Browsing Category

FeaturedArea

Jul Shopping, inspirasjon ++

JULEGAVETIPS

23. november 2016

Til søster, veninne eller til deg sjølv ;)

julegavehenne

1.Eg syns disse litermåla og bollene fra Design Letters er så fine! Du finn dei HER.
2. Søt lue fra h&m, HER.
3. Dots, fine knagger (kjem i fleire farger) til gangen eller soverommet. Kjøp HER.
4. Lysestake , kjøp HER.
5. Genser (kjem i fleire farger), HER.
6. Dette gryteunderlaget er så fint, kjøp HER.
7. Ansiktsmaske fra Clinique, denne er så god og gir fukt til vintertørr hud.
Eg kjøper denne om igjen og om igjen. Kjøp HER.
8. Lakris med salt og karamell, får vann i munnen!! Kjøp HER.
9. Kähler skuffer aldri, eg elsker den nye julekolleksjonen Nobili. SÅ masse fint! Kjøp HER.
10. Forkle med ruter til den bakeglade, kjøp HER.
11. Brødboks, kjøp HER. Eg har den i svart.
12. Sengetøy i vaska lin fra h&m, kjøp HER. (kjem i fleire farger)

Til kjæreste, bror eller kompis.

julegavehan

1.Kasseroller fra Obh Nordica. Eg har ei sjølv, og ønsker meg fleire.
Stilig, og praktisk med nonstick. Kjøp HER.
2. Denimskjorte, HER.
3. Kule boots, HER.
4. Whiskeyglass, HER.
5. Skjærebrett og pizzahjul, HER.
6. Deo, HER.
7. Svart bestikksett , dette står på mi ønskeliste!! Kjøp HER.
8. Skjerf, HER.
9. Skinnbelte, HER.
10. Klokke fra Daniel Wellington, kjøp HER.

Til barna!

uten-navn

1.Drikkeflaske med forbokstav, HER.
2. Melaninfat også fra Design Letters, HER.
3. Matboks med tre rom, kjøp HER.
4. Skjønn pysj, HER.
5. Ullbody fra nøstebarn, dei har så gode klær. Kjøp HER.
6. Morsomt spill, HER.
7. Søtt badehåndkle, HER.
8. Plaster, HER.
9. Pysj til gutt, HER.
10. Lysboks, HER.
11. Melanin skål med pinnsvin, HER.

 

Til mamma og pappa

julegavemampap

1. Trines Mat, bøker med masse gode oppskrifter. Kjøp HER og HER
2. Olivenolje i ei lekker flaske, HER
3. Grillvotter, HER
4. Barberskum til far, HER
5. God handkrem til mor, HER
6. Ingenting er bedre enn heimelaga gaver.
Lag disse deilige sjokoladetrøflene, oppskrift HER – og putt dei i eit syltetøyglass eller ei krukke som DETTE,
ha eit fint band rundt , og gaven er klar. Super gave til venner også :)
7. Om du skal spandere litt ekstra, eller du spleiser med søsken så er denne gryta heilt genial. Kjøp HER.
8. Hansker til mor, HER. (kjem i fleire farger)
9. Termokanne, kjøp HER. (kjem i fleire farger)
10. Hansker til far, HER.
11. Brødkurv, HER. Fåes også i grå. Denne kunne eg tenkt eg og, kjempefin!!

————————————————-

Eg har fått forespørsel fra så mange om eg kunne lage ein slik post.
Håper du fikk litt tips til gaver, det ligger nok meir i arkivet på jul fra i fjor eller forfjor på tips :)

Eg er ikkje sponsa, men sjølv er eg veldig fan av Kitchn sin nettbutikk eller butikk.
Om ein er medlem (gratis å melde seg inn) så får ein veldig mykje rabatt og tilbud,
stor forskjell på ordinær pris og klubbpris.

Ellers om du handler på nett så er det lurt å handle såpass mykje at ein kjem opp i gratis frakt,
kanskje du kan slå deg i sammen med nokon og bestille i lag, så slipper ein fraktgebyr..
Eg bestilte dei fleste gavene mine i samme butikker.. slik at eg kom opp i gratis frakt
kver gang. Eg har bare to gaver igjen.. :)

No blir det mykje nettshopping på meg siden eg bur i bygda og ikkje kjem meg i butikker
fordi eg ikkje har bil. Men det er alltid fint å gå i butikker om ein har anledning til det,
slik at ein får sett og tatt på vara før ein kjøper det..

Det er jo alltid fint å støtte lokalsamfunnet også, og handle der du er.
Eg skal kjøpe nokre småting og legge ved gaver, som fra matbutikken, frisør og den ene
blomsterbutikken vi har her :)

Kos dåke med julehandelen!!

Livet Sjukdom

20. november 2016

_61a6319

I same augeblikk som eg åpner augene,
er du der.

Du er med meg i alt eg gjer,
og du følger meg kor enn eg går.
Du får meg til å grine i all slags samanhengar,
utan at eg ein gong veit kvifor.

Det blir heilt svart.

Eg kjenner meg med eitt både utrøysteleg og uendeleg trist.
Alt verkar so håplaust, og eg ser ingen løysing eller lys,
det er berre mørke.

Du minnar meg på alt det dumme og alt det vonde.
Du seier at det ikkje er verdt å leve,
at eg ikkje har noko liv. At det ikkje er meir for meg der ute.
At eg ikkje vil bli betre, og at det ikkje er verdt strevet.
At eg berre skal gje opp.

Eg trur på deg.

Du seier at eg er udugeleg, og at ingen treng meg.
At eg er til meir bekymring, og meir i vegen enn til nytte for nokon.

Eg nikkar og er samd.

I mine svarte augeblikk er du verdens klokaste,
det er kun du som snakkar sant, og som har vettet i behold.

Du kviskrar i øyret mitt,
og du syner meg glimt etter glimt frå livet mitt som er vonde
å sjå, høyre og tenkje tilbake på. Du minnar meg på situasjonen min
no, og kor drit alt eigentleg er, og har vært so alt for lenge.
Det forsterkar alt vi har snakka om vi to.

Eg vil berre forsvinne.
Eg vil få sleppe å føle eller tenkje.

Eg gret og gret.
Hovudpinen går over til migrene.

 

Det er ikkje noko liv,
det har du rett i.
Det er nesten ikkje til å halde ut,
det har du rett i.
Eg orkar ikkje meir,
det har du rett i.

MEN eg har fortsatt styrke,
det har du oversett.

Kor den kjem frå det veit eg ikkje,
men eg prøvar so hardt eg kan å bekjempe deg.

Eg er so sliten, so sliten.
Men det kan ikkje slutte slik.
Eg vil prøve å snu det til noko bra.
Eg skal vise deg at eg kan.

Eg vil ikkje ha deg her.
Eg forstår at du er her, men det hjelp ikkje at du er her
i tillegg til alt det andre.

Du gjer livet mitt endå verre.

 

Depresjon,
ha deg ut av livet mitt!

Interiør Sponsor

THIS MORNING

2. november 2016

p1015852p1015849

Eg er så glad i Design Letters sine produkt. Det er stilreint og lekkert.
Fata er god størrelse på som passer til frokost/kvelds og lunsj, eller til fks. pizzastykker.
No står blant anna vasene på ønskelista, eg syns dei er veldig kule.. og nokre fat til Lucy i melamin.

Putetrekket har glidelås, det er fløyelsmjukt – og bare så herleg!!
Det kjem ein give away på instagram straks i samarbeid med Ingridshjem, så følg med –
der kan du vinne to putetrekk med valgfrie bokstaver :)

p1015851
Putetrekk og fat fra den fine butikken Ingridshjem.no – se utvalget dei har av Design Letters HER.
Brettet er fra Bloomingville  // Tøfler, Shepherd  //  Sengetøy, Høie of Scandinavia  // Vase, Kähler  //

p1015833
Du kan velge kva bokstav du vil ha på framsida, og på baksida står det «Good Night»..

p1015838 p1015864
Lucy får godbiter innimellom bildene, min lille modell♥
Ho syns det er gøy, fordi ho veit ho får masse godt. På bildet under plukker ho opp ein godbit eg heiv ned, men det ser
ut som ho sover, søtnosen min!!

p1015855

Interiør Mat / Oppskrift. Sponsor

EVA TRIO DINNER

30. oktober 2016

 I samarbeid med Eva Solo

_61a7250
Hausten er ei perfekt tid for koselege veninnekveldar, og middagsbesøk.
Siden mitt kjøkken ikkje er pussa opp endå, så lånte eg Øyvind sitt kjøkken denne gangen.
Det var kjekt å lage mat her igjen, og det var blitt så fint med den nye vedomnen!!

_61a7228_61a7240
Dei vakre glassa er fra Eva Solo – du finn dei HER.

_61a7267
Peter tar bilder imens eg står over grytene i bakgrunnen. Det var ein kamp med tida pga. dagslyset.
Eg elskar hausten, men minuset er at det er mindre dagslys. Heldigvis hadde eg min fotograf-bror og hans gode utstyr med.
Slik at vi kunne ta litt bilder begge to.

_61a7256
Eg brukte anledninga til å dekke bordet med det nye serviset mitt fra Eva Solo
som heiter Legio Nova.

Elegant, og tidløst.
Det passer til alle anledningar, det er bare å style det som du vil.

Her har eg gjort det veldig enkelt med nokre linserviettar, nokre kvastar og litt lauv.

Eg liker det veldig reint,
so eg brukte berre glassvaser, og telysglass i klart glass.

Eg syns det blei utruleg lekkert med det vakre serviset Legio Nova.

p1015794_61a7236

MENY

_61a7319
Raudvin til middagen, veldig gode glass å drikke av forresten..

_61a7276_61a7283 _61a7281 _61a7297

Sennepsgratinert lammecarrè med honningsbakte rotgrønnsaker og rødvinssaus,
med potet og pastinakkmos (oppskrift fra trinesmatblogg)

_61a7300  _61a7340

Porsjonsostekaker med rørte blåbær  (oppskrift fra idagranjansen)

_61a7349 _61a7343

Pssst.. desserten var sjukt god om eg skal sei det sjølv ;)


Alt i alt ein vellykka middag!!

Det ein treng er eit lekkert pynta bord (for det betyr mykje at det ser innbydande og fint ut!!) , levande lys,
at det er varmt og koseleg, god mat/drikke, og ikkje minst godt selskap med kjekke folk!! ;)

Interiør

INSIDE

24. oktober 2016

p1015729

Her skal snart vinduskarmene pusses og males, listene skal vekk og veggene skal gipses og males –
gleder meg :)

p1015744

Fra frokostbordet i helga då familien var på besøk ♥

p1015707

Det nye bordet mitt med marmorplate, ELSK!!
Det er fra trademax , eg vant eit gavekort for ei stund sida.

Dette bordet + ei vegglampe var det eg valgte meg.
Lampa er ikkje komt opp endå.

p1015730

Først blir det å pusse opp denne halvdelen av stua, det er nok veggene her som skriker mest etter oppgradering..
Gleder meg til glatte gipsvegger, og enten blir det kvite eller grå vegger, eller begge deler – vi får sjå.

p1015746

Veggen bak kjøkkenbordet skiller stua og kjøkkenet, og med tida vil eg slå den ned så det blir meir åpent.
Men det er nok ei stund framover i tid..

Når veggen skal slåes ned så vil eg ha nok penger til å kunne ta kjøkkenet i samme slengen,
så då er det bare å sette i gang å spare !

Mat / Oppskrift.

ELTEFRITT HAVREBRØD

11. oktober 2016

p1015734_61a7068

I dag har eg laga mitt aller første grytebrød, og det blir ikkje siste gang.
Dette må eg lage oftere. Det er det beste brødet eg har smakt på lenge!!

Det er jo bare så enkelt, og så utruleg godt. MUMS.

Eg lagde eltefritt havrebrød,
oppskrifta fann eg hos Kvardagsmattrykk her.

_61a7077

Fest, Bryllup, Bursdag ++ Hund

IT’S TIME FOR A PAW-TY

25. september 2016

p1015592

Lucy fyller 1 år i dag, hurra!! 

p1015575

Den lekre bursdagskaka er fra Dyresjappa.no,
du kan bestille den HER.

 

Super service, og rask levering.
Kjempe fornøyd med denne nettbutikken!!
(ikkje sponsa)

p1015615p1015579p1015598

Lucy fikk bein og kake fra meg, og litt leiker fra familie og venner –
trur ho har hatt ein herlig bursdag så langt ;)

Til oss voksne laga eg kanelsnurrer, hehe, det er jo tross alt bursdagsfeiring,
så vi måtte kose oss litt vi og!

Jada, kall meg crazy dog woman eller at det er sprøtt,
men ho er jo lille babyen min <3 

Fest, Bryllup, Bursdag ++ Shopping, inspirasjon ++

BIRTHDAYGIRL

2. september 2016

P1015253

Til meg,
fra meg.

 

P1015270

2. september er min dag –
og i dag fyller eg 32 år !

 

P1015267
Toppen er fra Massimo Dutti 

Om eg skal pynte meg, så liker eg at det er veldig enkelt..
fks. skinny jeans og ein silketopp – det er veldig meg.

Den blir også veldig fin under ein v-halsa strikkagenser!

Om du ser i garderoben min så finner du veldig mange av denne type topper.
Eg elsker slike enkle, og fine topper som dette. Denne kjem til å bli mykje brukt!!

Hund Livet

MY DAY

27. august 2016

_61A6436-Edit-2
Foto: Peter Førsund

Dagen starta med anfall og sol..
I går baka eg sju brett med horn – så frokosten var allerede klar.
Mange spurte om oppskrift etter å ha sett horna på snapchat og insagramstoryen min
i går, eg bruker denne (<- link)  – dei er kjempe gode!!

Øyvind og Peter har brukt stubbebryter og fått opp røttene på ei busk utenfor huset som
vi tok vekk i forbindelse med maling. Det ser ikkje so fint ut rundt inngangspartiet akkurat no,
men eg har planane klare, og fint skal det bli!

Kjekt med sterke, hjelpsomme mannfolk som
stiller opp sjølv om sola forsvann, og regndråpane kom..
– og lille venn hjalp til med å grave i jorda med munn og klør ;)

Elles har eg laga ei stor gryte med middag til Lucy i dag.
Eg har fordelt det i boksar,  og skal fryse det ned når det er avkjølt.
Det er 500g i kver boks,  denne gangen blei det fire fulle bokser,
og i kver boks er det ca. fire porsjoner.
Det er kjøtt og grønnsaker som blir most, og så tilsetter eg litt tran før servering..

Peter knipsa det fine bildet før eg og Lucy hoppa i dusjen i stad.
Nydelig, ikkje sant?

Når ho er skitten som det der,
så vasker eg bare beina og ansiktet hennes.
Ho blir jo veldig våt likevel, men ikkje på ryggen eller oppå hodet,
så det blir litt mindre tid med føning :)

No skal eg slenge meg på sofaen under pleddet, og pleie helsa,
med influensa på toppen av alt så er eg ekstra sliten.

God helg!!

Mat / Oppskrift.

KLADDKAKE

25. august 2016

P1015347P1015339

Ingredienser:

Kladdkake:
100 g smør
2 store egg
3 dl sukker
1,5 dl hvetemel
2 ts vaniljesukker
5 ss kakao

Sjokoladefudgeglasur:
2 dl kremfløte
1 dl sukker
1 dl lys sirup
100 g kokesjokolade
100 g smør

Servering:
pisket krem eller vaniljeis

Fremgangsmåte:

Kladdkake:
Smelt smøret. Pisk sammen dei øvrige ingrediensane med ein stålvisp. Tilsett det smelta smøret og bland til ein jevn deig.

Ha deiga i ei rund form (24 cm i diameter) med bakepapir i bunnen.

Steik kaka midt i ovnen ved 175°C i 20 min. Avkjøl kaka i forma.

Sjokoladefudgeglasur:
Ha kremfløte, sukker og sirup til sjokoladefudgeglasuren i ei kjele og varm opp. Brekk opp sjokoladen og ha i.
Rør til sjokoladen smelter. La blandinga småkoke til den tjukner (det tar ca 15 min).
Ta så kjelen av plata og tilsett mjukt smør i klatter. Rør til ein glatt glasur.

Hell sjokoladefudgeglasuren over kaka i forma. Sett forma i kjøleskapet i minst 3 timar (og gjerne over natta).
Då vil glasuren ha stivna til ein tjukk krem.

Løsne kaka frå forma med ein kniv. Fjern kakeringen og dra bakepapiret av kaka frå under sida.
Sett kaka på eit passande fat.

La kaka stå i romtemperatur ei stund før servering,
slik at sjokoladefudgeglasuren får ein mjuk og kremete konsistens.

Server kaka med piska krem eller vaniljeis!
NYT!! ;)

P1015344

Oppskrifta er funnet hos Det Søte Liv!!

Eg har spist fleire stykker med is til, og nokre stykker bare som den er..  eller med bær til ;)
Den er knall god!!