Browsing Category

FeaturedArea

Hage Interiør Sponsor

KEEP WARM WITH STYLE

20. august 2017

Eg har ikkje hatt so mykje peng til overs til uteområdet endå –
men med små grep så har det blitt veldig fint :)

Hagemøblene kjøpte eg på netthandelen på auksjon til ein rimelig penge,
solseglet er fra Jysk og kosta under hundrelappen.

Eg var så heldig å få sponsa terassevarmer fra Mill.
Den varmer utruleg godt, sjølv om eg ikkje har tak eller vegger.

Det er infrarød varme, som vil sei at den varmer det den treffer,
akkurat som sola. Det følger med fjernkontroll,
og du kan bytte mellom tre varmeinnstillinger.
– Eg har denne.

Den kan både henge på vegg som eg har gjort,
eller ein kan henge den fra taket om ein har mulighet til det.
—————————–

Det er viktig med drømmer og planer,
og eg håper at eg med åra kan få laga til ei lita utestue som eg kan sitte i sjølv om
det regner og blåser. Det trengst her på vestlandet etter det været vi har hatt dei
siste åra.

Interiør Shopping, inspirasjon ++

ON MY MIND

2. august 2017

 

1. Lampe, Muuto – kjøp den HER
2. Stol, Jotex – kjøp den HER
3. Vertiplants: potte for vegg – kjøp den HER
4. Plantekasse, Ferm Living – kjøp den HER
5. Kost- og feiebrett, Menu – kjøp det HER
6. Lysetake, Ferm Living – kjøp den HER
7. Kurv, Muuto – kjøp den HER

 


 

Ute høljer det ned.

Eg ligger i sofaen under pleddet og surfer i nettbutikker,
og planlegger styling av gang, stue og kjøkken.

Plantekassa fra Ferm Living kjem i mange farger,
eg syns den er ekstra fin i dusty blue.

Eg prøver å ikkje kjøpe noko før det står ferdig,
men eg har bokmerker i fleng med møbler og interiør som eg ønsker meg.

Det blir ikkje mykje peng igjen når det er ferdig –
det er jammen dyrt med rørlegger, elektriker, materiale og alle utlegg
i denne prosessen.
Men då er det bare å spare opp til ein og ein stol,
og eg trur at ein setter ekstra stor pris på ting når ein ikkje kan kjøpe alt på ein gang.

Det er fint å ønske seg ting,
og å glede seg over kver ting ein klarer å spare opp til og kjøpe seg.
Det første eg skal kjøpe er barstoler til kjøkkenøya,
og eit spisebord.
Gleder meg :)

Ferie

VACAY SNAPSHOTS

27. juli 2017


Lille strandløva mi ♥

 
Koser seg med bestemor! (altså mi mor, kaller ho for bestemor til Lucy, hehe)

Vi tok mange tissepauser, og stopp så ho fikk springe litt ute og snuse :)
Det er ein lang biltur, men Lucy er så flink!!


Det var kjekt å sjå kor mamma bur,
og å være med alle i familien.

Men det er veldig godt å være heime igjen.
Det blir lenge til neste gang at eg kan dra på ein slik tur.

For fleire bilder – se på instagramprofilen min @regineforsund
eller Lucy sin @lucymaltipoo ;)

Dagens Antrekk Sjukdom

GÅRSDAGENS ANTREKK

20. juli 2017

Kjole + Solbriller, H&M  / Veske, By Malene Birger  /  Sko, Nike  / Klokke, Daniel Wellington / 
Lucy har Puppia sele /

Vi hadde ein roleg start på dagen i går,
her rusler vi i nabolaget til mamma i Rakkestad.

Nydelig vær,
og eit koseleg sentrum.
Vi kjøpte oss mat og satte oss på ein benk og kosa oss.

(Eg blir så brun på beina med ein gang,
det ser litt rart ut, hehe..  )

Alt høres veldig idyllisk ut, og eg tar kun koselege bilder og filmsnutter både på snapchat og instagram –
men det er fordi det er dei fine tinga eg prøver å hugse og forevige.


 

Formen er ikkje så bra.
Forrige natt satt eg stort sett heile natta med bøtte,
kasta opp og hadde migreneanfall, smerter og var heilt ekstremt dårleg.
Ikkje særleg med søvn i natt heller, og eg er sliten.

Det er ikkje så lett å være rundt folk heile tida når ein har det sånn.
Eg blir ekstra irritabel fordi eg er så sliten,
og fordi eg har så mykje smerter og ubehag i kroppen.
Det er ikkje så kjekt når ein kjenner at sjukdommen tar over
kropp og sinn, og ein ikkje klarer å være så positiv og «grei» som ein vil.
Eller at ein ikkje orker å være med på alt og føler at ein virker uinteressert
eller lite engasjert, når det egentlig er formen som setter ein stopper.

Eg prøver å ikkje tenke på heimturen,
men den blir nok tøff siden formen blir verre og verre.
Eg prøver heller ikkje å tenke på at eg må betale hardt i kanskje fleire veker
når eg kjem heim, fordi eg har tatt meg slik ut med å være på reis,  så aktiv og sosial.

Eg hater å være kronisk sjuk.
Det er skikkeleg drit.

Eg får aldri ferie
fra det.

Interiør Shopping, inspirasjon ++

ON MY MIND

9. juli 2017

1.Plakat, Desenio – HER
2. Stol, Hay – HER
3. Sengetøy i lin, H&M – HER
4. Vegglampe, Ellos – HER
5. Krus med bambusbrikke, Stelton – HER
6. Stativ, Mixrack – HER
7. String stol, Menu – HER
8. Carrie led lamp, Menu – HER
9. Morgenkåpe i vasket lin, H&M – HER

 

Hund Interiør

LØPETID

6. juli 2017

Løpetid nummer tre har meldt sint ankomst.

Lucy blir slapp, sover endå meir enn ellers og har ikkje så god matlyst.
Ho virker også litt nedfor når ho har løpetid,
og trenger litt ekstra kos.


Om du har hunden din i sofaen, på fanget eller i senga som meg –
så er det veldig greit å ha fleire gode truser dei kan ha på seg.

Då eg budde i Bergen gjekk eg rundt i alle dyrebutikkene,
men det var ingen som hadde gode tispetruser.
Eg fant kun overprisa truser i ekkelt glatt stoff, og som var alt for lite dekkende..
ikkje likte ho å ha dei på seg heller.

Disse søte trusene ho har på seg er i bomull, kan vaskes i vaskemaskina,
og virker behageleg å ha på seg.

Eg kjøper dei på ebay,
koster nesten ingenting –  alt i fra 15 – 30 kr!
Sjekk HER.

Då er det ikkje dyrt å ha eit lite utvalg av truser å skifte på
om nokon er til vask. Ho har det tross alt i fleire veker, to ganger i året.

Inni trusene bruker eg bare vanleg truseinlegg (firstprice)
som eg klipper i to og legger halve inni trusa.

Forrige gang fikk ho innbilt svangerskap etter løpetida
og måtte få medisin for å bli bedre. Les meir om HER og HER.

Eg krysser fingrene for at ho slipper det denne gangen.

Lille vennen min som eg er så glad i ♥

Shopping, inspirasjon ++

SKJORTEKJOLE

5. juli 2017

Sommerfavoritt i garderoben min!

Eg har blitt så glad i skjorter i det siste.. og har fylt opp garderoben med
løse skjorter i kvitt, lyseblått og striper.. og det var sånn eg fikk augene opp
for skjortekjolen.

Den er fin til sandaler,  kvite sneakers,
eller du kan ta på deg hæler og dresse den opp.
Perfekt sommerkjole!

Eg kjøpte min på h&m,
men fant desverre ikkje link til den no.

Du finner lignende kjoler på bildet under,
og er du heldig så finner du kanskje den eg har i butikk!

 


1.Kjole fra Pieces, kjøpes HER
2. Kjole fra H&M, kjøpes HER
3. Kjole fra H&M, kjøpes HER
4. Kjole fra Hunkydory, kjøpes HER

Blomster

PEONY LOVE

24. juni 2017

Peoner fra mamma 

Vakreste blomstene eg veit om!!

God helg :)

Interiør Sponsor

FARGER

23. juni 2017

Eg har endeleg bestemt meg for kva farger eg vil ha,
og kor eg skal ha fargene!! #YAY

Eller,
eg står i mellom disse to blåfargene då ,
men eg trur det blir linblå –
st. pauls blue er så fin, men den blir kanskje litt for mørk.

Farger ser så forskjellig ut i ulike lysforhold,
så det er lurt å prøve dei ut der du skal ha dei.
Du kan enten få tak i store papirlapper som du kan henge opp veggene,
eller kjøpe små fargeprøver og male nokre felt.

Eg skal få tak i nokre prøver fra Fargerike Førde som eg samarbeider med (Sponsor) ,
om du bur i nærområdet så er det utruleg flinke og hyggelege folk som jobber der.

Eg elsker Jotun sine farger,
og det er dei eg kjem til å bruke.

Det var mest vanskeleg å bestemme seg for korleis eg skulle dele det opp,
kor eg skulle ha dei forskjellige fargene.

Eg har jo åpna opp mellom gang, kjøkken og stue –
det kan fort bli «rotete» når det er så store rom, og forskjellige farger.
Det skal passe både med interiøret og fargen på møblene.

Eg vil ha det lyst og behagelig på vegger & tak,
stramme linjer,
innslag av eik og svarte detaljer i interiøret.

Washed linen er en behagelig gråbeige farge,
som ser fin ut med linblå
og så blir det også mange vegger med klassisk hvit.

Eg foretrekker egentlig Chi til Jotun som er heilt kvit.
Eg har valgt kvitt kjøkken, og då må eg male med klassisk hvit slik at
kjøkkenet ikkje ser «gult» ut.
Det er viktig å finne riktig kvitfarge!


Så får vi sjå om det er dette eg ender opp med!! :)

På lørdag og søndag skal «vi» (ikkje eg, men dei gode hjelperene mine)
gipse videre i stua, eg gleder meg over alt som blir gjort,
litt og litt nærmere målet!!

Mat / Oppskrift.

SOAKED CHOCOLATE CAKE

14. juni 2017

Alle bør ha ei god oppskrift på ei platekake som ein kan hive sammen i ein fei,
og som ein veit alltid vil være ein slager!!

Den inneholder jo ein del sukker, eg har fleire ganger bytta ut halvparten med
sukrin, og det funker like fint. Det ein bør tenke på er jo at ein (mest sannsynlig)
ikkje skal spise heile kaka sjølv, men berre nokre stykker.

Dette er kaka eg har laga i årevis,
ofte er det enkle det beste.

Den er saftig, farlig god og
sjølv om eg laga ei heil langpanne –
så var dette altså det siste kakestykket som var igjen..
..og no er det borte-vekk ;)

Oppskrift, stor langpanne:

400 gram smør
4,5 dl vatn
6 ss kakao
9 dl sukker
1 beger rømme (3 dl)
4 egg
2 ts natron
9 dl kveitemjøl

GLASUR
100 gram smør
6 ss melk
5 ss kakao
2 ts vaniljesukker
350 gram melis

Sett ovnen på 200 grader. Ha smør, vatn og kakao i ei stor kjele og varm det opp til smøret er heilt smelta. Rør til ei jevn masse. Rør inn sukkeret og pisk inn rømma. Pisk inn ett og ett egg om gangen, rør inn mjøl og natron og rør alt til ei fin deig.

Ha deiga i ei stor papirkledd langpanne og steik den i ca. 30 minutt.

Ta kaka ut av ovnen og prikk den STRAKS med ein gaffel over heile kaka so du får masse små hull overalt. Hell over den VARME glasuren (den lages ved å smelte smøret og blande inn det andre og røre alt godt sammen til ein glatt glasur) og bre den godt utover. Den vil renne nedi hulla og gjøre kaka bløt. Avkjøl på disken.

Den er perfekt å fryse, eller oppbevare i boks i kjøleskapet.
Ofte er den best om ein lar den stå ei stund på kjøkkenbenken så den ikkje er for kald/stiv.

Nyt den som den er – eller ha is / bær til.

Håper det smaker! ♥