Browsing Category

FeaturedArea

Mat / Oppskrift.

Beef Bourguignon

13. mars 2016

PA178086
Bildet er lånt fra Trines Matblogg sidan eg berre filma retten min på snap og glemte å ta bilete sjølv.
Men filmsnutane ligg der i 10-12timar til, so gå inn på snapchatten min «regineforsund» :)

I kveld stod det Beef Bourguignon på menyen.
Eg har laga gryta ein gang før – men denne gongen tok eg litt frå oppskrifta til både
trines matblogg og jamie oliver. Og den blei bedre enn første gongen!!
Til gryta laga eg ein potet-og sellerimos, perfekt kombinasjon til gryta.

Det finnes so mange variantar av denne gryta, og det er eigentleg berre å putte i
det ein likar og unnlate det ein ikkje liker. Eg er ikkje noko fan av laurbærblad, so det
blei ikkje med i mi gryte – men det er jo smak og behag :)

Etter utallige henvendelsar på snap om akkurat korleis eg laga mi gryte,
så heiv eg meg rundt no, og her er oppskrifta:

Ingredienser til gryta:
1,2 kg storfekjøt høgrygg,  i terningar (går an å bruke andre typar kjøt, mørbrand var det eg brukte)
300 g bacon, i terningar
3 fedd kvitløk finhakka
16 charlottløk, heile
6 gulrøtter, i stavar
2 ss tomatpure (toppa skeier)
2 ss kveitemjøl
Tmian, 2 ss (tørka eller frisk, eg hadde bare tørka og det funka heilt fint)
Persille, 3 ss finhakka
Oksekraft, 3dl
Halv flaske raudvin
Safta fra ein appelsin
Salt & Pepper

Framgangsmåte:
Sett på omnen på 150grader.

Skjær kjøtet i terningar, som str. på biletet over.
Krydre med maldonsalt og kverna pepper. Brun kjøtet i fleire omgangar so det ikkje blir
liggande å koke i gryta. Sett kjøtet til sides i ei skål.

Deretter bruner du baconet til det har blitt gyllent.
Tilsett gulrøtter, kvitløk, charlottløk og timian.
La det stå i fem-sju minutt til grønnsakene har fått litt gyllen farge.

Ha i tomatpure, og mjøl. Rør rundt.
Hell oppi kjøttet og all kjøttsafta,
miks alt saman og la det putre i eit par minutt.

Hell oppi raudvin, og oksekrafta, tilsett persille og appelsinsaft.
Ha på lokket, og sett den inn i omnen!

Eg laga alt i Le Cruse gryta mi.  Det stod i ovnen i 3timer.
Kjøttet var så mørt og godt, super gryte å lage om du fks. får gjester.

Vi var to stykk, åt oss stapp mett og det er ihvertfall nok til to middager til.
Greit å lage meir når ein først lager dette, og så fryse ned,
det har eg gjort før og det fungerer heilt fint :)

Potet-og sellerimos
900 gram poteter, i terningar
300 gram selleri, i terningar
Meierismør
Matfløyte
Salt & pepper

Kutt opp poteter og selleri i terningar.
La det koke til det er mørt. Sil av vatnet.
Ha i  godt med smør og matfløyte, mos med potetstappar så den blir litt chunky.
Smak til med salt/pepper.

Eg lagar alltid for mykje potetmos, så denne porsjonen held til ca. 4personar.
(eventuelt rester til neste dag)

Håper det smakar om du prøver deg på denne,
anbefalast :)

Hud, Hår og Skjønnhet. Shopping, inspirasjon ++

KNIT & PREP PRIME FIX

10. mars 2016

P1012043 P1012045
Nydelig genser fra By Malene Birger – du finner den her //

Den ser beige ut i nettbutikken, men den er meir rosabeige –
veldig fin og vårlig farge, gleder meg til å bruke den!♥

Den var på salg ei stund, men eg ser at prisene er satt opp igjen desverre –
følg med og kanskje det skjer igjen? ;)

P1012050
MAC sin Prep + Prime Fix er dagens abefaling om du skal kjøpe deg eit nytt produkt!!

Eg sprayer den over ansiktet når eg har sminka meg ferdig,
og den fjerner den pudderaktige finishen som ein ofte får..
– og etter ein dusj ser eg mindre sminka ut, og den gir meg glød!!

Les i kommentarfeltet på Kicks sin nettbutikk, det overbeviste meg, hehe..
og eg er glad eg kjøpte den. Elsker den, og den dufter såå godt ;)

Dette er ikkje reklame altså,
om det er det så skal det stå Annonse, Adlink eller Sponsor.

Sjukdom

Dagen då alt forandra seg!

9. mars 2016

P2111347

I dag fikk eg ein kommentar på ein bloggpost som eg skreiv for lenge sida.
Det var berre spam (reklame), med mitt gode spamfilter får eg ikkje så mange slike kommentarer,
så eg blir sjeldan påminna gamle innlegg.
Eg la dermed merke til overskrifta i bloggposten,
«Dagen då alt forandra seg!».

Eg lurte på kva den handla om,
eg gjekk inn og las den.

Vi skal heilt tilbake til oktober 2012..
Les den HER.

Det er jammen godt at ein ikkje kan sjå inn i framtida.

Eg er glad  at eg ikkje visste kor lite det skulle hjelpe å få diagnose.
Eg er glad at eg ikkje visste at pengane ville stoppe meg frå å finne ut
om behandlinga kunne kurert meg eller gjort meg betre.

Eg er glad at eg ikkje visste at eg skulle bli endå dårlegare,
og endå meir deprimert enn eg var då. Endå meir sliten,
endå meir einsam, meir aggressive anfall, og endå meir lei.

Det er tunge dagar.

Det er klart at tanken har slått meg,
kjem eg til å bli gradvis verre år for år?
Er det slik framtida mi skal bli?

Eg håper verkeleg at det ikkje er tilfellet.

Blomster Interiør

FLOWERGIRLS

7. mars 2016

 P1011940P1011943P1011987P1011947
I dag har vi jentene vært og kjøpt blomster i ein koseleg
blomsterbutikk som heiter Toneblomst, som ligger her i sentrum.

Det er utfordrende når Lucy er så vanskeleg å gå i fra, og det er
lite eg får gjort av handling.. så eg blei veldig glad då eg fikk lov
til å ta ho med inn i blomsterbutikken!! #godservice
Ho sjarmerer jo alle på sin vei den lille pelsdotten min ;)

Eg fikk skikkeleg vårfølelse –
blomster gjør virkeleg det lille ekstra i heimen!!

Etterpå gjekk vi ein lang tur i vårsola,
og no ligger ho og sover i mens eg gjør unna bilderedigering, blogging og instagramming!!

P1011954P1011955
Lille vakre venn♥

Interiør

NERVOUS

2. mars 2016

P1011677P1011683Poster, Maren Baxter (Annonse)

Då er siste posteren kommet opp på veggen i stua –
–  «Nervous» av Maren Baxter.

Den kan kjøpes gjennom ho om du kontakter ho via facebooksida hennes,
eller via denne nettbutikken.

Eg har ett til print fra ho i stua, som er så nydelig.
Du har sikkert sett det på instagramprofilen min? Det er dette.

No står soverommet for tur som er temmelig kjedelig og upersonleg at the moment..

Eg har jo ikkje tenkt å bu her så lenge, det er for dyrt, og eg kunne tenkt meg å bu litt meir
landeleg enn det eg gjer no. Men i mellomtida gjer eg det beste ut av denne leiligheta,
og er veldig fornøyd med kor fint det har blitt i denne minikåken på 34kvadrat.

Hund

Hundelivet ;)

29. februar 2016

P1011673
Det er mange som har spurt korleis det går med meg og Lucy,
så her kjem ei status oppdatering!!
Det er nok mykje kjedelig informasjon for dei som ikkje er interessert i dette eller har hund,
men det er så mange som spør meg på snapchat / instagram / e-post, så eg tenkte eg skulle svare litt her.

Lucy fylte 5 måneder for fire dager siden.
Ho har vokst så fort, det er rart å tenke på kor lita ho var då eg henta ho!!
Ho veg no 3,6kg (kan bli maks 5kg)

Det er litt travelt om dagene, og eg skal innrømme at det ikkje er så kjekt med dei kvalpetennene.
Alle melketennene skal ut, og nye tenner skal opp og fram. I helga mista ho si første hjørnetann.

Ho har ei tann som er laus, og det er ei tann som har kommet opp under denne, og
det plager ho veldig. I følge dyrlegen skal eg bare vente og sjå, og satse på at den løsner av seg sjølv snart.
Ikkje så kjekt å sjå at ho har vondt, og at den plager ho,
men ho må bare igjennom dette stakkars.

Siden ho har vært litt pjusk og hatt dårlig matlyst dei siste dagane så tok vi turen til ein dyrebutikk i dag!
Det er første gang ho har vært i butikk, så det var stas å være på bystasjonen på «Tropehagen».

Ho valgte seg ut denne gule godbitballen, og fikk ny godis som eg putta inni.
Ei fin aktivitetsleike som ho må jobbe litt for å få godbitene ut ;)

Elles kjøpte eg litt meir godis og diverse tyggebein som skal hjelpe for å få fart på den lause tanna.
Det blei også med ein svart sele som ho testa ut med ein gang på gåturen tilbake, den blei godkjendt!

Til alle som spørr om medaljongen ho har i halsbandet sitt, så er den kjøpt HER.
Du ser den litt bedre på bildet under.
P1011731
Eg valgte sirkel i messing, i størrelse Small.
Framme står navnet hennes, og bakpå står mobil nr mitt.

Ho er jo ID-chippa, men om ho skulle komme vekk ute så har jo ikkje folk flest slikt utstyr,
og det er litt greit at ho har ein id-brikke på seg.

Til dei som lurer på om ho sover i bur,
eh, nei. Det var jo planen ikkje sant?
Ikkje alltid at ting går som ein hadde tenkt nei.. buret står på soverommet og er kun i bruk til leiking innimellom.
Ho sover i dobbeltsenga med meg, lille bortskjemte vennen min.

P1011521
Det er utruleg koseleg å ha hund, og eg angrer ikkje eit sekund.
Ho gir meg mykje glede, og er så søt og morsom!!
Men det er jammen travelt med kvalp også.

Det som er mest travelt er nok faktisk pelsstell. 
Ho røyter ikkje som eg er kjempe glad for, men det er likevel mykje jobb med å holde ho rein.
Pelsen er jo lys, som gjør at den blir fort skitten – og det er veldig mykje pels!!

Det blir mykje meir dusjing enn eg hadde tenkt, fordi ho rett og slett blir så skitten etter turene.
Då er det hundeshampoo og balsam, og så må eg tørke ho godt med håndduker før eg føner ho i 15-20min,
og deretter må eg børste ho. Så det er litt av ein prosess!
Ho er blitt flinkere og flinkere, men dusjing er ikkje det kjekkeste ho veit akkurat.

Eg klipper ho kver 14.dag med maskin & saks.
Men eg reingjør rundt augene hennes dagleg.
Ho får rødt augerusk som setter seg i pelsen, så eg pirker ofte ut rusk med fingerne,
og så klipper eg rundt auget der det sitter fast.
I begynnelsen var dette utruleg vanskelig,eg var livredd for å stikke ho i auget
– og eg var heilt svett når eg var ferdig!
No går det veldig bra.

Eg klipper også klør sjølv , ca. kver 10 dag.
Eg skal innrømme at eg er livredd for å komme borti ei nerve, så eg klipper bare litt,
det som buer seg, og aldri lenger inn. Så langt har det gått bra, og ho er flink å være i ro,
og får sjølvsagt litt godbiter innimellom klippinga.

P1011675
Til alle som trur at eg er så frisk og at å ha hund gjør meg bedre, så er det feil oppfatning.
Ja, ho gjør kverdagen meir innholdsrik, og eg er ufattelig glad i ho – men dårlig er eg jo likevel.
Eg har bare ikkje fokusert eller delt så mykje av dei leie tinga i det siste.
Smerter, oppkast, anfall, skader fra anfall, sorg og ikkje minst depresjon preger meg veldig, kver dag.

Det er tøft å ha ansvaret for ho på dei verste dagene,
men eg setter ho alltid først, og eg veit at ho har det bra trass i at eg er dårleg.

Det er klart at eg ofte skulle ønske at eg hadde ein til her som kunne hjelpe meg med ho,
men det er bare oss to jentene, og vi gjør det beste ut av det.

2016-02-10 13.16.12-1
Det å få Lucy ut av huset er ikkje så lett..
med ein gang ho ser antydning til at eg enten er borti skuffa der eg har tøyet hennes,
eller at eg kler på meg yttertøy.. så ligger ho under sofaen før eg veit ordet av det.

Men når eg først har fått ho ut,
så storkoser ho seg!! Spesielt om ho finner pinner, det er toppen av lykke!!
Vi møter også på ganske mange hunder kver dag, og her i Bergen er det jo så masse duer også som er gøy å jage litt på..

Vi går lenger og lenger turer, og ho er kjempeflink til å tisse/bæsje ute no.
Problemet er bare at ho gjør det inne også, men eg har eit sånt renslighetstreningsbrett og ho gjør fra seg der.
Så det er ikkje sånn at ho tisser/bæsjer overalt inne, og det er jo supert.

P1011625
Aleinetreninga går heller dårlig, det gjekk fint ei lita stund – men så gjekk det verre igjen.
Det er verkeleg ei utfordring, og det gjør vondt i hjertet når eg hører kor ho piper og bjeffer når eg går ut døra.

Eg har fått opp kamera på badet, som eg kobler opp til mobilen med ein app –
og slik kan eg følge med på ho når eg går ut framover.

Eg har prøvd å legge kong (leike som eg har leverpostei i som har ligget i frysen) inn til ho,
godbiter / tyggebein eller kosebamse, men ho klarer ikkje å roe seg ned med det.
Ho rører ikkje godbitene før eg er tilbake , først då kan ho slappe av og kose seg.

Eg begynte med babysteg fra sekund til minutt der eg gjekk inn og ut ytterdøra,
og etterkvert stod utenfor ytterdøra i nokre minutt, og økte gradvis med minutt for minutt,
før eg turte å stikke på butikken.
Det lengste eg var vekke fra ho var vel 20 minutt.
Men no er det full krise etter to sekund.. og ho piper/bjeffer/uler i 10 min i strekk,
og er heilt oppkava og overoppheta når eg kjem inn igjen.

Dyrlegen sa at eg hadde gjort alt riktig,
men at denne hunderasen sliter med seprasjonsangst. Dette visste eg egentlig då eg har lest det,
men eg trudde likevel at eg skulle få det til på første forsøk, typisk meg..
– Ho sa at eg bare måtte starte på nytt igjen og sjå om det går bedre denne gangen,
og at det kanskje blir bedre når ho blir eldre. At slikt varierer fra hund til hund,
og at det bare må trening og tålmodighet til..

Så dette må eg nok jobbe mykje med framover,
men plutselig så løsner det,
og til slutt vil ho skjønne at eg kjem igjen og at ho bare kan bruke tida til å sove eller
kose seg med tyggebein..

wish me luch!! (i need it)

—————-

Om det er noko eg har glemt,
eller fortsatt noko du lurer på så legg igjen ein kommentar og så skal eg prøve å svare!

Ellers kan du følge med på instagramprofilen hennes @lucymaltipoo ,
og på snapchatten min «regineforsund»  :)

Interiør Shopping, inspirasjon ++

Desenio Posters

18. februar 2016

P1011482 P1011494P1011477P1011467P1011485
Posters, fra Desenio – Annonse.

ENDELIG er bildeveggen min oppe!
Eg har hatt besøk av snille Øyvind som har hjulpet meg med å henge opp bildene, tusen takk for hjelpa!!!
Eg er kjempe fornøyd med resultatet :)

Eg brukte ganske lang tid på å planlegge kva motiv eg ville ha, og kva som passa i lag.
Alle plakatene er fra Desenio.no , ein nettbutikk med mykje godt utvalg av både kunst og rammer.

Istedet for å henge det i senter over sofaen, så valgte eg å ha det på eine sida.

Den største ramma er fra Clas Ohlson, det var jammen ikkje lett å finne ramme i målet 70 x 100 !
Dei andre rammene er fra ikea.

—————————

Kva er dommen?
Yay or Nay som ungdommen seier? ;)

Interiør Shopping, inspirasjon ++

WEEKEND WISHES

7. februar 2016

IWISH
1. Poster «Woman Rain», HER 
2. Lommebok fra Michael Kors, HER
3. Armband fra Sophie By Sophie, HER
4. Genser fra By Malene Birger, HER
5. Iphonedeksel fra Richmond & Finch, HER
6. Handsåpe fra Meraki, HER
7. T-skjorte fra Calvin Klein, HER
8. Jeans fra Only, HER
9. Skittentøyskurv fra Vipp, HER
10. Koffert fra By Malene Birger, HER
11. Anastasia Contour Kit, HER
12. Bag fra House Doctor, HER

Sjukdom

STATUS

27. januar 2016

reg1
Eit bilde frå «arkivet» der eg har anfall.

 

Eg er fullstendig tappa.
Tappa for energi, tappa for styrke og tappa for håp.

Dagane blir lengre og lengre.
Eg veit ikkje kva eg skal kalle det, men eg trur nesten ikkje at eg kan kalle det eit «liv».
Eg er i live, men eg lever ikkje.

Eg lever kun for Lucy.. (hunden min)
Ho er årsaka til at eg står opp kvar dag.
Ho er årsaka til at eg held mi personlege hygiene ved like,
grunna at eg må ut av huset og gå turar med ho.
Utan ho hadde eg berre blitt i senga – som eg gjorde fra byrjinga av juli til slutten av november.

Akkurat no har eg heller ingen lyst.
Lyst til å leve, til å lykkes eller til å bli frisk.
Det er umogeleg, og eg meistrar ikkje nokon av delane.

Mange seier/skriv til meg at dei håpar at eg snart bli betre..
men utan noko form for behandling eller hjelp so blir ein ikkje det.
– Det at eg berre skal bli betre/frisk heilt sånn utan vidare er like urealistisk
som at eg brått skal få venger og fly.

Eg får også alltid høyre at «Det må jo være nokon som kan hjelpe deg?!»
Nei, det ser ikkje slik ut. Etter 21 år med intens prøving/feiling kan eg vel seie det.

Helsevesenet er ferdig med meg.
Dei veit ikkje kva som feilar meg,
dei har gjort alt dei kan kome på av utgreiingar og teoriar.
Dei har ingenting meir på planen for meg.
– Eg er uføretrygda, punktum.

Problemet er at livet ikkje er slutt,
eg skulle ynskje eg var 71 og ikkje 31 år..
Det er alt for lang tid att av livet til å berre sitte «her» inne og råtne vekk.

Det er alt for vondt at hjernen fungerar so godt,
at eg er fult klar over alt eg går glipp av, og at eg ikkje får leve det livet eg vil.

Dei dagane (som i dag) når eg verkeleg , verkeleg prøvar –
so gjev kroppen meg fingeren.

Eg stod opp trass i alltid elendig dagsform og humør.
Eg åt frukost.
Eg hadde anfall.
Eg dusja.
Anfall.
Anfall.
Anfall.
Eg gjekk likevel ut i sola med Lucy.

Eg fekk anfall ute.

Ingen hjalp meg.

Lucy satt ved sida av meg sjølv om bandet låg laust på bakken.
Eg blødde naseblod.
Det ilte av smerter rundt i heile kroppen.

Eg kom meg opp.

Eg tørka vekk blodet med ermet på strikkegensaren,
og børsta vekk litt grus.
Eg løfta ho opp med dei verkande armane, og eg bar ho med meg heim,
ned alle trappetrinna frå Johanneskirka.
Kvart trinn gav meg støt av smerter i kroppen,
og kvalmen bygde seg kraftig opp.

Vel heime,
i det eg lukka døra bak meg so seig eg i saman inntil døra.
Eg hulkgråt.
Lenge.

Eg tok ut posen med godbitar frå jakkelomma og tømte den utover gulvet.
Ho såg ikkje ut til å bry seg om grininga mi heldigvis, og kosa seg og leika.

Anfall. Anfall. Anfall. Anfall. Anfall.

Deretter forflytta eg meg til badet der eg blei sitjande og brekke meg,
og kaste opp i ein time. Lucy dilta etter og la seg ned og sov ved sida av meg.

Talet er oppe i 17 anfall hittil i dag.
Det er endå nokre timar att av døgnet,
og so er eg so «heldig» at eg ofte har anfall på natta òg.

———————–

Eg tek ikkje telefonen,
eg orkar ikkje prate med nokon.
Eg orkar ikkje å lese eller svare på meldingar.
(Beklagar til dykk som prøver å få tak i meg. )

Eg vil ikkje høyre at eg er sterk eller at eg må halde ut.
Av same grunn er kommentarfeltet stengt i denne posten.

Kor mykje lenger skal eg halde ut?
..og for kva?

For å få fleire slike dagar?

————————————-

Eg gjer opp.

Og det følast godt.
Å gje opp.

Eg er so sliten.

 

(Edit: Eg gjer opp kampen.
..ikkje som i at eg tek livet mitt.)

Hund Interiør

LIGHT

17. januar 2016

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vakre liljer fra mamma som eg har fordelt her og på kjøkkenbordet.
Er så fornøyd med den nye vasen min fra Tine K, telysglassa er fra samme merke.

Psst.. vasen er fra nettbutikken til heltmeg.no , der er det forresten 50% på alt.
Butikken skal desverre legges ned, men du kan få deg nokre kupp!!

Lucy ligger på saueskinnet og nyter solstrålene som slikker ho på ryggen..
snart skal vi gå ein tur ut i vinterkulda.

God søndag til alle sammen!!