjør.
Eg er så stolt av deg, og så stolt av å være din beste venn.
Eg er ubeskrivelig takknemlig, og så veldig glad i deg.

Tusen takk for at du har gjort det så fint rundt meg.

I dag er eg heilt elendig,
og å labbe ut i stua i dag tidleg med dyne og pute i sofaen,
og å ligge å beundre det vakre kjøkkenet, stua og alt sammen,
det gjør meg så glad. Det hjelper virkelig på humøret sjølv om smertene
og sjukdommen herjer på.

Må også takke Peter (lillebror) som har hjulpet mykje til på slutten,
setter stor pris på det!

Eg vil også takke Kristine Slettehaug, og Fargerike Førde som hadde trua på meg
uten å vite korleis det ville bli til slutt. Tusen takk for kjekt samarbeid!!

All maling på vegger, tak, peismur og i vindu er sponsa av Fargerike Førde.
Malinga er fra Jotun, Lady Pure Color.
Alle vegger og tak + vinduer er malt med supermatt maling.

Kvitfargen i taket er Klassisk Hvit,
og fargen på veggene og inni vinduskarmene er Washed Linen.

Kjøkkenet er fra Ikea, Voxtorp.

Gulvet er er det mange som spør om, det er fra Byggmakker og heiter Cello.
Desverre er det utgått, gulvet hadde mamma lagt før ho flytta,
så eg er glad eg kunne bruke det opp igjen. Sparte ein del penger der!

Om du er ute etter eit lignende gulv, så fant eg eit veldig fint til soverommet
som heiter Winter Oak fra Pergo. Litt meir struktur i, men veldig fint.


FØR


Samme vinkel som bilder over, her var det to vegger som vi har tatt vekk.
Siden kjøkkenet ikkje var så stort så var det litt vanskelig å ta før-bilder på avstand.

 

 


 

Liker du det?

Blir glad for tilbakemelding,
og skriv gjerne om det er noko du lurer på.

Då har eg igjen å vise før/etter bilder fra stue og gang,
det kjem etter kvert.

I mellomtida kan dåke følge meg på instagram eller snapchat,
regineforsund er navnet på begge plasser.

God mandag til alle sammen!

Før/Etter Interiør Sponsor

Før / Etter

19. januar 2018

Veggene er malt med maling fra Jotun Lady, sponsa av Fargerike Førde //

Som dåke ser så er det ikkje heilt ferdig endå.
Det mangler fks. gulvlister, handtak i vindua + litt småting.

Men eg ville bare vise dåke nokre bilder av korleis det har blitt her med ovn/trapp/tv-vegg så langt,
bilder fra korleis det såg ut før, og fra jobbinga underveis.
Håper det faller i smak.

Kor eg skulle henge tv-en var eit stort problem ei stund (ilandsproblem),
til Øyvind kom på denne geniale ideen.

Vi (les:han)  fjerna gelenderet, og satte opp ein ny vegg fra gulv til tak.
Eg syns det blei veldig ryddig og fint, og eg er kjempe fornøyd med løsninga.

Eg skulle ønske at eg kunne bytta ut vedovnen no,
men det har eg ikkje råd til med det første. Kanskje om nokre år, vi får sjå.

Trappa er det eg som har jobba med,
det var litt av ein jobb – men det var verdt det når eg ser resultatet.
Mykje pussing, og fire strøk maling! (med mellomsliping mellom kvert lag med maling)

To strøk med kvist- og sperregrunn, og to lag med i Klassisk Hvit,
matt type maling i merket Tre Stjerner Gulvmaling.

Eg hadde kjøpt trappetepper i slike halvmåner ein fester i trinna, dei var i grå.
Eg har vurdert mykje fram og tilbake.. og det er absolutt finest uten. Typisk.
Men det vil jo slite meir på trappa uten,
så eg skal vurdere om eg skal prøve å få tak i ein lysere farge, kvit/lys beige.

  
Eg er så heldig å bli sponsa av Fargerike Førde med maling til vegger & tak. 

På veggene i trappa er det Klassisk Hvit i Jotun sin Lady Pure Color, i supermatt.

På tv-vegg og peismur har eg malt med Lady Minerals, kalkmalinga til Jotun.
Eg valgte samme farge som eg har i Lady Pure Color på kjøkkenet, Washed linen.

Her malte eg eit strøk med grunning,
og to strøk med kalkmaling.


 

 

FØR BILDER :)

Mamma hadde lagt dette fine gulvet fra før av,
så det tok eg bare opp og la samme gulv på plass når vi var ferdig.

Det var på høg tid at veggene blei tatt,
det har satt sine spor med ein familie på seks, og mange katter, hehe. 

 


 

Så er spørsmålet,
liker du det?

Er det interessant at eg lager ein slik post om kjøkkenet, stua og gangen også?
Skrik ut om det er noko du savner her på bloggen,
eller om det er noko du lurer på.

 

God helg :)