I samarbeid med Eva Solo
Hausten er ei perfekt tid for koselege veninnekveldar, og middagsbesøk.
Siden mitt kjøkken ikkje er pussa opp endå, så lånte eg Øyvind sitt kjøkken denne gangen.
Det var kjekt å lage mat her igjen, og det var blitt så fint med den nye vedomnen!!
Dei vakre glassa er fra Eva Solo – du finn dei HER.
Peter tar bilder imens eg står over grytene i bakgrunnen. Det var ein kamp med tida pga. dagslyset.
Eg elskar hausten, men minuset er at det er mindre dagslys. Heldigvis hadde eg min fotograf-bror og hans gode utstyr med.
Slik at vi kunne ta litt bilder begge to.
Eg brukte anledninga til å dekke bordet med det nye serviset mitt fra Eva Solo
som heiter Legio Nova.
Elegant, og tidløst.
Det passer til alle anledningar, det er bare å style det som du vil.
Her har eg gjort det veldig enkelt med nokre linserviettar, nokre kvastar og litt lauv.
Eg liker det veldig reint,
so eg brukte berre glassvaser, og telysglass i klart glass.
Eg syns det blei utruleg lekkert med det vakre serviset Legio Nova.
MENY
Raudvin til middagen, veldig gode glass å drikke av forresten..
Sennepsgratinert lammecarrè med honningsbakte rotgrønnsaker og rødvinssaus,
med potet og pastinakkmos (oppskrift fra trinesmatblogg)
Porsjonsostekaker med rørte blåbær (oppskrift fra idagranjansen)
Pssst.. desserten var sjukt god om eg skal sei det sjølv ;)
Alt i alt ein vellykka middag!!
Det ein treng er eit lekkert pynta bord (for det betyr mykje at det ser innbydande og fint ut!!) , levande lys,
at det er varmt og koseleg, god mat/drikke, og ikkje minst godt selskap med kjekke folk!! ;)