And into
the forest I go,
to lose my mind
and find my soul.
Det er så flott natur her eg bur!
Eg er veldig glad i disse skogene, ikkje bare fordi det er så fint,
men fordi det var her eg leika då eg var yngre.
I disse skogene leika vi cowboy og indianer, indiana jones (hehe),
gjømsel, og det var her eg fikk mitt første kyss ;) og han rissa bokstavene våre inn
ei trestamme med hjerte rundt. Eg fikk leike med dei eldre søskena mine,
og då blei eg alltid stasjonert som kokk i eit «kjøkken» i ei steinborg, der mi plikt
var å plukke gaukesyre, hente vann og diverse imens dei sprang rundt og leika, hehe..
og til og med det var stas. Det var tider det!
Eg hadde aldri trudd eg kom til å flytte tilbake hit,
men her er eg, og det føles godt.
..vi må alltid leike i hagen når vi kjem heim fra tur!
og då er pus med!
Vi er mykje i hagen kver dag –
disse to koser seg sånn i lag både inne og ute, det er så kjekt!
Det var litt av bildene som blei knipsa i dag.
God helg :)