Browsing Category

Livet

Hund Livet

Lucy <3

5. mai 2022

Åå, lille venn.
Eg kan ikkje forstå at du ikkje er her meir.
Eg har aldri kjent på ei slik sorg før,
det gjør så vondt.

Det er så tomt og stille i huset.
Pus lurer på kor du er, og kikker rundt seg.
Vi venter bare på å høre potene dine klikke bortover gulvet
med logrende hale og en bamse i munnen, alltid klar for å leike.

Hjertet ditt stoppa å slå.
Eg holdt deg i fleire timer etterpå.
Hulkgråt. Klarte ikkje å tru at du var død.
Du var like vakker, og så god å holde på.

Eg savner deg i alt eg gjør.
Vi var i lag kvert minutt, kver dag,
i seks og et halvt år.
Det blei et heilt spesielt band,
når det bare var deg og meg.

Eg savner morningene i senga,
du var så glad og klar for dagen. Halen din slo
fram og tilbake, og du ga meg små kyss.
Eg savner å bare gå rundt inne,
og å kjenne den våte snuten din på leggen,
som fulgte etter meg overalt.
Eg savner å holde deg. Du elska å bli bært.
Eg savner alle dei rare tinga du gjorde,
du hadde så sterk personlighet.
Eg savner å ha deg på sofaen ved siden av meg,
stryke deg på magen imens du låg og sov.
Eg savner at du sitter på plassen din,
du såg ut vinduet og bjeffa på hunder som passerte,
eller biler som kom på tunet.
Eg savner å søke trøst hos deg, gråte inntil deg,
og du såg på meg og la labben på skuldra mi.
Eg savner å prate til deg, vi hadde vårt eget språk,
og du forstod alt eg sa.
Eg savner alle rutinene våre,
fra vi stod opp til vi la oss.

Du var den beste hunden i verden.
Du var min, og eg var din.

Eg får aldri holde deg igjen. Mandag morning var siste gang.
Du skulle bare få meir væske, men hjertet ditt tålte ikkje meir,
og det ville ikkje starte igjen. Eg er heilt knust, og i sjokk.

Savnet er så stort at det føles umulig å
kunne leve videre uten deg. Du ga livet mitt meining.
No finner eg ikkje glede i nokonting.
Eg klarer nesten ikkje å spise eller drikke.
Eg gråter og gråter, prater til deg, lukter og holder på bamsene og teppa dine.
Eg føler meg desperat etter å bare holde deg inntil meg,
presse ansiktet inntil hodet ditt og kysse deg, bare en gang til.

Å, Lucy,
du var ikkje ‘bare ein hund’,
du var alt.

Livet

2020

2. januar 2020

Godt nytt år!

Har du nyttårsforsett?
Eg bruker ikkje å ha det. Det er usannsynlig at eg skal klare å endre ting
så veldig drastisk med det første sjølv om det nye året har starta.

Eg har eit håp om at migrenen skal bli bedre i 2020,
eg skal snart ta mi andre dose av den nye migrenemedisinen aimovig.
Det hadde vært så godt med ei plage mindre.

Eg har fleire ting eg har lyst å få gjort i løpet av året, i hus og hage.
Eg vil gå igjennom alt eg har ein gang til , og selge/gi vekk det eg ikkje trenger.
Det er så godt å ha orden, og system – så det skal eg jobbe meir med.

Eg blir stressa av å ha for mykje ting rundt meg, så derfor vil rydde litt meir opp.

Det er to rom eg spesielt håper på å få fiksa litt opp:
– Det er å male vindu, vegger og tak på hovedbadet, skifte benkeplate/vask/armatur, lamper.
– Ordne eit lite rom som ligger vegg i vegg med mitt soverom og badet, som eg skal bruke til å tørke klær,
oppbevare småting + at katten sover der. Eg har nemlig ikkje vaskerom, og må ofte tørke klær i stua,
så det hadde vært greit å bare kunne satt det inn dit.. og eit rom eg kan sette ting så eg ikkje må gå
i trapper som eg prøver å unngå så godt eg kan pga anfalla mine.
Kanskje eg kan lage eit lite kontorhjørne der også.

Ellers gleder eg meg til vår, og til å pusle rundt i hagen.
Eg er veldig glad i hagearbeid, det ligger kanskje i familien? :)

Eg har fått gjort mykje på tunet mitt no i desember – fjerna ein del stein, lagt brukt asfalt ++
Så no når underlaget og slike ting er ordna, så kan eg snart begynne å plante ting
og gjøre det fint. Drømmer om fleire japanske kirsebærtre langs veien, lavendel, og
plante fleire vintergrønne busker.

Livet

Søndagstur

10. mars 2019

Det har vært nydelig vær i dag!

Peter blei med på tur, alltid koseleg når eg har nokon å gå med.
Eg visste ikkje at han skulle ha med kameraet, det er alltid kjekt når han tar bilder, det blir så fint og naturlig.
Han går bare å knipser og fanger vakkert lys, og øyeblikk. Han er så flink, er stolt av han!

No har eg landa i sofaen med pledd, snop og krimserie på skjermen.
God søndagskveld til alle :)

Livet

Skogstur

20. februar 2019


Hei igjen!
Det blei plutselig ei lang pause her på bloggen.

I dag var Peter med på skogstur, han skulle egentlig bare gå å knipse litt naturbilder, men eg fikk heldigvis nokre fine bilder han tok av oss! Det er ikkje ofte eg ser andre dyr når eg går tur med Lucy (hunden), og vi er ikkje akkurat musestille på tur, men eg såg eit ekorn som sprang over stien i dag, det var så søtt. Eg var glad Lucy ikkje registrerte det då, ho hadde nok prøvd å springe etter den..

Eg har vært og er veldig dårlig – men fraværet mitt her inne har vært pga. dei store endringene til wordpress som eg ikkje forstår meg på! Eg skjønner ingenting av det nye oppsettet, og eg får ikkje bilda til å bli i lik størrelse som eg fikk til før. Det er frustrerende, men eg håper eg finner ut av det snart, då eg har tenkt å blogge meir framover. Eg har forskjellig nytt eg skal vise fram.

Håper dåke fortsatt henger med!

Livet

The mountains are calling, and I must go

14. oktober 2018

Eg har vært veldig sjuk i det siste,
verre enn eg bruker å være.

På torsdag var det endelig sol innimellom alt regnet,
og eg satte meg målet å nå toppen på fjellet som ligger her.
Eg har nemlig sett ut vindua, og lengta etter å gå i fjellet
i vekesvis, det er så vakkert no på høsten.

Øyvind gjekk med meg, så eg visste at eg var trygg om eg skulle
få anfall, eller bli for dårlig – så det var godt.

Det er ikkje noko høg topp, 502 moh – men det er ein tung tur når du
ikkje er i god form. Det var utruleg hardt, eg fikk meir og meir smerter
i kroppen, og vurderte heile tida om eg måtte snu,
ein skal tross alt gå ned igjen også.

– but I made it!

Det var så sterk vind på toppen at eg nesten ikkje fikk tatt nokre bilder,
men her er nokre få :)

Det er viktig for meg å ta bilder av ting eg gjør.

Mest for min egen del.
At eg har minner, og at eg har bilder eg kan se tilbake på
når eg er inne i lange perioder, og eg ikkje klarer nokonting.
Denne turen må eg prøve å leve på så lenge eg kan. Det er et
år siden forrige gang eg gjekk her, så det var godt med «påfyll».

 

Hund Livet

Into the Wild

5. oktober 2018

And into
the forest I go,
to lose my mind
and find my soul.

  

Det er så flott natur her eg bur!
Eg er veldig glad i disse skogene, ikkje bare fordi det er så fint,
men fordi det var her eg leika då eg var yngre.

I disse skogene leika vi cowboy og indianer, indiana jones (hehe),
gjømsel, og det var her eg fikk mitt første kyss ;) og han rissa bokstavene våre inn
ei trestamme med hjerte rundt. Eg fikk leike med dei eldre søskena mine,
og då blei eg alltid stasjonert som kokk i eit «kjøkken» i ei steinborg, der mi plikt
var å plukke gaukesyre, hente vann og diverse imens dei sprang rundt og leika, hehe..
og til og med det var stas. Det var tider det!

Eg hadde aldri trudd eg kom til å flytte tilbake hit,
men her er eg, og det føles godt.


 

..vi må alltid leike i hagen når vi kjem heim fra tur!
og då er pus med!

Vi er mykje i hagen kver dag –
disse to koser seg sånn i lag både inne og ute, det er så kjekt!

Det var litt av bildene som blei knipsa i dag.

God helg :)

Diverse Livet

Kveldstur

20. juli 2018

Bildedryss fra forrige kvelden.
Etter ein lang dag med mykje smerter og anfall, tok vi turen til stranda i 9-tida på kvelden.

Eg setter sånn pris på sånne små turer i nærområdet,
det gir meg påfyll! Så koseleg kveld!

Denne stranda ligger ca. 10 min med bil fra meg,
eg var mykje her då eg var yngre – mange gode minner av dager med bål, grilling og bading.

Livet Sjukdom

STATUS – livet.

13. juni 2018

Det har vært ganske tøft i det siste,
det er få som faktisk forstår. Eller som veit kor rått og brutalt det er.

Eg trur at mange ikkje klarer å ta inn over seg det eg skriver,
fordi dei ikkje ser åpne sår, krykker eller noko som tyder på at det stemmer.
Og likevel seier dei fleste at eg skal være glad for at eg ikkje ser sjuk ut,
men det er ikkje positivt – det hadde vært enklere for meg om folk såg det,
sånn at eg kunne få forståelse om ikkje anna..

Sjølv om venner og familie er glad i meg,
så er det fortsatt få som forstår eller klarer å sette seg inn i det.

Men det er altså nokre få,
som eg kan telle på ei hand –
og det betyr veldig mykje for meg at dåke
ser meg, og støtter meg daglig, takk.

..og lille vennen min  – som alltid er her.

Ho varsler når eg får anfall, og når ingen er her så legger ho seg inntil meg når eg er ferdig
med å slå/sparke, og logrer med halen så fort eg våkner. Eg har vært redd for at eg utsetter
ho for mykje stress, men eg veit at ho har det bra. Siden eg alltid er heime, så blir det eit
sterkt band mellom oss- som gjør det litt vanskeligere når eg skal vekk, men heldigvis er det
fleire som ho er trygg på som kan passe ho når det trengst.

Det å ha ho der er jo ikkje det samme som ein person,
men ho gir meg så mykje glede, og ho gjør virkelig livet bedre.

Eg trudde aldri at eg kunne bli så glad i ein hund,
det er heilt spesielt.

Det er vanskelig å få forståelse når ein er skikkeleg sjuk, men gjør forskjellige ting.
Altså, eg kan lage mat innimellom, jobbe i hagen, eller gå små turer.
Turer har det vært dårlig med i det siste, men eg har styra litt i hagen.

Eg låg måned etter måned i senga eller på sofaen,
eg blei ikkje dårligere, men eg blei heller ikkje bedre.

Eg blir ofte verre av å gjøre ting,
men det gir meg ihvertfall litt mestringsfølelse av at eg har gjort noko,
og litt meir inntrykk enn å bare ligge inne. Om eg bare klarer noko i 10 min,
så er det bedre enn ingenting.

Det er kanskje eit glimt av det du ser på instagram eller snapchat.
Du ser ikkje at eg gråter til eg ikkje har tårer igjen,
kaster opp i timesvis. Du ser ikkje at eg har anfall imens eg lager mat,
at eg ligger i dusjen til vannet er kaldt og har fått
heilt frost i meg, at eg så og sei ikkje sover –
men likevel står opp og går ut i hagen med Lucy.

Kver dag tenker eg at eg ikkje orker meir,
men det fortsetter likevel.

Når eg går ut,
så tar eg meg i sammen – og eg tar på ei slags «maske» som eg har nevnt før.
Det skjer av seg sjølv , og eg klarer ikkje å styre det.

Så om du møter meg så kan eg smile og gå forbi
deg som om ingenting er galt. Det bare går ikkje
an å se, men egentlig er eg veldig dårlig og sliten.

Det er uansett viktig å tenke på om du veit om nokon som er sjuk,
at sjølv om du ikkje ser det eller forstår det, så er det ingen grunn til
å ikkje tru på det.

Og uansett kor dårlig vi er så må vi ut av seng og sofa til slutt,
og det koster oss meir å gjøre kver minste ting enn ein frisk person.

Og sjølv om vi har ein hobby, går tur eller jobber i hagen,
så er det ikkje det samme som å jobbe.

  

Men eg har ein jobb.
og jobben min er å ta vare på meg sjølv,
og å prøve å få bedre helse.

Jobben min går ut på å prøve å få nok kvile,
at eg hugser på å ta smertestillende
og å få i meg nok mat og drikke,
og å sørge for at eg kjem meg på alle legetimer og undersøkelser,

og ofte så klarer eg ikkje ein gang den jobben.

Eg deler ikkje for å få trøst eller for at folk skal syns synd i meg,
eg deler fordi eg håper sånn at andre kronisk sjuke, diagnose eller ikkje diagnose,
skal få meir forståelse for korleis det er når livet blir styrt av helsa.

Ein klem til alle dåke,
og til alle pårørende som også har det tøft, og som kjemper
enten i lag med dei, eller som tar kampen for dei som har gitt opp.

Livet Sjukdom

WE MADE IT

25. september 2017

Det var heilt uvirkelig at eg stod på ein fjelltopp i går.
Det er vel nesten 10 år siden sist!

Mandag, tirsdag og onsdag i forrige veke var eg så dårleg som eg aldri har vært før.
Eg kasta opp i dagesvis og beholdt ingenting i magen, eg hadde over 20 anfall i timen eine dagen,
så mykje smerter at det var utholdelig, så sliten, lite søvn og intens migrene.
Eg trengte hjelp til alt, og var så svak og elendig.

Og gnisten min bare visna heilt vekk.

Då er det lov å være stolt av seg sjølv når eg nokre dager seinere kjem meg opp ein fjelltopp.
Det var vilje og ikkje energi eg gjekk på, men det var hardt – knallhardt.

Eg heiv innpå med smertestillende før eg gjekk,
og planen var kun å gå 1/3 av turen opp til eit punkt –
men så gjekk eg litt til, og litt til.

Det var fantastisk å stå på toppen igjen,
eg felte tårer fordi eg var glad –
og fordi eg angra då eg skjønte at eg hadde heile turen ned igjen. (hehe)

På vei opp møtte vi ein mann,
og han meinte at Lucy var så liten at ho kom til å sprenge seg heilt
og at eg måtte bære ho ned igjen..
– Men Lucy hadde ingen problem, ho var så flink og sprek,
og skjønte ikkje poenget med alle pustepausene mine.

Det var heller eg som hadde problem,
eg hadde tre anfall –  et på vei opp, og to på vei ned.

Det kunne gått verre, men ein kan ikkje gå rundt og være redd
for å skade seg heile tida, av og til må eg bare prøve å leve litt.
– Gul og blå på halebeinet,
og sjølvsagt endå meir smerter i dag – men eg er likevel fornøyd.

Ein filleting for mange,
men for meg er det ein liten seier.

 

Livet Sjukdom

20. november 2016

_61a6319

I same augeblikk som eg åpner augene,
er du der.

Du er med meg i alt eg gjer,
og du følger meg kor enn eg går.
Du får meg til å grine i all slags samanhengar,
utan at eg ein gong veit kvifor.

Det blir heilt svart.

Eg kjenner meg med eitt både utrøysteleg og uendeleg trist.
Alt verkar so håplaust, og eg ser ingen løysing eller lys,
det er berre mørke.

Du minnar meg på alt det dumme og alt det vonde.
Du seier at det ikkje er verdt å leve,
at eg ikkje har noko liv. At det ikkje er meir for meg der ute.
At eg ikkje vil bli betre, og at det ikkje er verdt strevet.
At eg berre skal gje opp.

Eg trur på deg.

Du seier at eg er udugeleg, og at ingen treng meg.
At eg er til meir bekymring, og meir i vegen enn til nytte for nokon.

Eg nikkar og er samd.

I mine svarte augeblikk er du verdens klokaste,
det er kun du som snakkar sant, og som har vettet i behold.

Du kviskrar i øyret mitt,
og du syner meg glimt etter glimt frå livet mitt som er vonde
å sjå, høyre og tenkje tilbake på. Du minnar meg på situasjonen min
no, og kor drit alt eigentleg er, og har vært so alt for lenge.
Det forsterkar alt vi har snakka om vi to.

Eg vil berre forsvinne.
Eg vil få sleppe å føle eller tenkje.

Eg gret og gret.
Hovudpinen går over til migrene.

 

Det er ikkje noko liv,
det har du rett i.
Det er nesten ikkje til å halde ut,
det har du rett i.
Eg orkar ikkje meir,
det har du rett i.

MEN eg har fortsatt styrke,
det har du oversett.

Kor den kjem frå det veit eg ikkje,
men eg prøvar so hardt eg kan å bekjempe deg.

Eg er so sliten, so sliten.
Men det kan ikkje slutte slik.
Eg vil prøve å snu det til noko bra.
Eg skal vise deg at eg kan.

Eg vil ikkje ha deg her.
Eg forstår at du er her, men det hjelp ikkje at du er her
i tillegg til alt det andre.

Du gjer livet mitt endå verre.

 

Depresjon,
ha deg ut av livet mitt!