Browsing Category

Mat / Oppskrift.

Kjærleik Mat / Oppskrift.

Tusen takk!

11. oktober 2013

PA116336PA116351PA116343PA116348PA116341

Dagen begynte hardt etter ei lang og vond natt. Men ein kan ikkje henge med hodet alt for lenge når ein har så gode mennesker rundt seg, kan ein vel??

Då eg kom opp på kjøkkenet i dag, så såg eg at Øyvind hadde laga club sandwich til meg i dag tidleg før han dro, det var fint pakka inn på eit fat og stod klart til eg skulle bli sulten. Han er så snill med meg! (den var forresten kjempe god, eg elsker kyllingsandwich.)
– Tusen takk elskling!♥♥

I kveld når eg gjekk rundt her i min store strikkagenser og håret opp i ein hestehale med ansiktsmaske på, så kom det plutselig ein nydeleg orkidè på døra. Tusen takk fine søstra mi, eg e så glad i deg og!! ♥

Veninner har kontakta meg, gode mamma har ringt.. og ingen har ein gang sett bloggposten som eg tenkte kanskje var årsaken til blomst og telefoner, men dei bare tenkte på meg. Kjempe glad i dåke alle sammen!!

Og sist men ikkje minst, tuusen takk for dei fine orda som kom på den forrige posten – dåke e så snille og gode. Humøret mitt er ihvertfall bedre om ikkje formen er på lag med meg, god fredagskveld kjære lesere!! ;)

autograf

Mat / Oppskrift.

Morning Time

14. juni 2013

_61A3933_61A3939_61A3948_61A3942_61A3957

Bilder fra i dag tidleg.. eg og lillebror har kosa oss med god frokost!

I dag var det amerikanske frokostpannekaker på menyen med fullkornshvetemel og sukrin så det blei ein meir sunn variant.. friske bær, bananskiver, sjokoladepålegg og syltetøy fra Nicolas Vahè (som kan kjøpes på fks. butikken «Ting» her i Førde).. yogi og pukka te + appelsinjuice = digg ♥♥

No skal vi snart ned i sentrum ein tur, eg har fått hentelapp i posten!  Ha ein fin dag alle sammen!! 

autograf

Mat / Oppskrift.

Breakfast forever!

14. mai 2013

frokost1frokost3frokost14frokost7frokost2frokost4frokost8frokost10frokost11frokost9frokost12frokost13frokost6frokost5

For dei som følger meg på instagram så skulle ein av og til tru at det var ein matblogg eg hadde. Frokost er nok mitt favoritt måltid om dagen. Eg er glad i og lage mat, bake og ikkje minst spise, hehe.. så det blir ein del matbilder – og her er litt av frokostbilda eg har posta den siste tida. Like it? :)

Følg meg på @regineforsund ♥♥

autograf

Mat / Oppskrift.

Grove Knekkebrød

19. april 2013

P1015310P1015315P1015313

Det er jo så pop og lage knekkebrød for tida, no har eg og laga det – her er oppskrifta eg brukte. Dei var kjempegode, og det var jo så enkelt også!! Anbefales virkelig;)

4 dl sammalt, grov rug
2 dl lettkokte havregryn
2 dl solsikkekjerner
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
1 ts salt
2 ts sukrin
7 dl vann

Framgangsmåte:
Sett steikeovnen på 180 grader varmluft og kle 2 steikebrett med bakepapir.

Rør sammen alt det tørre i ein bolle og hell over vannet. Bland det sammen og la det stå å svelle i 3 min. før du fordeler røra på dei to steikebretta. Bruk ein slikkepott til å fordele røra jevnt utover begge bretta. For å greie å bryte opp knekkebrøda når dei er ferdig stekte, ruter du dei opp før steking. Sett bretta inn i steikeovnen.

Eg steiker knekkebrøda slik:

  1. 40 min. vanlig.
  2. 10 min. med 5-6 cm glippe på steikeovnsdøra.
  3. 10 min.med lukket steikeovnsdør.

Hold eit auge med knekkebrøda dei siste 5-10 minutta slik at dei ikkje blir brente.

Knekk dei opp med det samme, og legg knekkebrøda over på ei rist. Dersom nokre av knekkebrøda ikkje er heilt sprø, legger du dei tilbake på steikebrettet og tørker dem i nokre min. til i ovnen.

Knekkebrøda holder seg fint i ein kakeboks. Nyt og kos deg ;)

P1015318

autograf

Mat / Oppskrift.

Pancakes in Bed

8. april 2013

P1015179P1015189P1015196P1015186P1015174

Det har vært ein lat og sein morning då eg besvimte så mange ganger i går kveld og slo hodet hardt.. eg har hjernerystelse i dag, og er ikkje heilt i form, matlysta er dårlig så då måtte eg lage noko ekstra godt.. Amerikanske pannekaker slår alltid an♥♥

Oppskrift på amerikanske fullkornspannekaker:
50g smør, 3dl melk, 2 egg, 3dl fullkornshvetemel, 2ts bakepulver, 1ss sukrin, 1/2 ts salt.

Smelt smøret, bland i melka og visp inn egga. Bland alt det tørre i ein bolle, hell i væska imens du rører. La røra svelle i 15 minutt. Steik på middels varme. Nyyt og kos deg, det er veldig godt med lønnesirup, bær og frukt ;)

No skal eg ta meg ein kopp te og se på «House of Cards». Ha ein fin dag alle sammen!

autograf

Mat / Oppskrift.

Sukkerfritt Snop!

28. mars 2013

P1014993P1014982P1014973P1014986P1014997

Eg laga meg litt godteri til påska slik at eg kunne kose meg litt eg og – alle som har smakt på snopet blir overaska over kor godt det er. Det er ikkje berre sukkerfritt, men det er også flott at det ikkje er noko form for e-stoff eller kunstige stoff som det er i alt ein kjøper! Det er klart at det er kalorier i dette som alt anna, men ganske lite i forhold til vanlig snop- og om ein skulle få søtsug så er dette eit godt alternativ!

Ingrediensene kan kjøpes både på helsekostbutikk og iherb.com – formene har eg kjøpt på ein helsekostbutikk her i Førde.

Her er linkene til dei forskjellige godbitene: Snickerskonfekt, Bounty Sjokolade og Gelegodteri. Eg tok også resten av sjokoladen eg laga til konfekten som var til overs og helte i nokre former og hadde hakka nøtter oppi, enkelt og godt. Gelegodteriet rulla eg i sukrin og litt sitronsyrepulver – og etter dei hadde ligget litt i dette i ein boks så smakte dei veldig godt! Eg oppbevarer sjokoladene med fyll i frysen for det smelter raskt, og så tar eg litt og litt opp i små krukker i kjøleskapet – men det holder seg lenge i frysen, og smaker like godt når ein har tina det. HER er også ei oppskrift som er veldig god med karamellsjokolade som eg har laga før.

Håper det vil smake! Snickerssjokoladene er min favoritt ;)

autograf

Mat / Oppskrift.

Grove Ostehorn

2. mars 2013

P3024750P3024767P3024762P3024765

Herlig og lat morning med nybakte, deilige og grove ostehorn.. friske jordbær og grønn yogi te ♥ Kjempe godt og spise dei som dei er, eller ha smør og skinke inni, mums!!

Alt du trenger og gjøre er og følge ei vanlig oppskrift på ostehorn egentlig.. og så bytte ut hvetemel med fullkornshvetemel. Disse var veldig gode då det er masse revet ost i deigen også, anbefales. Eg brukte ikkje like masse mjøl som i oppskrifta, bare ha i halvparten først og se kor masse du bruker!

Oppskrift , blir ca 18 horn.
3,5dl melk
50g gjær
150g revet ost
ca 400g mjøl (bruk fullkornshvetemel, eller halvt om halvt med fint og grovt mjøl)

(et egg til pensling + revet ost til å ha over horna)

Rør gjæren ut i lunka melk.
Bland inn halvparten av mjølet som er blanda med salt og osten (150g). Elt inn resten av mjølet til deigen er smidig og slipper bakebollen. La heve til dobbel størrelse.
Del i tre emner og kjevle kvert emne ut til ei rund leiv som deles i 6 trekanter. Rull kver trekant sammen til horn. La disse etterheve ca. 20 minutter, pensle med egg og dryss på (masse) ost.

Steik ostehorna på 225grader i ca 10-15min.
Enjoy!!

autograf

Diverse Mat / Oppskrift.

Morning Bliss

21. februar 2013

P2214720

P2214717

P2214713

Eg sitter og koser meg med to nye magasiner som kom i postkassa mi i går (Stella & Costume) , ein kopp te i min nye lekre gullkopp som eg fikk av mamma ♥♥ Den er kjøpt på «Flaten Boutique» i Førde, det er så masse lekkert der! Vasen/telysglasset er fra tine k og er kjøpt i butikken som ligger vegg-i-vegg, «Heidi Bo». Elsker slike nye skatter, og ikkje minst vakre roser, eg blir så glad av friske blomster!

På kjøkkendisken står det to brød til heving som eg straks skal sette inn i ovnen – det blir godt med nybakte brød til lunsj! :)
Ha ein fin dag alle sammen!

P.S. Legg igjen ein kommentar i denne posten om du vil vinne t-skjorte, vinner trekkes i mårra!!

autograf

Mat / Oppskrift. Sponsor

IPHONE COVER & CHOCOLATE

1. februar 2013

P2014551P2014555P2014552Awww, sjå på det søte mobildekselet eg fikk i posten fra Iconemesis – loving it!! Du kan kjøpe det HER! Eg elsker jo deksel og får aldri nok av det, det er så gøy og skifte deksel på mobilen alt etter kva antrekk eller humør eg er i.. ♥♥    Like it?                 (Annonse)

På fatet er det forresten heimelaga, sunne «negerboller» – alt du trenger og gjøre er og bytte ut vanlige ingredienser med sunnere alternativ. Det eg har linka til kan kjøpes på helsekostbutikker overalt i landet!

– 100g meierismør (ha det stående i et skap/eller på disken til det er mjukt – skal ikkje smeltes.)
– 1 dl sukrin
– 3 dl havregryn
– 2 ss rått kakaopulver (du kan bruke vanlig bakekakao også.)
– 2 ts ekte bourbon vaniljepulver
– 2 ss kokt, kald kaffe (gjerne koffeinfri)

Rør alt i sammen.. (eg bruker hendene.) Form små boller, rull dei i kokos og legg dei på eit fat med matpapir. Sett dei i kjøleskapet, best 3-4timer etterpå, eller dagen etter då dei er kalde og gode – men du kan sjølvsagt ete dei med ein gang. Enjoy!

autograf

Mat / Oppskrift.

TACO!

29. januar 2013

P1294536

Det er mange som etterlyser oppskrifter fra dietten min.. dette er produkt som er grovere, reine uten alle mulige e-stoff, aroma, fargestoff, mengder med salt ++ (nachos chipsen fant eg på rema1000 faktisk som kun var mais, solsikkeolje og salt..)

Eg glemte og ta bilde av tomatsalsaen aleine, men her er oppskrifta, denne har eg funnet på trines matblogg!

Tomatsalsa:

200g cherrytomater i små terninger
1/2 rødløk i små terninger
1 grønn chili, finhakka
saft av 1/2 lime (eg har sitrusallergi, men her bruker eg litt syrlig eplejuice.)
frisk koriander, hakka (må ikkje ha, eg mangla det i dag!)
salt og pepper

La salsaen gjerne stå og trekke litt, slik at alle dei gode smakene får satt seg.

P1294531

Tacolefser:

6,5dl mjøl (her bruker eg enten fullkornshvetemel som på bildet, eller maismel.)
2,5dl lunka vatn
3 ss olivenolje
3/4ts salt

Kna alt til ein smidig deig, det tar bare fem minutter. Del den i 10-12 boller (eg har halvert deigen på bildet og bare laga 5stk då det bare er oss to..)  Dekk dei til og la dei kvile i 15minutt. Bak dei så ut med ei kjevle, jo tynnere jo bedre. Steik dei på tørr teflonpanne på middels varme. Trykk dei litt ned under steikinga for og unngå bobler, dei skal være gylne og fine.

Dei er litt stive når dei er nystekte, men blir bløtere etter ei lita stund. (legg ei og ei lefse inn i aluminiumsfolie etterkvert som du steiker dei så dei holder varmen og blir mjuke.)

P1294534

Tacokrydder:

1 ts chilipulver
1 knivsodd løkpulver
1 knivsodd hvitløkspulver
0,5 ts oregano
0,5 ts paprikapulver
1,5 ts spisskumin
1 ts salt
1 ts malt, svart pepper

Bland sammen alle ingrediensene. Tilsett 1dl vann til kjøttdeigen eller kva du måtte ha i panna! Eg har brukt kyllingfilet som eg har steikt i små biter, det er også veldig godt – og sunt!

P1294532

Det er veldig enkelt og ein treng ikkje alle ferdigpakkene fra butikken, prøv dette neste gang du skal ha taco!
Håper det vil smake ;)

autograf