Kopp, her // Håndduk, her // Duftlys, her // Fjøl, her //
Lykke er å få pakke i posten etter ei lang og trasig helg.
Min 17-mai helg har ikkje vært så kjekk – eg skreiv litt om det på instagram på eit bilde av meg som ligger i senga, så gå inn der om du er interessert i å lese den lille teksten. Eg orker ikkje å skrive så masse om det, men livet er jammen ikkje lett med denne grusomme sjukdommen. Det har blitt ein del tårer dei siste dagene. Eg er SÅ sliten. No trenger eg ein bedre periode snart..
Då er det kjekt at det kjem pakke som eg har heilt glemt at eg har bestilt, hihi.
At eg kan bli så glad av ein søt kopp er kanskje litt rart for nokon, men eg blir i så godt humør av å ha fine ting rundt meg. Håndduken er fra samme merke, eg syns den var så fin. Eg kjøpte koppen og håndduken, og så hadde ho som driver nettbutikken lagt ved dette duftlyset , så utruleg koselig og overraskende. Det dufta jo bare heilt himmelsk også!! Aldri prøvd Joik sine lys før, men det er nok stor sjans for at det blir fleire slike duftlys her i framtida, mitt heiter «fresh melon». Anbefales!
Fjøla har eg hatt ei stund – er kjempe glad i den. Den er så søt!! Kan brukes som fat til brødskive, eller å bruke det til servering av fks. ost/kjeks og slikt :)
(Pssst.. Eg skal innrømme at kakaoen og marshmallowsene kun er for bildet sin skyld så det såg meir koselig ut, men eg er alt for kvalm til å få i meg noko sånt.. eg gjør ofte masse rart for bildene sin skyld, hihi.)