Browsing Category

Interiør

Blomster DIY Interiør

Flower Wreaths

7. august 2018

Vakre blomsterkranser som Maria (søstra mi)
laga til meg ute i regnværet i forgårs.

Ho har fletta blokkebærlyng og oregano i lag med litt streng,
enkelt og fint. Ho kunne sjølvsagt laga meir avanserte og fargerike kranser,
men eg ville ha noko enkelt og naturlig – disse var heilt nydelige!!

Ho lagde også ein flott krans til ytterdøra mi av eføy fra hagen.

Denne gullringen kjøpte eg HER  i fjor jul, men har ikkje tatt den i bruk før no.
Den blei fin med bare litt grønt på.

Eg er ikkje flink med sånt,
så det var kjekt å få litt hjelp og å få pynta på litt andre måter!!

To vakre jenter eg er så glad i,
søs og Lucy ♥

Interiør

Speil

25. juli 2018

Det gjorde seg virkelig med speil på veggene!!

Det runde er fra House Doctor ,
og det lange til heilfigur er fra Ikea.

En sliten Regine.

Det er travelt her om dagene med hund og kattunge – men det går bedre og bedre for kver dag som går!

Følg med på snapchat (regineforsund) eller instagramprofilen til Lucy
( lucymaltipoo) om du vil se bilder/filmsnutter fra dyra.

Interiør

Portrait H

10. juli 2018

Eg er veldig glad i kunst,
og med ein gang eg såg dette – så visste eg at eg måtte ha det på veggen min.

Eg har ikkje vært heilt fornøyd med denne delen av stua –
men no blei det dei fargene, og det uttrykket eg ville ha.

Merket er Gurilla.
Det er Guðrið Syderbø som står bak denne vakre posteren.

Ho er grafisk designer og kunstner, fra Færøyene.

Eg kjøpte mitt fra Nordiske Hjem,
dei har fleire av printa hennes.

Interiør Sponsor

Kitchen Update

2. juli 2018

  Annonse / Samarbeid med By Crea

Om du følger meg på instagram så har du kanskje sett dei nye barstolene mine
fra By Crea. Så stilreine og lekre, og dei passa jo perfekt til kjøkkenet mitt.

Dei svarte gjør det meir moderne og minimalistisk,
dei fra Hay mjuker meir opp det stramme kjøkkenet med eikebeina.

Eg har begge, og skifter litt fram og tilbake –
eg liker begge uttrykka og stilene.

Har du ein favoritt?

Det er ein så god følelse å være så fornøyd med valga ein har tatt.
Eg elsker kjøkkenet, og fargene her.

Følg meg gjerne på instagram og snapchat  –
..og facebooksida til bloggen min om du vil ha oppdatering på når det kjem ny post på bloggen.

Samme navn på alle plasser, regineforsund :)

Interiør

Rainy Morning

20. juni 2018

Eg sprang ut i regnet og henta inn peoner fra hagen –
det er virkelig luksus!

Kjekt å overta hagen til mamma,
ho har planta så mykje fint her som fks. peoner, roser og liljer.


Min favoritt, serviset Hammershøi fra Kähler (sponsa produkter)   // Bordbrikkene fra Linddna (sponsa, Førde Glassmagasin/Designforevig)


Duftlyset er fra Woroom, lykta er fra Kitch’n og vasen er fra Muuto.

Koselig å tenne lys, spise god mat og se ut på regnværet ♥

.

Koselig at du titter innom,
ønsker deg ein god dag :)

Interiør Sponsor

BELLO

20. mai 2018

Annonse / Samarbeid med Kilands.no

Eg har lenge vurdert å kjøpe eit gulvteppe til stua,
og eg er så fornøyd med dette fra Kilands Norge (sponsa produkt)

Det blei meir lunt og koseleg.
Eg er kjempe fornøyd!

Kva syns du??

Eg er så heldig å få gi ein rabattkode til mine lesere på 10 % på alt i nettbutikken!
Koden er REGINE2018

Den er gyldig i 4 uker.
Så om du har tenkt å kjøpe gulvteppe, trappeteppe,
tepper på mål, dørmatte eller tepper til uterommet så er det jo greit å få 10% på kjøpet.
Dei har eit stort utvalg,
trykk HER for å komme til nettbutikken! Happy shopping!

Lucy har godkjent det også, her koser ho seg!!

 

Teppet eg gjekk for heiter Bello, i 200 x 300 –
det er fin kvalitet, håndvevd ullteppe.
Du finner det HER :)

Ønsker alle ei god pinsehelg!!

Interiør Sponsor

ON MY TABLE

13. mai 2018

Annonse, samarbeid med Designforevig / Førde Glassmagasin

Det er så fint å ta naturen inn i heimen.
Dette er ei grein fra plommetreet i hagen.

Vase, Lyngby  //  Bok, My Residence vol.2   – begge fra DesignforEvig + Førde Glassmagasin

Du finner også telysholderen hos dei som eg har kjøpt for nokre år sida.
Den er fra Anderssen og Voll, norsk merke.

Det er så fint og grønt ute,
og så herleg vær her om dagene. No skal vi straks ut i hagen og kose oss.

Ønsker dåke ein god søndag!

Hage Interiør

I FULL BLOMST

7. mai 2018

Det er kjekt å ta over ein hage fra mamma med masse vakre vekster.
Dette treet var det pappa som planta, det er eit aprikostre – og det blomstrer så vakkert kvert år.

Det blei felt ei 30m høg osp i fjor som stod så dumt til mellom telefonlinja (som desverre går igjennom hagen)
og aprikostreet. Det fikk ein skade då det andre treet falt. Det var ikkje til å unngå med mindre
ein skulle ta linja. MEN det ser heldigvis ut som at det klarer seg.
Eg er SÅ letta for det.

Etter tips fra min gode nabo så skar vi eit reint kutt på tvers der skadene var,
og hadde på maling for å dekke til dei «åpne» såra. Det ser ut som at det hjalp!

Lucy har fått ny seng fra ilovedogs.no   (senga er sponsa)
Den er bare så fin og mjuk!

Det var så vakkert med ho, den lyse senga og det treet som står i full blomst
bak ho, men vanskelig å få det med på bildet. Dåke skulle vært her og sett!

Ellers er det masse fint mamma har planta her i hagen som
to forskjellige typer peoner, gleder meg til dei kjem fram,
urter, rosebusker og fleire fine stauder.

Eg fikk ein blåbærbusk av mamma som eg planta i fjor,
og eg følger spent med på om den vil like seg og gi bær i år.

Det er koseleg å stelle i hagen, og å dyrke egne ting.
Eg vant eit veggdrivhus i fjor, så det skal eg dyrke urter og grønnsaker i på terassen.
Bilder kjem etterkvert!! :)

Interiør

KIZU

28. april 2018

ELSKER den nye bordlampa mi.

Eg var så heldig å vinne den på instagram hos @baremalin ,
fra nettbutikken Mitt Hjem AS.

Den heiter Kizu , og er fra merket New Works.

Det er eit kunstverk av ei lampe med fot i marmor, og skjerm i akryl.
Du finner den HER.

Den passa så godt inn, og blei virkelig prikken over i-en bak spisebordet mitt.

Før/Etter Interiør

HALLWAY

17. april 2018

Annonse, maling er sponsa av Fargerike Førde //

Gangen min er fortsatt ikkje heilt ferdig,
men her er eit par bilder så du får eit inntrykk.
Eg manlger gulvlister (som i dei andre romma) , og eg skal male ytterdøra ++
Så det kjem fleire bilder etter kvert.

Eg ELSKER blåfargen, og er så fornøyd med den.
Det er St.Pauls Blue fra Jotun – malinga er sponsa av Fargerike Førde.

Øyvind har gjort ein fantastisk jobb med skapet utenpå sikringsskapet,
eg skal ha eit skinnhandtak på skapdøra, viser når det er på plass.

Det er ein liten gang, så det var vanskeleg å finne møbler som ikkje tok for mykje plass,
men som samtidig kunne romme klær/sko/tilbehør på ein ryddig måte.
Både skap og kommode er fra Ikea.

FØR

Eit dårlig før-bilde fra gangen.
Det blei meir romslig når eg reiv dør og vegg.

Eg skal dele fleire før- og etter bilder når alt er ferdig her i denne lille gangen :)
Kva syns du?