Badekaret har eg kjøpt på Jollyroom,
det er altså eit badekar for babyer. Men det passer perfekt til ho, og er
mykje finere og rimeligere enn badekar til hunder..
Eg kjøpte denne på salg til 169kr,så det var kupp!!
Det er sammenleggbart som passer meg perfekt då eg ikkje har så god plass.
Propp i bunn, og sånn gummiaktig materiale som er veldig «deilig».
Merket er forresten Karibu.
Pet Head shampoo og balsam kjøpte eg på Tropehagen Zoo på Bergen Storsenter, kjempe gode dufter som varer leenge!! :)
Prisene er det dobbelte i dyrebutikk desverre, neste gang skal eg kjøpe på nett.
Shampoo, her – og balsam, her!
La Bruket sin hunde shampoo er 100% økologisk, så eg hadde så lyst å prøve den –
duften er lime/tetre/mynte , og eg syns den var litt sterk. I tillegg skummer den nesten ikkje – så eg
syns det var vanskelig å fordele den skikkelig, ikkje så fornøyd med den desverre.
Men om du sverger til økologisk, så er jo dette eit alternaiv.
Tropiclean er ein balsam som er veldig god, og etterlater pelsen mjuk og god, med ein herlig duft av kokos.
Kan kjøpes her.
Ho er veldig flink, og roleg – men ho syns ikkje akkurat at det er noko gøy :P
Når ho kjem ut av dusjen så springer ho rundt og gnir seg på hånddukene eg har lagt på gulvet,
og så tørker eg ho spesielt godt rundt ørene og i ansiktet imens ho ligger på gulvet og styrer rundt..
Ho får alltid skryt for at ho har vært flink, og ho får ein godbit før eg begynner å føne ho.
I begynnelsen prøvde eg å føne ho på gulvet, men då sprang ho rundt og rulla på gulvet og var heilt vill,
og eg måtte føne i alle retninger, det var utruleg stressende.
Når eg setter ho på vaskemaskina så sitter/står ho i ro i mens eg føner, og eg slipper også å bøye meg så masse.
Vinn, vinn!
Så børste er eg ho,
og klipper eventuelt småhår rundt augene.
Ein stykk rein og fin hund!♥