Browsing Category

Før/Etter

Før/Etter Interiør

Kjellerleilighet, oppussing

19. februar 2023

Endelig er leiligheta i kjelleren ferdig!

Det blei oppdaga ein lekkasje i veggen inn mot kjelleren min, gamle kobberrør,
så det blei litt meir omfattende enn planlagt, men no er alle rør i heile huset skifta.

Det har vært litt av ein jobb! Det hadde aldri gått uten all hjelp!
Eg har brukt snekker til noko av det, (og så klart rørlegger og elektriker)
familien min har sponsa meg litt økonomisk,
Øyvind har virkelig stilt opp og hjulpet mykje, Peter kom nokre dager og hjalp,
ellers har lånet mitt økt en del, men det har og verdien på huset!!
Eg er så fornøyd med korleis det har blitt, og det føles godt å kunne leige ut noko som er ordentlig og fint!

Eg har delt ein del underveis, men det er mange som har spurt om eg kan legge ut
før- og etter bilder, kor ting er fra, farger og framgangsmåte på fks. gulvet på badet,
så her kjem ein langt post med bilder og litt tekst :)


Vi kan begynne med kjøkkenet. Slik såg det ut.


Her fjerna vi dei to små veggene, så det blei større åpning.

Kjøkken og kvitevarer er fra Ikea.
På vegger i kjøkken, stue og gang er det plater, walls2paint.
Gulvet i leiligheta er fra Pergo, laminat long plank, «romantic oak».
Farge på vegg i stue, kjøkken og gang er Kalk fra Jotun, og Klassisk Hvit i taket.
(maler vinduer i samme farge som vegg, men i interiørmaling, som tåler litt meir)
Eg har kjøpt plissegardiner som er hengt opp i kjøkken og stue, og en rullegardin på soverommet.

Innenfor kjøkkenet er soverommet.


Eg hadde ikkje så mange bilder fra før her, men det såg sånn ut.
Her beholdt eg panel på veggene for å spare litt penger, og en garderobe og ovn som var her.


Taket måtte skiftes, og der blei det lagt gips.
Alle dører i leiligheta har forresten Øyvind vært så flink å pusse og male i mange omganger, blei så fine!

Her er det Soothing Beige på veggene, og Klassisk Hvit i tak.


Slik såg det ut mot kjøkken og soverom, mykje panel og masete gulv.  Mørkt og tungt.


mot stua..

stue


fra stue mot gang.

Det ser så mykje større ut med glatte flater, og lyse vegger.
Det er ventiler på mange vegger,  og et sikringsskap på bildet over, det er pussa og malt i samme farge som vegg.


I gangen har eg kjøpt hattehylle og skohylle, fra ikea. Kommoden stod igjen fra forrige leigeboer.
Eg har bare lagt ned ei dørmatte, som dei kan velge om dei vil ha eller ikkje.
Ny ytterdør. Alle enkle lamper i tak er fra Ikea.

..og så var det badet!!


Her har eg pussa opp på budsjett. Eg hadde ikkje råd til nye vegger og gulv,
men eg har kjøpt nytt møbel med vask/armatur, speilskap, toalett, vaskemasin og ny vifte i veggen.
Dusjkabinettet var her fra før. På bildet her hadde det blitt revet ned to skap der det er blått på veggen.


Det er gulvbelegg, og pga. varmekabler så har det blitt missfarga der det har stått vaskemaskin og ting.


Eg malte vegger og tak. Det var jo ein litt krøllete tapet, men det kom seg likevel med maling.
Og så gjekk eg løs på gulvet. Først avfetta eg det med gulvrens, og så pussa eg gulvet lett med sandpapir.
Og så to strøk med gulvmaling, i merket trestjerner.  (matt farge, det velger eg stort sett alltid i all maling.)
Gulvmaling må herde ei stund, så du kan gå på det neste dag, men ikkje med sko,
og ikkje sette ting der før det er heilt herda, i ca. tre veker.

Tok bilder før eg hadde vaska speilet, hehe..

Fargene her på vegger og gulv er Soothing Beige, og Klassisk Hvit i tak.
Møbler/toalett er fra Megaflis.
Alle dører er malt i Kalk.

Til slutt klarte eg ikkje å la være å gå løs på den lille boda i gangen,
eg hadde egentlig ikkje tenkt til det, for eg var så sliten!
Eg sparkla ikkje hull eller noko, men den kom seg med to strøk med restemaling.

Då har eg vist alle rom!
Det blei så lyst og fint, men samtidig lunt. Eg er happy :)

Om fem dager kommer det et ungt par som skal flytte inn, og eg håper dei vil like seg.
Det er flyktninger fra Ukraina, så eg er spent på om dei kan engelsk, om ikkje så får vi bruke apper og oversette.

Håper dåke syns det var kjekt å se korleis det har blitt :)

Før/Etter Interiør

HALLWAY

17. april 2018

Annonse, maling er sponsa av Fargerike Førde //

Gangen min er fortsatt ikkje heilt ferdig,
men her er eit par bilder så du får eit inntrykk.
Eg manlger gulvlister (som i dei andre romma) , og eg skal male ytterdøra ++
Så det kjem fleire bilder etter kvert.

Eg ELSKER blåfargen, og er så fornøyd med den.
Det er St.Pauls Blue fra Jotun – malinga er sponsa av Fargerike Førde.

Øyvind har gjort ein fantastisk jobb med skapet utenpå sikringsskapet,
eg skal ha eit skinnhandtak på skapdøra, viser når det er på plass.

Det er ein liten gang, så det var vanskeleg å finne møbler som ikkje tok for mykje plass,
men som samtidig kunne romme klær/sko/tilbehør på ein ryddig måte.
Både skap og kommode er fra Ikea.

FØR

Eit dårlig før-bilde fra gangen.
Det blei meir romslig når eg reiv dør og vegg.

Eg skal dele fleire før- og etter bilder når alt er ferdig her i denne lille gangen :)
Kva syns du?

Før/Etter Interiør Sponsor

STUE, FØR/ETTER

12. februar 2018

Då eg pussa opp så oppbevarte eg ein stabel med gipsplater i denne enden av stua,
dermed har eg glemt å ta før-bilde av dette hjørnet.

Her var det ei altandør, men det har aldri blitt bygd altan og garasje som var opprinneleg plan for huset.
Eg funderte på å kle igjen, men det viste seg å koste meir enn å bytte den med eit vindu.
Eg får vel aldri nok dagslys, så eg er glad eg gjekk for dette alternativet.

Lucy har fast plass med vinduet og full oversikt over alt som skjer ute.
Tipien på gulvet er hennes, og den er fra ilovedogs for dei som lurer.

Ny varmepumpe på plass,
det var rett og slett den beste plasseringa når det kom til å spre varmen i huset.
Eg syns det var litt vanskelig å plassere den der, men når eg bruker så mykje penger på
ei varmepumpe, så må eg nesten plassere den der det er best, og ikkje gjømme den vekk og få dårlig effekt.

Eg har planer om å få ein skjenk langs veggen under varmepumpa,
og eg har nokre vegglysestaker fra pov, og bilder som skal opp –
så då håper eg det vil se litt bedre ut.


Det mangler ventiler i vindua i karnappvinduet, og gulvlister mangler både i stue og kjøkken.

Vegger og tak er malt med Jotun Pure Color i Klassisk Hvit,
og i hjørnet med karnappvinduet så er det fargen Washed Linen både på vegg og i vindu.
Malinga er sponsa av Fargerike Førde.

Bord, Jysk  //  Stoler, Muuto


 

 

FØR


Her hadde eg sofaen med karnappvinduet. Dette vinduet har blitt så mykje finere når det blei listeløst.


Eit bilde fra jobbinga underveis.


 

Det blei litt forandring ikkje sant?

Som sagt så kjem det meir detaljer opp ettter kvert.
Eg må bare bu meg litt inn, og tenke over kor eg skal ha ting først.
Eg liker at det er litt    luft    , og ikkje for overfylt.

Det kjem lampe over spisebordet, den har eg fått i hus.
Ved sofaen skal eg ha ei vegglampe, men den har eg ikkje bestemt meg for endå.

Kva synst du?
Eg blir veldig glad om du legger igjen nokre ord i kommentarfeltet på denne posten.

Før/Etter Interiør

KJØKKEN, FØR/ETTER

29. januar 2018

I samarbeid med Fargerike Førde , malinga er sponsa. //

I helga blei siste rest av jobb på kjøkkenet unnagjort,
det einaste som gjenstår no i både gang, stue og kjøkken er gulvlister –
men det blir ikkje gjort før det er oppholdsvær og saga kan stå ute, så til våren tipper eg.
Men etter ètt år med oppussing så skal eg fint klare å leve med det ;)

Det må seies at vi har jo ikkje holdt på i eit år i strekk med jobbing akkurat,
det er jo kun ein eller to helger (lørdag og litt på søndag) i måneden med jobbing +
litt intensiv jobbing før jul så eg kunne ta i bruk kjøkkenet til julemiddagen.

Ein STOR TAKK til Øyvind,
eg hadde aldri klart dette uten all hjelpa fra deg.
Du er ikkje bare ein fantastisk snill og god person,
men du er så utruleg dyktig i alt du gjør.
Eg er så stolt av deg, og så stolt av å være din beste venn.
Eg er ubeskrivelig takknemlig, og så veldig glad i deg.

Tusen takk for at du har gjort det så fint rundt meg.

I dag er eg heilt elendig,
og å labbe ut i stua i dag tidleg med dyne og pute i sofaen,
og å ligge å beundre det vakre kjøkkenet, stua og alt sammen,
det gjør meg så glad. Det hjelper virkelig på humøret sjølv om smertene
og sjukdommen herjer på.

Må også takke Peter (lillebror) som har hjulpet mykje til på slutten,
setter stor pris på det!

Eg vil også takke Kristine Slettehaug, og Fargerike Førde som hadde trua på meg
uten å vite korleis det ville bli til slutt. Tusen takk for kjekt samarbeid!!

All maling på vegger, tak, peismur og i vindu er sponsa av Fargerike Førde.
Malinga er fra Jotun, Lady Pure Color.
Alle vegger og tak + vinduer er malt med supermatt maling.

Kvitfargen i taket er Klassisk Hvit,
og fargen på veggene og inni vinduskarmene er Washed Linen.

Kjøkkenet er fra Ikea, Voxtorp.

Gulvet er er det mange som spør om, det er fra Byggmakker og heiter Cello.
Desverre er det utgått, gulvet hadde mamma lagt før ho flytta,
så eg er glad eg kunne bruke det opp igjen. Sparte ein del penger der!

Om du er ute etter eit lignende gulv, så fant eg eit veldig fint til soverommet
som heiter Winter Oak fra Pergo. Litt meir struktur i, men veldig fint.


FØR


Samme vinkel som bilder over, her var det to vegger som vi har tatt vekk.
Siden kjøkkenet ikkje var så stort så var det litt vanskelig å ta før-bilder på avstand.

 

 


 

Liker du det?

Blir glad for tilbakemelding,
og skriv gjerne om det er noko du lurer på.

Då har eg igjen å vise før/etter bilder fra stue og gang,
det kjem etter kvert.

I mellomtida kan dåke følge meg på instagram eller snapchat,
regineforsund er navnet på begge plasser.

God mandag til alle sammen!

Før/Etter Interiør Sponsor

Før / Etter

19. januar 2018

Veggene er malt med maling fra Jotun Lady, sponsa av Fargerike Førde //

Som dåke ser så er det ikkje heilt ferdig endå.
Det mangler fks. gulvlister, handtak i vindua + litt småting.

Men eg ville bare vise dåke nokre bilder av korleis det har blitt her med ovn/trapp/tv-vegg så langt,
bilder fra korleis det såg ut før, og fra jobbinga underveis.
Håper det faller i smak.

Kor eg skulle henge tv-en var eit stort problem ei stund (ilandsproblem),
til Øyvind kom på denne geniale ideen.

Vi (les:han)  fjerna gelenderet, og satte opp ein ny vegg fra gulv til tak.
Eg syns det blei veldig ryddig og fint, og eg er kjempe fornøyd med løsninga.

Eg skulle ønske at eg kunne bytta ut vedovnen no,
men det har eg ikkje råd til med det første. Kanskje om nokre år, vi får sjå.

Trappa er det eg som har jobba med,
det var litt av ein jobb – men det var verdt det når eg ser resultatet.
Mykje pussing, og fire strøk maling! (med mellomsliping mellom kvert lag med maling)

To strøk med kvist- og sperregrunn, og to lag med i Klassisk Hvit,
matt type maling i merket Tre Stjerner Gulvmaling.

Eg hadde kjøpt trappetepper i slike halvmåner ein fester i trinna, dei var i grå.
Eg har vurdert mykje fram og tilbake.. og det er absolutt finest uten. Typisk.
Men det vil jo slite meir på trappa uten,
så eg skal vurdere om eg skal prøve å få tak i ein lysere farge, kvit/lys beige.

  
Eg er så heldig å bli sponsa av Fargerike Førde med maling til vegger & tak. 

På veggene i trappa er det Klassisk Hvit i Jotun sin Lady Pure Color, i supermatt.

På tv-vegg og peismur har eg malt med Lady Minerals, kalkmalinga til Jotun.
Eg valgte samme farge som eg har i Lady Pure Color på kjøkkenet, Washed linen.

Her malte eg eit strøk med grunning,
og to strøk med kalkmaling.


 

 

FØR BILDER :)

Mamma hadde lagt dette fine gulvet fra før av,
så det tok eg bare opp og la samme gulv på plass når vi var ferdig.

Det var på høg tid at veggene blei tatt,
det har satt sine spor med ein familie på seks, og mange katter, hehe. 

 


 

Så er spørsmålet,
liker du det?

Er det interessant at eg lager ein slik post om kjøkkenet, stua og gangen også?
Skrik ut om det er noko du savner her på bloggen,
eller om det er noko du lurer på.

 

God helg :)