Vi gleder oss til og komme heim!
Det er to dager igjen av oppholdet mitt her i Tyskland. Vi er så takknemlig for all økonomisk støtte vi har fått så langt, og at vi fikk muligheten til og dra hit og være her i ein måned. Som forventa så er ikkje ein måned nok for meg. Eg har vært sjuk så alt for lenge, og eg trenger lenger tid på og bli frisk.
Legen vi har hatt her er utruleg flink og har jobba med dette i over 20 år. Det er ein hard kur eg går på, men det trengs for og ta knekken på alt sammen. Ja, det er til tider litt skummelt med så mykje medisin – men eg stoler på han og eg hører om fleire som er blitt mykje bedre.
Det som er viktig å understreke er at eg ikkje kjemper for unødvendig lang antibiotikabehandling. Eg kjemper for at det skal utviklest gode nok tester (les: blodprøver), og behandlingsmetoder for borrelia og co infeksjoner som feks. babesia eller bartonella (som eg også har). At sjukdommen blir oppdaga, og behandla raskt. Tenk så mykje tid og penger samfunnet hadde spart, for ikkje og snakke om pasienten.
Det som er interessant er at sjølv om eg er verre i forhold til kvalme, smerter, migrene og alt i alt meir elendig – så har eg mindre anfall. Eg trudde at anfall/besvimelser var det siste symptomet som kom til å forsvinne, og eg er litt sjokkert over kor lite anfall eg har hatt her i Tyskland! La oss håpe at det ikkje bare er ein god periode, men at eg er på riktig vei mot ei bedre helse.
Eg håpa at vi slepper å reise tilbake etter jul. Vi satser på at vi får ordna ein sjukepleier heime som kan sette intravenøs på meg i januar. Vi hadde spart masse penger på og bu heime, og det er jo absolutt det beste for alle parter. No veit eg at eg tåler all medisinen eg går på, og eg veit kva den gjer med meg og eg er trygg på at det skal gå bra heime i Norge. Vi har jo legen som vi kan kontakte når som helst, om det skulle være noko.
Vi er så lei av og bu på hotell, lei av usunn restaurantmat og lei av og være så langt vekke fra heimen vår. Eg gleder meg til og sove i mi eiga seng, lage sunn og god mat, og slippe og farte fram og tilbake til ein klinikk fleire ganger om dagen for og få behandling. Eg savner familie og venner, og gleder meg veldig til og feire jul heime hos mamma.
Om vi får tak i sjukepleier så kan Øyvind jobbe som normalt igjen, som også er veldig viktig! Normalt og normalt, han hadde måttet være med meg dei timene eg får intravenøs, for og passe på og hjelpe meg – men han får ihvertfall jobba meir. Eg er så takknemlig for kor fleksible dei har vært på arbeidsplassen hans, det har betydd så masse! ..og ikkje minst så er eg imponert over Øyvind som har klart og jobbe fra senga, klinikken, fra kafeer, ja fra over alt – i tillegg til og være med meg på kver einaste behandling, holde håret mitt når eg kaster opp, få meg i godt humør når alt er svart, fylle i badekaret midt på natta fordi eg har magesmerter eller massere tinningene og skuldrene mine halv seks på morningen når eg har migreneanfall, bare være med meg og ligge ved siden av meg når eg er på mitt dårligeste for og vise at han er der for meg, klare og sitte og jobbe på laptopen når alt lyset er av og gardinene igjen når eg er så lyssky at eg ikkje tåler eit glimt, lar meg alltid bestemme kor og ka vi skal spise då eg alltid er kvalm og har som regel veldig spesifikke ting eg har lyst på, alltid i godt humør trass i ein tøff kverdag ..og lista bare fortsetter og fortsetter.
Eg bare er her.. eg svelger ned tablettene han gir meg, går fram og tilbake til klinikken og tar i mot behandling, spiser, sover – and repeat. Det er ikkje fordi eg er lat, men fordi eg er så dårlig. Eg har ingen energi, eg har så mykje smerter og ubehag og eg orker ingenting. Det er så vidt eg klarer det lille eg gjør egentlig, og ofte så vil eg ikkje ein gang svelge ned tablettene.. eg er ikkje alltid så enkel og ha med og gjøre akkurat. Han derimot er så tålmodig og god. Kort og greit så fikser han absolutt alt – og han gjør alt han kan for og gjøre ting enklere for meg. Det er så fint og rørende. Han er ikkje bare kjæresten min , men min beste venn – eg er så glad i han! ♥♥
—
I dag er det ny dag med intens kvalme, følelse av at ein skal kaste opp kvert sekund – utruleg slitsomt og irriterende. Eg har migrene som har vart i to døgn i strekk, smerter i mage og brystkasse, blødninger, brenning i halsen, veldig veldig svimmel og ekstremt utmatta.. eg bare fatter ikkje korleis eg skal orke heimreisa på torsdag.. Vi krysser fingrene for at det blir ein Ok dag!! :)