NAM!
Det er snart jul, og eg trenger litt konfekt og godteri som eg kan kose meg med! Dette er saftig og kjempegod karamellkonfekt – uten noko «tull», heilt reint og naturleg!
For dei som lurer så går eg på streng diett på grunn av at eg har borreliose og går på fleire typer antibiotika.. eg har gått på dietten i to måneder no, og har ca. seks måneder igjen. Eg prøver så godt eg kan , men eg skal innrømme at det er hardt..
Sjokoladen:
– 100g kakaofett/kakaosmør
– 1 ss extra virgin kaldpressa kokosolje
– 1 ss yacon sirup
– 1 ss yaconpulver
– 6 ss kakao (pulver)
– 2 ts carobpulver
– 1 ts ekte vaniljepulver
Hugs: Rå ingredienser krever lav temperatur. Kakaofett skal smeltes på 40grader, det tar litt tid – eit lurt triks er og sette ein glassbolle/kasserolle med fettet inn i steikeovnen på 50grader med døra litt på gløtt, lukk den igjen av og til om for masse av varmen går ut. Rør av og till. Til slutt er alt smelta, det tok ein god halvtime!
Karamellfyllet:
– 3 ss yacon sirup (gir karamellsmak)
– 1 ss kokosfett (samme som den over)
– Viktig: 10 dråper stevia english toffe (denne setter prikken over i`en)
Bland alt i ein bolle. Det er ein fordel om kokosfettet er flytende, sett det ein varm plass – eller smelt det over vannbad.
– Denne kan du lage imens kakaofettet skal smelte.
Slik gjør du:
– Fyll 1/3 av sjokoladefomen, sett i fryseren i eit halv minutt. Sjokoladen skal bare tjukne, og ikkje stivne. Pass på, dette går fort!
– Hell sjokoladen rundt kantene slik at det blir sjokolade på sidene, no blir formen fylt så det er sjokolade i 1/2 av formen. Sett i fryseren eit halvt minutt, maks. Skal ikkje stivne heilt (men det skjedde meg,og det gjekk bra likevel..)
– Gå over kantene ein gang til så det blir tjukkere på sidene av sjokladen. Sett i frysen til det har stivna (halvt minutt igjen)
– Ta ut sjokoladen og fyll med karamell til det nesten er heilt oppe med kanten. Sett i frysen i eit par minutt.
– Ta ut sjokoladen og fyll på med sjokolade på toppen. Sett i frysen og om tre-fire minutt er den klar! La den stå litt i romtemperatur om du vil at fyllet skal bli rennende.
Kos deg ;)
Her ser du ingrediensene eg brukte. Noko er kjøpt på helsekosten og noko er bestilt fra iherb då det er litt rimeligere der enn i norske butikker. Silikonforma kjøpte eg på helsekosten, men det går godt an og bruke andre former – eg brukte også ei rød hjerteforma isbitform i silikon som eg har kjøpt på Biltema, den funka heilt fint den også. Viktig at det er silikon/fleksibelt då det blir vanskelig og få det ut ellers uten at du knuser sjokoladen og at karamellen renner ut.. :)