Browsing Category

FeaturedArea

Fest, Bryllup, Bursdag ++ Interiør

HAPPY NEW YEAR

30. desember 2017

Start the day with a smile &

finish it with champagne. 

Tusen takk for at du følger meg,
eg setter stor pris det – og spesielt på dåke som etterlater fine kommentarer her på bloggen.

Det blir meir interiør framover – eg gleder meg til å vise dåke kjøkkenet, tv-veggen,
resten av stua og gangen!!

Her er nyttårsbordet for i år. Eg er ikkje så glad i for mykje glam og glitter,
så det blei lin, porselen, glass og litt kvaster. Enkelt og fint.

Her blir det kalkun med godt tilbehør på menyen,
og til dessert skal eg lage ostekake på glass.

Eg hører alle seier at tida flyr,
og at vips så er det jul og nytt år igjen –
men for meg så går tida nok så seint.

Dagene mine er lange,
og sterkt prega av sjukdom.

Det er både tøft fysisk og psykisk når ein er sjuk
i så lang tid, og uten noko form for behandling eller lysere tider i sikte.

Eg er takknemlig for dei få eg har rundt meg som bryr seg om meg,
og som tar seg av meg, og som aldri blir lei eller forlater meg.
Tusen takk.

Ønskene for det nye året er ikkje bedre helse,
det virker så urealistisk. Eg prøver heller å håpe på at eg ikkje skal bli verre.

Ellers håper eg at eg kan gjøre meir for andre,
heilt korleis, det veit eg ikkje endå siden eg ikkje har all verdens med energi.
Men det er for mange der ute som har det vondt, som er ensomme og som
trenger å bli sett, eller å ha nokon å være med.

Hittil har eg fått meg fadderbarn,
og sendt gaver til fattighuset i Oslo. Ikkje mykje å skryte av,
men det er ein begynnelse.

Tenk på det om du har nokon rundt deg som sitter aleine,
om det er ein nabo, nokon på gata eller nokon du kjenner..
Det skal ikkje mykje til for å glede andre, eit «Hei» og eit smil,
gi heimelaga bakst, eller invitere nokon inn i heimen om du har anledning til det.

Det er ihvertfall fint å ha det i tankene,
og å være vennlig med andre rundt seg.

Håper at alle har hatt ei fin jul så langt,
og så vil eg ønske alle sammen eit Godt Nytt År.


Servise, (fat, vinglass, skåler) Eva solo – sponsa //
Champagneglass, Ikea  //  Bestikk, Kitchn // Duk, Himla  // 

Interiør Sponsor

INNBLIKK

25. desember 2017

Veggene er malt med maling fra Jotun Lady, sponsa av Fargerike Førde //

Bord, Jysk  //  Stoler, Muuto  // Duker, Himla  // Vase, Muuto  // Chemex kaffebrygger og hellekanne fra Hario  // Kopp, Kähler //

Eg har vært så heldig å bli sponsa med maling fra Fargerike Førde
dei har eit fantastisk utvalg, og er eksperter innen dette feltet.
Om du handler her, så får du god hjelp og veiledning!!

Veggene er malt med Washed Linen og Klassisk Hvit fra Jotun Lady.

Eg fikk bordet i gave av mamma, det er bare heilt nydelig!!
Enig?

Eg har tre stoler, og så skal eg spare og kjøpe fleire når eg får anledning til det.

Eg er ikkje heilt i mål endå med kjøkkenet,
det står igjen litt her og litt der – men så snart eg er ferdig så kjem det meir bilder!

//

Shopping, inspirasjon ++ Sponsor

TØFLER

13. desember 2017

// samarbeid med Footway, sponsa.

Footway.no er ein online sko-butikk som selger sko til 11 forskjellige land.

Dei har eit stort og flott utvalg, og det beste med butikken er at dei har kjapp forsendelse
og det gir ein fantastisk handleopplevelse!!

Om du ikkje har handla der før,
så vil eg anbefale deg å ta turen innom Footway :)

Om du skal ha deg kun ètt par med tøfler,
så er dette det PERFEKTE paret.

Eg har eit par fra før av, men dei er så slitt og når Lucy var kvalp så
gnagde ho av all ulla rundt foten, hehe.. så det var kjekt å bytte dei ut med eit nytt, og fint par.

Dei er ikkje bare kjempe fine, men så mjuke og koselige å putte føttene inni.

Disse er fra merket Shepherd, modellen heiter Jessica.
Eg har i den fargen stone.

Shepherd har så mange fine modeller,
du finner dei HER <—

Eg har fått ei vane med å alltid gå med innesko/tøfler – og når eg gjør husarbeid og jobber
så liker eg best å gå med meir faste sko, som ikkje eg blir så «svett» i (hehe) –
disse passer supert til den type bruk, og er utruleg gode å gå i.

Dei er fra merket Birkenstock,
dei har også utruleg mange flotte modeller –
se på utvalget HER <—

Kanskje du skal unne deg eit nytt par til deg sjølv til jul?

Om ikkje,
så er ihvertfall dette utruleg fine gaver å få til jul eller bursdag
om du fortsatt ikkje har alle gavene i boks.


Ønsker alle ein fin dag!!
Her jobbes det fra morgen til kveld  –
har begynt å male, så no begynner det å nærme seg!!

Jul Shopping, inspirasjon ++

GAVETIPS

9. november 2017

1. Nattskjorte, H&M – kjøp HER

2. Kakebokser, Kähler – kjøp HER

3. Bordskåner, Normann Copenhagen – kjøp HER

4. Hårkur, Kiehls – kjøp HER

5. Kjøkkenhåndkle, Jotex – kjøp HER

6. Fjøl, Kremmerhuset – kjøp HER

7. Lakris med salt og karamell, Johan Bülow – kjøp HER

8. Pyjamas, H&M – kjøp HER

9. Votter, Lindex – kjøp HER

 


Eg ønsker meg så klart alt på denne lista ;)

Eg får aldri nok av pysjer , lange skjorter og behagelige koseklær!!

Til kjøkkenet ønsker eg meg fine kjøkkenhåndkler i vaska lin, det er så naturlig og fint.
Og det samme gjelder bordskåneren og fjøla, eg elsker detaljer i tre.

Kakeboksene er så lekre,
det er enten fine gaver for seg sjølv –
eller ein kan dele dei opp i to og gi vekk ein og ein boks med heimelaga julekaker.

Det treng ikkje alltid å være så dyrt:
Fks. eit kjøkkenhåndkle og heimelaga syltetøy i eit glass
er ein perfekt gave spørr du meg!

Mat / Oppskrift.

PLOMMEPAI

2. oktober 2017

Første forsøket på plommepai var ikkje heilt vellykka,
men denne gangen blei det bra.

Veldig mykje av tinga mine står fortsatt i kasser etter flytting både fra Førde,
og fra Bergen. Det skal pakkes opp når kjøkkenet og stua er ferdig, så det er ikkje lenge til.
Dermed hadde eg ikkje paiform, men det gjekk heilt fint å lage i ei vanlig kakeform også,
denne er på 26cm. Går fint med 28cm også om du har det, eller du kan lage to små paier.

PLOMMEPAI MED SMULDRETOPPING

PAIBUNN
100 g kald smør, i terninger
100 g melis
1 egg (50 g)
1 ts salt
250 g hvetemel

Smuldre smør og melis sammen i ein bakebolle. Visp egget sammen med salt i ei skål og bland sammen med smør og melis.
Tilsett mjølet og bruk hendene til å raskt samle alt til ei fin deig.
Samle sammen til en kule og pakk inn i plastfolie. Kjevle lett slik at deigkula blir litt flatere og legg i frysen i 15 minutt.

Bruk smør til å smøre paiformen og dryss med mjøl. Hell av overflødig mjøl.
Ta deiga ut av frysen og kjevle ut til ein jevn og tynn bunn (ca 4-5 mm tykk).
Press deiga ut i paiforma, prikk med gaffel for å forhindre at luft blir fanga i forma,
og sett i kjøleskapet for ei ny runde med avkjøling i ca 15 minutter.
Paibunnen forstekes midt i ovnen i 5-7 minutter på 200 grader.
Avkjøl på rist.

SMULDREDEIG
65 g demerarasukker
20 g kokosmasse
90 g hvetemel
35 g havregryn
125 g kaldt smør, i terninger
Ekstra smør til steikinga

Ha alt det tørre i ein bakebolle. (eg tok det kjapt i ei kjøkkenmaskin)
Smuldre inn smøret til alt er jevnt fordel og deigen er smuldrete.
Sett i kjøleskapet til den skal brukes.

PLOMMEFYLL
ca 20 plommer, delt i to
2 ss smør
2 ss sukker
1 ts malt kanel
0,5 ts malt ingefær
1 klype salt

Skyll og tørk plommene, del i to på langs og fjern steinen.
Smelt smør i ei steikepanne på middels sterk varme.
Vend sukker og krydder inn i det smelta smøret og rør om til sukkeret har smelta.
Legg plommene med snittflaten ned og steik i ca 2 minutter. Snu plommene og steik eit par minutt til.

MONTERING AV PAI
Fordel dei varme plommene med snittflaten ned i det forstekte paiskallet.
Pass på å få med all den gode sausen i panna.
Plommene skal ligge tett, men ikkje overlappe.
Ta ut den kalde smuldredeigen og smuldre eit lag over plommene.
Fordel nokre små smørklatter på smuldredeigen og sett plommepaien i ovnen.

Steik på 200 grader i 25-30 minutt til paien er blitt gylden og sprø-ish på toppen.
Avkjøl på rist til den er lunka,
nytes med vaniljesaus eller is.

HÅPER DET SMAKER  :) 

025B7D63-863D-41C7-8B3EC7AB19F39086-4514720A-F747-4671-B0BC8A3FF0974869

Hund

2 ÅR

28. september 2017

LUCY 2 ÅR ♥

Lucy hadde bursdag mandag den 25/9,
så då måtte eg jo feire ho litt  ;)

Ho har roa seg no når ho har blitt eldre, men ho har absolutt kvalpefaktene endå,
og er veldig leiken og vilter.

Ho er så herleg, og ho gir meg så mykje glede!!

Livet Sjukdom

WE MADE IT

25. september 2017

Det var heilt uvirkelig at eg stod på ein fjelltopp i går.
Det er vel nesten 10 år siden sist!

Mandag, tirsdag og onsdag i forrige veke var eg så dårleg som eg aldri har vært før.
Eg kasta opp i dagesvis og beholdt ingenting i magen, eg hadde over 20 anfall i timen eine dagen,
så mykje smerter at det var utholdelig, så sliten, lite søvn og intens migrene.
Eg trengte hjelp til alt, og var så svak og elendig.

Og gnisten min bare visna heilt vekk.

Då er det lov å være stolt av seg sjølv når eg nokre dager seinere kjem meg opp ein fjelltopp.
Det var vilje og ikkje energi eg gjekk på, men det var hardt – knallhardt.

Eg heiv innpå med smertestillende før eg gjekk,
og planen var kun å gå 1/3 av turen opp til eit punkt –
men så gjekk eg litt til, og litt til.

Det var fantastisk å stå på toppen igjen,
eg felte tårer fordi eg var glad –
og fordi eg angra då eg skjønte at eg hadde heile turen ned igjen. (hehe)

På vei opp møtte vi ein mann,
og han meinte at Lucy var så liten at ho kom til å sprenge seg heilt
og at eg måtte bære ho ned igjen..
– Men Lucy hadde ingen problem, ho var så flink og sprek,
og skjønte ikkje poenget med alle pustepausene mine.

Det var heller eg som hadde problem,
eg hadde tre anfall –  et på vei opp, og to på vei ned.

Det kunne gått verre, men ein kan ikkje gå rundt og være redd
for å skade seg heile tida, av og til må eg bare prøve å leve litt.
– Gul og blå på halebeinet,
og sjølvsagt endå meir smerter i dag – men eg er likevel fornøyd.

Ein filleting for mange,
men for meg er det ein liten seier.

 

Interiør Shopping, inspirasjon ++

ON MY MIND

25. september 2017

 

1.Lysestake, Menu – her
2.vase/Lykt, Hübsch – her
3.Pledd, Hay – her
4.Lysestake, Ferm Living – her
5.Kommode, Bestå – her
6.Bunadspledd, Muuto – her
7.Taklampe, Jotex – her
8.Hylle,Muuto – her

 

Mat / Oppskrift.

PLOMMER

23. september 2017

Siden eg har to plommetrær i hagen så føler eg at eg må bruke dei
og prøve meg på litt nye oppskrifter.

Eg har egentlig aldri vært så begeistra for plommer,
eg syns det er kjedelig etter å ha spist eit par stykk.

Men eg syns det er kjempe kjekt å lage noko ut av det,
og blande det med andre smaker.

Så her får du oppskrift på
plommesyltetøy med eple & kanel
«vanlig» plommesyltetøy 

 plomme- og chili chutney
og så kjem det snart oppskrift på plommepai.

Eg deler ikkje oppskrift på paien endå –
fordi eg ikkje var fornøyd med den.
Paideigen smakte godt, og det var også veldig godt med vaniljekrem inni.

Plommene derimot var litt sure,
eg burde nok behandla dei først med litt sukker, og ikkje bare sukker på toppen.
Så eg skal prøve meg ein gang til, og så får vi se om den blir bra,
og då kjem det oppskrift ;)

PLOMME & CHILI CHUTNEY

1 kg plommer
2 stykk grønne epler, i små terninger
1 rød løk, finhakka
1 fedd kvitløk, finhakka
1 rød chili, finhakka (eg tok med frø)
100 g rosiner
400 g brunt sukker
0,5 ts malt ingefær
1 toppa ts malt kanel
1 ts malt koriander
0,5 ts salt
1,5 dl kvitvinseddik

FRAMGANGSMÅTE

Lag eit kryss med ein skarp kniv i kver plomme. Kok opp vann og ha plommene i vannet.
La dei ligge der i 30 sekunder før dei løftes over i isvann(kaldt vann).
Dra av skinnet og fjern steinene.

(Tips: Bruk engangshansker,
eg blei heilt missfarga på hendene, så neste gang blir det hansker!)

Skrell eplene.

Del plommene og epla i passe små terninger/biter og ha dei over i ei gryte.
Tilsett hakka løk og kvitløk, rosiner, sukker og krydder.
Hell til slutt over eddiken.

Kok opp under omrøring.

Senk varmen slik at chutneyen kan stå og putre på egenhånd til den tjukner (uten lokk).

Rør om innimellom.
Min stod i eit par timer.

Når plommechutneyen har fått tjukkere konsistens så kan du
enten stoppe der og ha det over i glass,
eller du kan ta den til side og ha oppi ein pakke med Jam
som gir den endå litt meir tjukkelse/fasthet.
(Eg gjorde dette, Jam med konserveringsmiddel.)

Når den er klar helles den over på reine varme glass.
(Ha glass og lokk i steikeovnen på ei rist på ca 100 grader imens syltetøyet står og putrer.)

Oppbevares mørkt og tørt til glasset åpnes –
oppbevar så i kjøleskapet.

Perfekt til ost & kjekt.


PLOMMESYLTETØY

Eg har laga to forskjellige syltetøy,
eit med bare plommer, litt vann og sukker –
og eit syltetøy med plommer, eple, kanel og lime.

PLOMMESYLTETØY MED EPLE & KANEL

1 kg plommer
1/2 dl vann
400g sukker (smak til)
1 grønt eple
2 kanelstenger
3 ss limesaft (eller sitron, eg hadde bare lime)

FRAMGANGSMÅTE

Skrell eplet og del opp i biter.
Ha heile plommer, vann, sukker, eple og limesaft i ei gryte.
Kok opp og la det småkoke, mos gjerne litt i sammen med ei sleiv.

Når det har begynt å bli flytende kan du legge i kanelstengene,
og fiske ut plommesteinene etter kvert som det løsner.
Eg fisker også ut det aller meste av plommeskallet.

La det småputre i eit par timer.

Fisk ut kanelstengene og kjør syltetøyet med ein stavmikser,
eller du kan la det være som det er. Eg brukte stavmikser.

Ha i ein halv pose med jam syltepulver.

Fyll på reine, varme glass og skru på lokket med det samme.
Sett det gjerne opp-ned og la det stå til det har kjølt seg ned,
oppbevar syltetøyet mørkt og kjøleg.


Det lyse syltetøyet er det med eple&kanel, det som er mørkere er reint plommesyltetøy. 
Begge er kjempegode!

 

PLOMMESYLTETØY NR.2

1 kg plommer
1/2 dl vann
mellom 450 – 500g sukker (smak til)

FRAMGANGSMÅTE

Del plommene i to og fjern steinene.
Ha plommer og vann i ei gryte, kok opp.
La plommene koke til dei er mjuke (tid kan variere med plommesort)
(bruk ein pinsett og fisk opp skall som har løsna)

Rør inn sukkeret til det er oppløst.
Kok opp, senk temperaturen og la det koke til det tjukner.

Eg hadde i ein halv pose med jam,
men du kan og bare ha det slik.
Eg gjekk så vidt over med stavmikser her òg for å få det
glattere, då eg ikkje er så glad i klumper.

Hell syltetøyet på varme, reine og tørre glass,
skru på lokk med ein gang.

Syltetøyet er holdbart i minst 6mndr.

Dagens Antrekk Hund

LUFTEPAUSE

12. september 2017

SO MUCH LOVE

Lucy har hatt innbilt svangerskap, men er heldigvis frisk igjen.
Eg oppdaga det veldig raskt denne gangen og fikk dermed starta medisineringa
tidleg, og etter ei lita veke gjekk det over.
glad for det!

Hadde det bare vært like gode nyheter med mi helse.
Eg har vært veldig dårleg i det siste –
både eg og dei rundt meg er bekymra.

Det går bare
nedover.

I dag har vi sprunget ut i hagen innimellom dei voldsomme regnbygene –
vi koser oss masse her ute!