Browsing Category

FeaturedArea

Shopping, inspirasjon ++

i WISH

14. august 2016

BDAYWISHES
Eg fyller år i begynneslsen av september..
alltid gøy å lage collage med bursdagsønsker ♦

—————————————————————

1 + 2 – Disse lysestakene fra By Lassen er bare RÅLEKRE!
Eg har lyst på dei i både svart og kvit, eller grå og i både fire og åtte.. snart håper eg at ein av dei blir min.

3. Genser fra Bik Bok. Lyst på den i alle fargane!!
Sjølv om det er sommer, så føles det som høst pga det ruskeværet vi har her om dagane.
Eg går rundt i strikkagensere og får lyst å handle varme gensere og gode skjerf!!

4. Nydelig BH fra Ganni – denne har eg sikla etter lenge.
Perfekt å ha under strikkagenseren!!

5. Pledd fra Bloomingville. Dette er supermjukt og verdt kver krone!!
Eg har eksakt samme i grått med oransje kant som eg har hatt i mange år,
men det er temmelig utvaska og godt brukt – så dette står HØGT på ønskelista.
ELSKER at det er i bomull. Eg er ikkje så glad i pledd som er syntetisk eller i ull/strikk då dei ofte blir
elektrisk og kan gi støt og sånn.. eg er litt sær på pledd, så dette anbefales.

Pga sjukdom tilbringer eg veldig mykje tid i sofaen, så eit godt pledd er viktig ;)

6. Lekker morter i marmor.

7. Paper Bag. Disse er så dekorative og praktiske. Ønsker meg ein stor ein som eg kan ha til store
grønne planter, fks. eit oliventre når eg kjem i orden her i huset etter kvert..
og til jul vil eg ha eit mini-juletre i den :)

8. Ein weekendbag som ikkje koster skjorta, og som er stilrein og fin!!

9. Planen er at eg snart må bytte ut litt av colaen med vatn, og skal eg få i meg det så må det være
kullsyre i det!! Ønsker meg dermed ein SodaStream kullsyremaskin. Det finnes jo fleire varianter,
usikker hvilken eg skal gå for, eg syns faktisk at denne som koster minst har finest design – men lurer
på om eg bør gå for den som koster ein tusenlapp meir når eg først skal kjøpe..
kom gjerne med tips om du har erfaringer!!

Dagens Antrekk Livet Sjukdom

LIVET

12. august 2016

_61A6188
Peter tok så vakre bilder ein kveld vi gjekk tur, han gjekk med kameraet rundt halsen – 
heldigvis snappa eg minnekortet hans og putta det i pcen min. Han hadde bare sletta alle sa han,
han var ikkje fornøyd med nokre av bilda, han er så perfeksjonist. Eg syns dei var fine. så eg redigerte dei litt.

_61A6152_61A6190 _61A6150_61A6201
Kjole, Bik Bok  //  Jakke, Gina Tricot  //  Sko, Nike  // Veske, Michael Kors  // Selen til Lucy, Puppia (ebay)  //

Det blir mykje bilder av meg og Lucy,
men det er stort sett slik dagane ser ut og kun det dagane mine inneholder..

Eg er i hagen med ho, går turer, leiker på gulvet med ho.

Det er også mykje stell, enten det er klipp av pelsen, augerusk,
klipp av klør, eg lager maten hennes (grønnsaker og kjøtt),
bader ho innimellom, det er floker og børsting og det er meir leiking,
og så er det ut igjen.

Eg liker å dille med ho, og koser meg når eg steller med ho.
Eg vil at ho skal ha det godt, og liker at ho er rein og fin!

Det blir sikkert litt vel mykje bilder av ho for dåke,
men det blir sånn når det går i Lucy fra morgen til kveld her ;)

Og så er det den helsa mi som absolutt ikkje er god.

Migrenen er heilt ekstrem for tida.
Juli og begynnelsen av august har vært intens.

Epilepsimedisinen hadde god effekt i begynnelsen, veldig god.
Anfalla blei halvert.

Men så tok nevrologen ferie, og den varer jo nesten i 3mndr (!!)
og ho er ikkje tilbake før 22 august og då har eg time..
det vil sei at eg ikkje har fått økt doseringa gradvis, som eg gjorde i starten,
slik at virkninga bare har stagnert..
-Eg har stått på samme dose siden slutten av mai.
Veldig kjedelig at det blei sommerferie midt i behandlinga.

Eg trur og at eg blir meir deprimert av medisinen,
eller så er eg bare det.. uansett er eg endå lenger nede enn eg har vært.
Det er tungt, og eg sliter veldig med å holde humøret oppe.

Utad ser eg vel ok ut,
eg står opp kver dag. Eg gjør alt eg skal,
eg tar meg av Lucy,
eg prater og smiler til folk.

Men innerst inne er det svart,
og eg har konstant klump i halsen.

Eg har lyst å gråte, men eg orker ikkje å gråte meir i dag,
og eg bør ikkje pga migrenen, det gjør bare
vondt verre..

xx

Hund Kjærleik

PUPPY HUGS

4. august 2016

_61A6092

SOME THINGS JUST FILL YOUR HEART
WITHOUT TRYING

_61A6101

Interiør Shopping, inspirasjon ++

BEDROOM WISHLIST

1. august 2016

Bedroom

1.Vita, Eos Grey – Denne var eg så heldig å vinne fra @viboboligstyling !! og eg får den i slutten av august/september. Så utruleg gøy!!
Eg valgte kvit ledning, er usikker på kor eg skal ha den – men kanskje det blir i taket på soverommet, vi får sjå :)
Kan kjøpes her

2 + 4. Eg vingler veldig mellom å ha nattbordslampe på veggen fordi eg syns det er mest ryddig,
eller om eg skal gå for ein på nattbordet. Begge to er superfine!! (Dont hate me for at eg linker til ein kopi på nr 4..)
Vegglampe her, og bordlampe her.

3. Speilet er så enkelt og fint, dette skal henge på veggen min.

5. Søt liten vase som eg skal ha på nattbordet mitt – kan kjøpes her

6. Herlig sengetøy i lin fra h&m

7. Garderobe fra Ikea, denne var lekker.


Soverommet blir nok eit av dei første romma eg kjem til å pusse opp
når eg tar over huset.

Eg gleder meg!!

Hund Sponsor

LUCY’S GOT A BRAND NEW LEASH

21. juli 2016

_61A6068

I dag har det vært SOL – det har vært HERLEG!

_61A6019_61A6007_61A6029

Lucy har fått halsband og kobbel fra merket MiaCara.
Utruleg lekkert, og i veldig god og solid kvalitet.

Det både ser og føles veldig eksklusivt ut, kjekt å ha noko til finere anledninger.
Det kan kjøpes på nettsida, HER (halsband, kobbel)

Nettbutikker i Norge som fører merket er fks. petshopgirls,
Den eine hundesenga til Lucy er jo fra dette merket, og ho elsker den!! 


Dei har så masse fint,
du finner dei på instagram–>  HER

_61A6090_61A6017

Foto: Peter Førsund
Edit: Meg

_61A6062
Annonse //

Livet

FARVEL BERGEN

17. juli 2016

P1014509
Vi kjem til å savne å være her oppe,
dette var favoritttplassen vår.

P1014505I går drog vi med flyttelasset, og forlot Bergen.
Det var både trist, og godt på same tid.

Tusen takk for super hjelp til brødrene mine og Øyvind som hjalp
meg å få alt pikkpakket mitt heim til sogn!!!

Eg kjem til å savne byen, og spesielt parktilboda..
Skog og natur er jo fint, men for meg som får anfall og ofte er veldig sjuk
så kan eg ikkje stikke til fjells eller skogs. Eg må gå der nokon kan finne meg..
Ein park har vært gull verdt for meg, og det finn eg ikkje på bygda.
Nygårdsparken har vi nytta oss mykje av den siste tida, så den kjem vi til å savne.
Her blir det mest til at eg går langs vegen der bilane køyrer,
så det har faktisk vært betre å gå tur i byen enn på landet for meg.. ironisk nok.

Det er godt vi har hage, vi kjem nok til å være mykje der! ♥
Utsikta er jo heilt nydelig,
og Lucy storkoser seg i hagen!!

Eg flytta frå bygda då eg gjekk ut av 10.klasse og skulle begynne på vgs,
og eg har ikkje budd i Leirvik sida eg var 15 år..
så det er litt rart å være tilbake på ubestemt tid.

Som eg har skrive før så bur eg og mamma her litt samtidig ei stund,
eg tar ikkje over huset heilt endå. Men eg har begynt å gjøre litt småting,
og eg planlegger og smådrømmer litt ;)

Peter (lillebror) har begynt å male huset, og om berre regnet kan ta ein pause snart
så kan han fortsette med det. Eg er spent på korleis det vil bli når det er ferdig,
og då skal eg legge ut bilder så dåke får sjå.

Men det regnet tar jo ingen ende,
det har vært eit trasig sommervær så langt.
Vi får krysse fingrene for at det snart snur!!

Interiør

ANE

13. juli 2016

P1015085
Dette sengetøyet fra Høie of Scandinavia er utruleg deilig.

Det er ikkje berre lekkert å sjå på,
men så svalt og mjukt.

Lin kan fort klø litt syns eg,
men det er 50% lin og 50% bomull – perfekt kombo!!

P1015097P1015092

Det er så reint og fint med kvitt sengetøy,
eg får litt hotellfølelse av det!! 

Sengetøyet heiter ANE – og du finner det HER.

No er det berre tre netter igjen her på soverommet –
god natt :)

Mat / Oppskrift.

LUNSJ TIPS

10. juli 2016

P1015028

Det er lykke å gå på eit bakeri eller ein kafè og kjøpe seg ein lunsj
som er sunn og god.

Det som er lurt er å merke seg det som er inni den gode sandwichen, 
eller salaten du eter.. for sjølv om det er kos å gå ut så er det dyrt å skulle gjere det ofte.
Snapp til deg tips slik at du kan lage deg det heime. 

Eg får jo ikkje sjansen til å kjøpe slikt no som eg flytter heim på bygda,
der er det ingen plass eg kan kjøpe smoothies og ferdig salater lenger.
Men det er like greit, no når eg skal kjøpe hus,
no må eg være økonomisk!!

P1015031P1015026
Eg har oppdaga ein ny ost på Godt Brød, og endeleg fann eg den på Lerøy på Galleriet,
den heiter Manchego. Det er spanias mest berømte ost, ein fast kvitost laga av sauemelk.
Den gjer det lille ekstra og piffer opp inni ein sandwich!!

Eg har kjøpt meg spirepose og alfa alfa frø så eg kan lage egne spirer,
for det er ganske dyrt å kjøpe det i grønnsaksdisken.
Kan kjøpes HER.

P1015022P1015025

Sandwich:

Fransk landbrød
Aioli på innsida av brødskivene.
Salatblad
Manchego ost

Rødløk
Spirer
Kylingfiletpålegg med paprikakrydder

I tillegg hadde eg laga meg ein grønn smoothie
med spinat, avocado, banan, grønnkål. annanas, litt eplejuice og vann.

DIGG!

P1015027

Så godt,
og så enkelt å lage!! 

Kjærleik Livet

EG TRENG MEIR TID

7. juli 2016

sunset-401541_1280-1024x682

Det er eitt år sida i dag,
at eg blei aleine.

Det har vært eit tøft år.

Til alle som sa at det ville bli betre om nokre månedar;
det er ikkje betre. Det er like vondt.

Det er eigentleg
verre.

No veit eg i tillegg kor tomt og trasig det er utan han.
Saknet som er der heile tida.
Kor meiningslaust alt er..

Om ein elskar nokon so går det ikkje berre over,
då må ein først slutte å elske.
Eg kan ikkje berre skru av ein knapp, sjølv om eg ofte
skulle ynskje at det gjekk an.

Ti år er lenge, og det vil ta den tida det treng..
La meg få lov å sørge, la meg få ta den tida eg treng.

Eg saknar kvardagen med han.
Og det at eg ikkje har nokon her med meg lenger.
Eg saknar alle dei tinga som ein tek for gitt når ein er i eit forhald.
Eg har aldri nokon å sovne / vakne opp med, ligge og småprate med i senga i helgene..
Eg må ete alle måltida mine aleine.
Sjå alle filmar / tvprogram aleine, ingen å kommentere ting til når ein ser på noko..
Det er ingen som som reknar med meg i helgeplanene sine lengre, ingen å planlegge noko med..

Eg er jo mykje sjuk som gjer det vanskeleg for meg å vere sosial,
eg orkar ikkje farte, eller besøke folk hit og dit.
So det er veldig lange dagar. Eg er einsam.

(Å ha ein hund er kjempe koseleg og Lucy gir meg mykje glede,
men ein kan ikke prate med ein hund – og det er noko heilt anna..
Nemner det i tilfelle nokon skulle ta det opp i ein kommentar. )

Det er hardt å miste den ein elsker.
Det er ekstra hardt å miste han når ein ikkje er i jobb,
og ein er skikkelig sjuk og ein berre er heime. Han var sola som kom heim til meg kvar dag,
og som lagde struktur i livet mitt. Han gjorde kvardag til kvardag, og helg til helg
siden han var i jobb. Han fikk meg til å le, han trøysta meg og eg var der for han òg so klart..
Eg fikk litt andre ting å tenke på enn meg sjølv, hans liv og hans ting..

Han har gjort so mykje for meg, og vært heilt topp. Vi har mange gode minner.
Eg er takknemeleg for dei åra vi har hatt, og eg ser
sånn opp til han som person.

I mellomtida er eg glad for at eg har verdens beste venn,
som er samme mann. Han er stort sett den som har stilt opp for
meg bortsett frå familie, so kva eg skulle gjort utan han ironisk nok
veit eg ikkje, he-he..

Han har hjulpet meg med min daglege kamp med både sjukdom og depresjon
via telefonsamtaler, melding og ofte besøk, sjølv om han bur langt vekke.

Eg trur at eg etter kvart skal komme meg på beina att.
Det vil ta tid, men ein vakker dag so er eg der.
To år, fem år til, eg veit ikkje –
berre gi meg litt meir tid.

Hud, Hår og Skjønnhet. Sponsor

MY MORNING ROUTINE

5. juli 2016

P1015013

Du kjem langt med eit smil,
og ei sunn og fin hud!

Eg er mykje dårlig, men eg prøver å ha ei god rutine på å ta
vare på huda mi kvar morgon og kveld.

Eg er i bedre humør når eg har ei fin hud rett og slett!
Det har mykje å sei for meg at eg føler meg vel, også utan sminke.
Eg hadde ei periode med urein hud, og det gjorde meg ganske deprimert.
No er det pigmentflekkar eg kjempar i mot.

Det er godt det er so mange gode produkt der ute.
Eg skal også teste ut eit serum i dette merket mot pigmentflekkar,
eg har berre ikkje komt so langt endå. Men det har eg stor tru på!

 

P1014987

Alex Cosmetics finnes i over 50 land, eg fikk først høyre om det via mi veninne
Kristine, som er hudpleiar i Førde.Det er ein økologisk hudpleieserie til ansikt og kropp.

— Produkta er 100% organiske, reine, og bra både for huda og miljøet! —

Eg har brukt disse produkta ei stund no. Eg hadde egentlig ingen forventningar,
då eg testa disse då veninna mi anbefalte dei so varmt.

Eg er hudpleiar eg òg, og ofte skeptisk til det meste,
og eg skal innrømme at eg kanskje ikkje likte navnet so godt..

To sekund inn i første rensen so var navnet irrelevant og eg var solgt..
det er reine og gode produkt. Eg har prøvd mykje, og då meiner eg MYKJE.
Men dette likte eg so godt at eg kjem til å fortsette med det,
og kjøpe fleire produkt i serien.

Rensen fjerner sminken, urenheter og daglege rester raskt, effektivt og grundig.
Den er behagelig og mild.

Green tonic er ein mild ansiktstoner med verdifulle urter som er
forfriskende og god, eg elsker dufta. 

 

Peelingen er utan korn, og inneheld syre og enzymar,
eg likte denne veldig godt også.

Ein dagkrem er på veg i posten, kanskje den kjem i dag-
eg gler meg som ein unge til å prøve den!!

 

P1015016
Eg anbefaler Kristine om du bur i Førde-område, dyktig dame!

 Akkurat no har ho eit tilbud;
Kjøp 4stykk produkt og du får ei gratis hudpleiebehandling på ein verdi til 1200 kr.

klikk deg inn HER for meir informasjon.

Om du lurer på noko om dette merket så finn du meir informasjon
på 
alexcosmetic.no

Om du har lyst å prøva produkta, og ikkje har forhandler
i nærheten så kan du kjøpe på nettet HER.