Browsing Category

FeaturedArea

Interiør

TEATIME

27. januar 2017

I dag er det kaldere ute  – vi koser oss inne i varmen.

Eg kikker i masse interiørblad, instagram og på pinterest.. og planlegger oppussinga.
Snart skal både kjøkken, stue og gang takast – det blir mykje jobb framover.
Gleder meg til april/mai når det er ferdig!!


Men snaart er det ut på tur.
Lucy gjømmer seg endå når ho skjønner at vi skal ut,
men så fort ho er ute så storkoser ho seg. Lille raringen min ♥


Kopp/tefat, House of Rym // Telysestake, Anderssen og Voll // Lysestake med kronelys, Normann Copenhagen //

Interiør

THE BEDROOM

16. januar 2017

P1016151
Soverommet!

Det blei ein quick fix slik at eg kunne flytte inn og ta det i bruk raskt.
Eg har sparkla og malt utenpå ein gammal tapet. Fargen er Demring fra Jotun,
og Chi i tak / vinduskarm.

Det mangler fortsatt lister i tak og gulv som dåke ser.
Og bildene skal opp på veggen etter kvert + nokre knagger eg har kjøpt.

P1016154
Nattbordet er fra Ikea, heiter Valje – rimelig og fint!

Lampa heiter Milk og er fra &tradition, kjøpt her.
Det er to forskjellige nattbordslamper foreløbig, får sjå kva det blir til slutt.
Den andre er ei lampe eg har kjøpt for lenge siden fra Bohus.

Skal ta bedre bilder seinere, du ser så vidt litt av det fine gulvet –
det er laminat fra Pergo.

P1016149
Eg var så heldig å vinne denne lampa i høst hos @viboboligstyling på instagram,
og endelig er den oppe.

Det er en grå fjærlampe, vita eos  – nydelig! ♥

Interiør Shopping, inspirasjon ++

IF MONEY WASN’T AN ISSUE

9. januar 2017

ifmoneywasnoissue

1. Finstrikka genser fra By Malene Birger, HER.

2. Vegglampe fra Flos, HER.

3. Knagger i eik. The Dots fra Muuto, HER.

4. Mags Sofa Hallingdal fra Hay, HER.

5. Dørmatte fra Heymat, HER.

6. Pocket Hylle fra String, HER.

7. Spisebord i svart eik fra Hay, HER.

Hund

WINTER WONDERLAND

2. januar 2017

p1016028

Stor stas med snø!!
Lucy har kosa seg sånn i dag, eg og forsåvidt.

p1016035

Vi sprang bare rundt i hagen og leika – men det er nok av plass.
Ser ut som at ho står og uler, men ho prøvde bare å få tak i snø i lufta trur eg.. ;)

p1016033p1016053p1016031

Til slutt var det på tide å gå inn i varmen.
Det var så vidt eg fikk av ho dressen, ho hadde så masse snøklumper på føttene, i ansiktet, i rumpa osv..

Ingenting anna å gjøre enn å dusje ho med lunka vann for å få det vekk.

No ligger vi på sofaen og slapper av.

Ønsker alle ein fin dag,
og eit godt nytt år!♦

Interiør Jul

God Jul

22. desember 2016

p1015976
Eg vil ønske alle mine lesere ei riktig God Jul ♥

p1015979
Ute herjer stormen,
eg og Lucy koser oss inne i varmen.

Koseleg med heimelaga pepperkaker, julelys og levende lys..
og eit nytt interiørblad som kan gi meg inspirasjon.

Vi har sovet to netter i det nye soverommet vårt,
nymalte vegger og tak + nytt gulv. Bilder kjem snart.

I januar skal eg sjå på kjøkken, og planlegge oppussing.
Gleder meg!!

p1015965
Lucy har løpetid for andre gang i sitt liv.

Det er litt meir travelt, og litt meir stell enn til vanleg,
men det går veldig fint :)

Jul Shopping, inspirasjon ++

JULEGAVETIPS, Del 2

7. desember 2016

uten-navn

1.Genser, HER
2. Kopp, HER
3. Handkrem, HER
4. Gullbestikk, HER
5. Print, HER
6. Oppvaskbørste, HER
7. Vase, HER
8. Forkle, HER
9. Nattkjole, HER
10. Tekopp med testil, HER
11. Tøfler, HER
12. Linservietter, HER
13. Pocket organizer, HER
14. Oppvaskmiddel, HER

————————————————————————-

Eg fikk spørsmål om eg kunne lage ein del 2 av julegavetipsa mine,
så her kjem litt fleire tips til kva du kan kjøpe til henne, eller til deg sjølv  ;)

Diverse Kjærleik

PLANFADDER

6. desember 2016


destiny_med_logo_forside_5
Eg såg første episode av «Heia jentene» i går,
serien går på tv3. Eg såg den på viaplay, men den ligger også gratis på nett som fks HER.

Kjønnsdiskriminering har djupe røtter i rwandisk kultur, og det fører ofte til vold mot jenter og kvinner.
Det er trist å tenke på at det skal være ein så stor bakdel å være jente i mange andre land,
eg kan ikkje forestille meg korleis det må være å leve der. Men ein får litt innblikk i tv-serien.

I serien følger vi Ina Wroldsen, Camilla Pihl og Hallvard Holmen som skal bu på landsbygda i Rwanda.

Etter første person Ina Wroldsen møtte, ei jente som tok vare på to yngre søsken siden mora
hadde reist fra dei, så var eg eg klar til å bli planfadder!
Dei åt berre ein gang om dagen, kjøtt hadde dei ikkje spist siden mora dro for lenge sida.
Jenta som tok seg av søskena måtte jobbe hardt, og gå langt for å få tak i vatn.
Dei var så små, og budde aleine – ingen voksne som tok seg av dei eller gav dei kjærlighet.
Det var så sterkt,  og så vondt å se.

Eg gjekk inn på nettet i går kveld, og søkte på ‘Plan Norge‘, og der kryssa eg av for
kva verdensdel, land , kjønn og aldersgruppe. Du krysser også av for kva pris du vil gi.

Det var så raskt og enkelt å gjøre,
og så avgjørende for dei som får hjelpa.

Vil du bli fadder? TRYKK HER

838548-12-1332022919505

 

 

 

 

 

I dag fikk eg e-post om at det låg bilde og informasjon om fadderbarnet mitt på
‘Min side’ på Plan Norge, og eg følte ein sånn kjærlighet for ho med ein gang eg såg ho ♥

Det er ei skjønn jente fra Rwanda på 6år som bur med mora si i eit lite hus laga av stokker,
med jordgulv inni.  Det tar en time å gå til en plass der det er reint vatn.
Meir kan eg ikkje dele då ein ikkje skal dele navn, bilde og private opplysninger på nettet.

Men eg vil oppfordre dåke til å hjelpe,
eg har støtta fleire ganger med engangssummer, og gir ofte på innsamlinger –
men no var det på tide at eg fikk meg eit fadderbarn.

Pengane går ikkje direkte til fadderbarnet ditt, men til lokalsamfunnet der fadderbarnet
ditt bur. Det ville vært veldig urettferdig for dei barna som ikkje har fått fadder om det berre skulle
gått til fadderbarna. Det blir planlagt og gjennomført prosjekt i samråd med lokalbefolkninga.
Det grunleggande prinsippet til Plan er at hjelpa alltid må rettest til lokalsamfunnet,
og då får jo denne lille jenta det bedre og.
Eg håper at når ho er gammel nok at ho får mulighet til å gå på skulen.

Eg vil understreke at eg skriver dette av fri vilje, og at det ikkje er noko samarbeid.

I disse tider når vi bruker så masse penger på julepynt, gaver og slikt –
så er det fint å bruke litt penger på dei som faktisk treng noko.

————————————————————————————————-

PS. Eg vil også minne på den posten eg skreiv i fjor om Fattighuset i Oslo,
det er desverre mange som ikkje har det godt her til lands også – og det er veldig trist å tenke på.
Spesielt no i jula, og eg håper at alle barn og ungdom her i landet ihvertfall får ei julegave kver.

Lever gaver direkte til dei på kontoret i Oslo, eller send i posten, adressa er i bloggposten HER.
(hugs å ikkje pakke det inn, les gjerne heile bloggposten for tips og informasjon↑)

Mat / Oppskrift.

ELTEFRITT GROVBRØD

6. desember 2016

p1015953

Åå, ein blir skikkeleg avhengig av disse brøda når ein først har fått smaken på det!

Beste brøda eg har smakt i mitt liv. Sist eg la ut bilde så var det eit havrebrød, men
dette brødet har eg laga flest ganger. Skikkeleg godt grovbrød, dette bør du prøve deg på.

Det beste av alt er jo at det er SÅ enkelt!

Så kos å spise dette til lunsj etter å ha gått tur med Lucy.
Det var ganske kaldt i dag, så det var herleg å komme inn igjen i varmen , spise ferskt brød
og drikke kakao. Ahhh ;)

I går hadde eg ein ganske tøff dag med mykje anfall, men i dag har eg til no ikkje hatt
nokon endå, så eg håper det fortsetter slik i dag. Eg har satt ei deig til kvite kakemenn,
så etter nokre timer på sofaen so skal eg kose meg med å bake det.

p1015959
Eltefritt grovbrød,
oppskrift fra flinke Anita Stokke Blomvik som driv bloggen «Kvardagsmat»  :)

Du finn oppskrifta HER.

Mat / Oppskrift. Shopping, inspirasjon ++

NORDIC KITCHEN

2. desember 2016

_61a7193-edit_61a7215

Eg ville bare vise disse fine pannene fra den nye serien «Nordic Kitchen» til Eva Solo.

Eg er jo veldig glad i å lage mat som dåke veit,
og eg blir ekstra glad når utstyret er praktisk og fint på samme tid!!

Dei kan brukes på alle varmekilder (også induksjon), er lette å handtere pga det lette materialet,
har eit belegg som er enkelt å holde reint, og som treng lite smør/olje.

Gryta kan du ha i oppvaskmaskina, men ikkje steikepanna pga trehandtaket.
Eg har den store gryta på 6liter, perfekt når du skal lage ei stor suppe, fårikål, gryterett,
eller fks. kålerabistappe til jul ;)

Eg såg tilfeldigvis at viss du går inn på Eva Solo sine sider og melder deg på nyhetsbrevet,
så er du med i trekninga av nettopp slike panner/gryter!!

Jul Mat / Oppskrift.

KOS

27. november 2016

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er første søndag i advent,
eg feirer med deilig eplekake med vaniljekrem (Mums!)
og varm sjokolade med masse krem.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Kopp, Kremmerhuset // Fat, Rosendahl

I går blei eg tante til ein liten prins, no er eg tante til seks stykk!!
Og i dag har pappa bursdag – så eg og lillebror hadde ei god unnskyldning til å
kose oss med litt kake :)

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Skikkelig god kake, det er andre gangen eg har laga den no.

Oppskrifta finn du hos Det Søte Liv  <–