Det gjer seg med litt kvaster her og der,
og denne gangen kjøpte eg til og med ein sukkulent til stuebordet.
Det regner og regner, men det gjelder å gjere det beste ut av det..
Lag ei stor kanne med te, ta fram sjokoladen og kos deg med ei god bok, eller netflix ;)
Lille vennen min som er så god å ha ♥
Ønsker alle ei god helg!!
Bluse fra h&m – HER
Shorts fra Gina Tricot – HER
Clarisonic (eg har skrive feil på bildet ser eg, hehe) – HER
Lykt fra Menu – HER
Sandaler fra NLY Shoes – HER
————————————————————————————————————————————————————————————————————————————–
Eg har så lyst å klikke heim ALT mulig om dagene – det er vanskelig å styre seg.
Eg har alt for mykje dødtid foran pcen, og eg er havner heile tida i nettbutikker sjølv om eg prøver å styre unna.
Eg bestilte den fra clarisonic då eg sliter med både pigmentflekker, komedoner og tørr hud på nesa.
Sjukdom og medisin har mykje å sei både for hud og hår,
så eg må bruke litt ekstra tid og penger på og pleie det. Kjedelig, men sånn er det.
I tillegg skal eg over på nokre nye, økologiske hudepleieprodukt fra og med i mårra –
eg skal lage ein egen post om det ein anna dag – følg med! :)
ENDELEG
kan eg fortelje dykk om husplanane mine!!
Eg har jo ymta frampå at eg har hatt planar, og at det har vært hus og hage
på gang!! Eg har fått mange spørsmål, men eg har venta litt med å dele det
med dåke då alt ikkje er heilt i boks endå,
men eg skal ta over barndomsheimen min :)
-pause for reaction-
Eg har jo vært på leit etter ein plass å bu veldig lenge..
Det har nemleg ikkje falt meg inn i det heile tatt at det kunne
være eit alternativ å bu her, før mamma lufta det for meg for ca 3 mndr sidan.
Eg har jo lenge venta på at mamma kom til å flytte austover til søskena mine og barnebarn,
men eg har ikkje tenkt på at eg kunne ta over huset faktisk..
Eg har ikkje hatt lyst å bu i Leirvik før, så det har vel sikkert med det
å gjere også, men plutseleg føltes det riktig.
For dåke som ikkje veit kor det er så er det altså i ei lita bygd
i vakre Sogn & Fjordane.
Det er eit hus på tre etasjer, med utleigedel nede.
Eg og Lucy kjem nok til å berre halde oss i hovedetasjen.
Den øvste etasjen vil stå klar til det kjem gjester :)
Eg har ikkje akkurat noko stort budsjett til oppussing, (les: ingen)
men det må jo være lov å drøyme litt!!
Eg ELSKER alt på bileta over.
Det er berre inspirasjon eg har funnet på pinterest altså.
Det er mykje eg har lyst å gjere, men eg får ta ting etter kvart..
Huset er raudt med kvite lister,
men det haster å male sida mot fjorden, so den skal allereie malast no!
Fargen eg går for er brunsvart, litt usikker på den. Om eg syns den er for brun,
så får eg blande i litt meir svart i andre strøk. Så det blir brunsvart/svart med kvite lister,
og lysegrå mur. Raudt hus er fint, men det blir litt for koseleg for min stil.
Det er ei skikkeleg fin tomt med en liten skog på oppsida,
terasse, uthus, stor hage, og fjorden på nedsida.
Kanskje du har sett litt på snap om du følger meg der?
Endeleg får eg den roa, og den utsikta eg har lengta etter!!
Eg flytter hit i slutten av juli, og blir buande her samtidig med mamma ei stund.
Ho følger med og kikker på finn.no etter eit koseleg lite hus, eller rekkehus i Østfold,
der dei andre søskena mine bur.. og når ho finner seg noko der, og når vi har fått
ordna diverse ting så tar eg over her , kanskje til hausten.
Det blir ei spennende tid framover!!
Eg var så heldig å vinne gavekort på XXL før jul i julekalender..
og i forrige veke før eg opererte dro eg og handla.
Eg kjøpte disse fine Nike skoa, og eit par svarte støvler.
Eg kjøpte også eit sett med ullundertøy, genser og tights fra umbro, fint å ha til høsten/vinteren!
Eg kjøpte også litt forskjellig til Lucy, det er jo ein del hundeutstyr der.
Augedråper, blodstopppulver + masse godbiter + en stor ball.
Dsisse godbitene er Lucy heilt vill etter..
Eg fikk masse utav gavekortet, så det var heilt topp!!
Joggeskoa har eg allerede brukt mykje,
og eg er kjempe fornøyd med kjøpet – utruleg gøy å vinne :)
Det har vært litt av ei festhelg med bryllyp i går –
og i dag hadde vi babyshower her hos meg :)
Eg hadde ikkje med meg kamera i går i bryllupet, det er tungt å dra på kamera når ein er i dårlig form.
Bruda var heilt nyydelig, og det var ein fantastisk fin dag!♥
Øyvind vaska og rydda kåken for meg, tusen takk Øyvind, kva skulle eg gjort uten deg??
og han tok Lucy med seg i parken i mens vi jentene kosa oss her.
Først hadde vi pastasalat, speskeskinke, litt fingermat og godt brød.. og deretter makroner, kokosboller og jordbær ++.
Det blei ikkje tid til å lage bleiekake denne gangen som eg gjorde til søstra mi, men det gjorde seg med litt
ballonger og vimpler!!
Kjempe koselig å gjøre litt stas på ho og babyen med god mat, og litt gaver :)
——–
No har eg pøsa på med smertestillende og er snart klar for senga,
det er ganske så smertefult endå. Men det verste er heldigvis over – det har vært ei tøff veke.
Det er ikkje ofte eg kjøper pensko,
men siden eg skal i bryllaup i helga so har eg kjøpt disse lekre pumpsa.
Det er ei av mine beste veninner som skal gifte seg,
so sjølv om formen ikkje er på topp so vil eg ikkje gå glipp av denne dagen!!
For meg er det vel så viktig at skoa er gode å gå i, som i korleis dei ser ut –
og disse var utruleg stødig og gode på foten. Fargen er heilt nydelig!!
Prisen er rett over 1000-lappen og eg fant dei på Høyer her i Bergen.
Eit skopar som er verdt å investere i, og som går til det meste i framtida.
Satsar på at formen er litt bedre i morgon.
Kjolen eg skal ha på meg er fra same merke, ein korterma mørkeblå kjole som går
litt nedenfor knea, som eg kan ha sports-bh under. Det har jo vært ei utfordring og
finne kjole som eg kunne ha sportsbh og bandasje under.
Eit elegant og enkelt antrekk som eg føler meg vel i – følg meg på snapchat og du får nok
eit glimt av antrekket!!
Bryllaupet skal vere i eit hotell like ved her eg bur –
so det passer veldig bra når eg blir sliten og må trekke meg tilbake.
Øyvind skal passe Lucy :)
Dei kjem nok til å kose seg i finværet.
Endelig er den unnagjort.
Eg møtte opp litt før 07 i dag tidleg på Haukeland,
på dagkirurgisk avdeling..
Operasjonen var vellykka i følge kirurgene,
eg får jo ikkje sett resultatet på ei stund før
bandasjer og strips er vekke – men eg er veldig glad
for at eg er ferdig!
(Eg har altså operert eine brystet pga brystasymmetri.
Om du vil lese meir, les posten eg skreiv om det HER)
Eg har fått nydelege peoner fra mamma,
eg ville heller velge noko sjølv istedet for å få ein bukett
på døra fra blomsterbutikk.. er ikkje så glad i store buketter,
og liker best enkle, reine blomster i vasene mine som dette :)
Peoner er virkelig den vakreste blomsten på jord!♥
I kjøleskapet står det også ei eske med makroner fra ho og venter på meg..
På kjøkkenet står Øyvind og lager kyllingsalat som merkelig nok er det
eg har mest lyst på i dag av alle matretter, og han lager gladleg det eg vil ha.
Han er heilt fantastisk. Han har kjørt og henta meg på sjukehuset, i mens Peter (lillebror)
har passa på lille Lucy..
Øyvind blir her i fleire dager og tar seg av meg no når eg er dårleg
og treng litt ekstra hjelp. Det er klart at det er ei ekstra hard påkjenning,
når eg er så dårleg fra før av.
Han er så flink med Lucy, herlig at han kan ta ho med på tur
og ta seg av ho, ho forguder jo han ;) (ho også)
Det er så godt at vi har eit så godt og avslappa
forhold. Og eg er så takknemlig for alt han gjør for meg.
Eg har hatt mange anfall, hadde fleire anfall allerede på operasjonsbenken då
eg våkna. Det er godt at Øyvind er her så han kan passe på at eg ikkje skader meg
sånn når eg har krampeanfall , at eg ikkje «slår meg sjølv» så masse i operasjonssåret..
det er mykje å tenke på..
I neste veke når han drar så drar eg kanskje heim til mamma
så ho kan ta over og ta seg av meg litt..
Eg hadde nemleg hatt 6 vekers sjukemelding om eg hadde vært i jobb,
og eg skal ikkje gjøre husarbeid, løfte tungt eller anstrenge meg osv.
No skal eg ta påfyll med smertestillende,
og se videre på dokumentarer på NRK… ingenting er meir avslappande enn
stemmen til David Attenborough, ser på korallrevets eventyrlige verden ;)
Ha ein fin kveld alle sammen :)
1. Lekker lyslenke fra House Doctor, kan kjøpes HER
2. Søt kjole fra Ganni, kan kjøpes HER
3. Ballerinasko fra Bianco, kan kjøpes HER
4. Badedrakt fra Filippa K, kan kjøpes HER
5. Hengekøye fra Bloomingville, kan kjøpes HER
6. Bikerjakke fra H&M, kan kjøpes HER
7. Topp fra Gina Tricot, kan kjøpes HER
8. Blonde bh fra H&M, kan kjøpes HER
9. Strandhåndkle fra The BeachPeople, kan kjøpes HER