Browsing Category

Sjukdom

Interiør Sjukdom

Regnfull søndag

27. juli 2020

Formen min er veldig dårlig om dagene, så eg tilbringer mykje tid på soverommet,
i badekaret (varmt vann for smertene) og på sofaen. Det er så lange dager, og så
lange netter – eg er så uendelig sliten.

Den nye medisinen fungerer dårlig, eg skal ta ny sprøyte i mårra,
håper det vil gi meir effekt etter kvert, hittil har det bare vært bivirkninger,
og migrene nesten kver dag. Eg er så slapp, og så svak, og klarer nesten ingenting.
Eg har så mykje smerter i heile kroppen, og smertestillende tar bare ein brøkdel
av toppene, i natt har eg bare ligget og vridd meg i smerter, det blir lite søvn..
Humøret mitt er deretter, og eg føler meg bare ødelagt og tom.


Lucy er så god og snill, ho ligger i senga med meg, på sofaen, eller på gulvet på badet.
Ho maser aldri om tur, ho er ein skikkelig sofagris og det er som regel eg som må dra ho ut ;)

Eg prøver å gå ein tur kver dag, være ute i hagen, og sørger for at ho får litt aktivitet og inntrykk..
ellers elsker ho å leike inne med bamser, ho har ein heil haug, og ho kan navnet på alle.

Katten ligger også inne og koser seg no når det regner,
ellers er han mykje ute på jakt og på vandring rundt i byggefeltet,
men sover inne på nettene.

Det har vært mykje regn i juli, det føles meir som høst enn sommer,
håper at august blir bedre, både værmessig, og med helsa.

Eg kjøpte meg to nye lysestaker denne måneden, så enkle og fine, fra merket Storefactory.
(eg fant dei i denne nettbutikken.)

Sjukdom

Portabel Infrarød Sauna

22. november 2018

Annonse / Samarbeid med Radiant Health

Eg har vært så heldig å få prøve ut denne infrarøde saunaen ei stund.

Eg har faktisk vurdert å kjøpe ein slik i fleire år – men økonomien har satt ein stopper.
Så eg blei veldig glad når eg fikk tilsendt denne av ho som driver Radiant Health.
Ho forventa ingen form for reklame, men ønska bare å bidra til ein bedre kverdag,
utruleg snilt gjort.

Eg vil gjerne skrive om det likevel, og virkelig anbefale å investere i ein slik om du har mykje
vondter i kroppen som meg.

Første gang eg prøvde det opplevde eg ein herlig letthet i kroppen etter å ha tatt badstue.
Svetten rant, og varmen gjør underverker for muskler og ledd.

Det som er ekstra behagelig med denne er at ein har hodet utenfor som du ser,
som gjør at ein ikkje blir heilt uvel som eg ofte har blitt av å sitte i badstue.

Informasjon fra nettsida: En infrarød sauna utstråler infrarød varme som går dypt inn i kroppen.
Helsefordelene er mange: økt sirkulasjon, sterk avgiftning, styrking av immunsystemet,
økt forbrenning, penere og friskere hud, smertelindring mm.

Det er Black Weekend , og det er 25% på heile nettbutikken – og fri frakt. 
Dette er eit veldig godt tilbud, så om du har vurdert å kjøpe ein slik så er det no du må slå til!!
Trykk HER for å komme til saunaen som eg har, som er Basic modellen.

Rabattkoden er BW2018 som du legger inn i rabattkodefeltet når du skal betale.
Tilbudet gjelder fra fredag – søndag.

Det er varmeelementer i veggene bak og på begge sidene som gir en veldig effektiv og kort oppvarming av saunaen.
Du vil oppnå ca 55 – 60 grader etter kun ca. 10 minutt.
Det følger med ein stol som kan klappes ut og brukes inni saunaen.

Det er ikkje den beste sittekomforten, ein får litt sånn dårlig stilling i ryggen føler eg – men
for 30-45 min går det fint, er bare å rette seg litt opp og tenke over korleis ein sitter så ein ikkje synker i sammen.

Eg bruker å legge håndduk i stolen opp mot nakken, og under føttene på matta på gulvet.
Eg setter den ved siden av spisebordet, med eit glass vann som eg klarer å rekke når eg tar handa ut av hullet på sida.
Det er viktig å få i seg litt væske når ein svetter sånn. Nokon ganger tar det lang tid før eg svetter, og andre ganger
så renner det med en gang.. varierer litt. Tar alltid ein dusj etterpå :)

Eg er dårlig på å drikke vann. Men eg fikk sodastream i fjor så då klarer eg å drikke meir vann
siden det er kullsyre i , så det er eit godt tips om du syns det er vanskelig å få i seg nok vann.
Pga. at eg er veldig plaga av kvalme så hjelper det med kullsyre i drikka.

Ellers er eg ein rastløs person, ein bør jo ikkje åpne opp og sitte med mobilen sånn at varmen
fyker ut, så derfor setter eg på ein serie eller noko på tven sånn at eg kan sitte og følge med
på det samtidig. På slutten er det ganske varmt, og av og til klarer eg ikkje å sitte så lenge som
eg tenkte, men då er det bare å trykke på stopp og dra opp glidelåsen.

Eg stiller den inn på 60 grader, og på styrke på føttene, og i 45min.
Men innimellom sitter eg bare 30-35min, og andre ganger sitter eg kanskje i 50 min.

Den er enkel å slå i sammen, eller flytte rundt om du har den stående oppe.

Livet Sjukdom

STATUS – livet.

13. juni 2018

Det har vært ganske tøft i det siste,
det er få som faktisk forstår. Eller som veit kor rått og brutalt det er.

Eg trur at mange ikkje klarer å ta inn over seg det eg skriver,
fordi dei ikkje ser åpne sår, krykker eller noko som tyder på at det stemmer.
Og likevel seier dei fleste at eg skal være glad for at eg ikkje ser sjuk ut,
men det er ikkje positivt – det hadde vært enklere for meg om folk såg det,
sånn at eg kunne få forståelse om ikkje anna..

Sjølv om venner og familie er glad i meg,
så er det fortsatt få som forstår eller klarer å sette seg inn i det.

Men det er altså nokre få,
som eg kan telle på ei hand –
og det betyr veldig mykje for meg at dåke
ser meg, og støtter meg daglig, takk.

..og lille vennen min  – som alltid er her.

Ho varsler når eg får anfall, og når ingen er her så legger ho seg inntil meg når eg er ferdig
med å slå/sparke, og logrer med halen så fort eg våkner. Eg har vært redd for at eg utsetter
ho for mykje stress, men eg veit at ho har det bra. Siden eg alltid er heime, så blir det eit
sterkt band mellom oss- som gjør det litt vanskeligere når eg skal vekk, men heldigvis er det
fleire som ho er trygg på som kan passe ho når det trengst.

Det å ha ho der er jo ikkje det samme som ein person,
men ho gir meg så mykje glede, og ho gjør virkelig livet bedre.

Eg trudde aldri at eg kunne bli så glad i ein hund,
det er heilt spesielt.

Det er vanskelig å få forståelse når ein er skikkeleg sjuk, men gjør forskjellige ting.
Altså, eg kan lage mat innimellom, jobbe i hagen, eller gå små turer.
Turer har det vært dårlig med i det siste, men eg har styra litt i hagen.

Eg låg måned etter måned i senga eller på sofaen,
eg blei ikkje dårligere, men eg blei heller ikkje bedre.

Eg blir ofte verre av å gjøre ting,
men det gir meg ihvertfall litt mestringsfølelse av at eg har gjort noko,
og litt meir inntrykk enn å bare ligge inne. Om eg bare klarer noko i 10 min,
så er det bedre enn ingenting.

Det er kanskje eit glimt av det du ser på instagram eller snapchat.
Du ser ikkje at eg gråter til eg ikkje har tårer igjen,
kaster opp i timesvis. Du ser ikkje at eg har anfall imens eg lager mat,
at eg ligger i dusjen til vannet er kaldt og har fått
heilt frost i meg, at eg så og sei ikkje sover –
men likevel står opp og går ut i hagen med Lucy.

Kver dag tenker eg at eg ikkje orker meir,
men det fortsetter likevel.

Når eg går ut,
så tar eg meg i sammen – og eg tar på ei slags «maske» som eg har nevnt før.
Det skjer av seg sjølv , og eg klarer ikkje å styre det.

Så om du møter meg så kan eg smile og gå forbi
deg som om ingenting er galt. Det bare går ikkje
an å se, men egentlig er eg veldig dårlig og sliten.

Det er uansett viktig å tenke på om du veit om nokon som er sjuk,
at sjølv om du ikkje ser det eller forstår det, så er det ingen grunn til
å ikkje tru på det.

Og uansett kor dårlig vi er så må vi ut av seng og sofa til slutt,
og det koster oss meir å gjøre kver minste ting enn ein frisk person.

Og sjølv om vi har ein hobby, går tur eller jobber i hagen,
så er det ikkje det samme som å jobbe.

  

Men eg har ein jobb.
og jobben min er å ta vare på meg sjølv,
og å prøve å få bedre helse.

Jobben min går ut på å prøve å få nok kvile,
at eg hugser på å ta smertestillende
og å få i meg nok mat og drikke,
og å sørge for at eg kjem meg på alle legetimer og undersøkelser,

og ofte så klarer eg ikkje ein gang den jobben.

Eg deler ikkje for å få trøst eller for at folk skal syns synd i meg,
eg deler fordi eg håper sånn at andre kronisk sjuke, diagnose eller ikkje diagnose,
skal få meir forståelse for korleis det er når livet blir styrt av helsa.

Ein klem til alle dåke,
og til alle pårørende som også har det tøft, og som kjemper
enten i lag med dei, eller som tar kampen for dei som har gitt opp.

Livet Sjukdom

WE MADE IT

25. september 2017

Det var heilt uvirkelig at eg stod på ein fjelltopp i går.
Det er vel nesten 10 år siden sist!

Mandag, tirsdag og onsdag i forrige veke var eg så dårleg som eg aldri har vært før.
Eg kasta opp i dagesvis og beholdt ingenting i magen, eg hadde over 20 anfall i timen eine dagen,
så mykje smerter at det var utholdelig, så sliten, lite søvn og intens migrene.
Eg trengte hjelp til alt, og var så svak og elendig.

Og gnisten min bare visna heilt vekk.

Då er det lov å være stolt av seg sjølv når eg nokre dager seinere kjem meg opp ein fjelltopp.
Det var vilje og ikkje energi eg gjekk på, men det var hardt – knallhardt.

Eg heiv innpå med smertestillende før eg gjekk,
og planen var kun å gå 1/3 av turen opp til eit punkt –
men så gjekk eg litt til, og litt til.

Det var fantastisk å stå på toppen igjen,
eg felte tårer fordi eg var glad –
og fordi eg angra då eg skjønte at eg hadde heile turen ned igjen. (hehe)

På vei opp møtte vi ein mann,
og han meinte at Lucy var så liten at ho kom til å sprenge seg heilt
og at eg måtte bære ho ned igjen..
– Men Lucy hadde ingen problem, ho var så flink og sprek,
og skjønte ikkje poenget med alle pustepausene mine.

Det var heller eg som hadde problem,
eg hadde tre anfall –  et på vei opp, og to på vei ned.

Det kunne gått verre, men ein kan ikkje gå rundt og være redd
for å skade seg heile tida, av og til må eg bare prøve å leve litt.
– Gul og blå på halebeinet,
og sjølvsagt endå meir smerter i dag – men eg er likevel fornøyd.

Ein filleting for mange,
men for meg er det ein liten seier.

 

Dagens Antrekk Sjukdom

GÅRSDAGENS ANTREKK

20. juli 2017

Kjole + Solbriller, H&M  / Veske, By Malene Birger  /  Sko, Nike  / Klokke, Daniel Wellington / 
Lucy har Puppia sele /

Vi hadde ein roleg start på dagen i går,
her rusler vi i nabolaget til mamma i Rakkestad.

Nydelig vær,
og eit koseleg sentrum.
Vi kjøpte oss mat og satte oss på ein benk og kosa oss.

(Eg blir så brun på beina med ein gang,
det ser litt rart ut, hehe..  )

Alt høres veldig idyllisk ut, og eg tar kun koselege bilder og filmsnutter både på snapchat og instagram –
men det er fordi det er dei fine tinga eg prøver å hugse og forevige.


 

Formen er ikkje så bra.
Forrige natt satt eg stort sett heile natta med bøtte,
kasta opp og hadde migreneanfall, smerter og var heilt ekstremt dårleg.
Ikkje særleg med søvn i natt heller, og eg er sliten.

Det er ikkje så lett å være rundt folk heile tida når ein har det sånn.
Eg blir ekstra irritabel fordi eg er så sliten,
og fordi eg har så mykje smerter og ubehag i kroppen.
Det er ikkje så kjekt når ein kjenner at sjukdommen tar over
kropp og sinn, og ein ikkje klarer å være så positiv og «grei» som ein vil.
Eller at ein ikkje orker å være med på alt og føler at ein virker uinteressert
eller lite engasjert, når det egentlig er formen som setter ein stopper.

Eg prøver å ikkje tenke på heimturen,
men den blir nok tøff siden formen blir verre og verre.
Eg prøver heller ikkje å tenke på at eg må betale hardt i kanskje fleire veker
når eg kjem heim, fordi eg har tatt meg slik ut med å være på reis,  så aktiv og sosial.

Eg hater å være kronisk sjuk.
Det er skikkeleg drit.

Eg får aldri ferie
fra det.

Livet Sjukdom

20. november 2016

_61a6319

I same augeblikk som eg åpner augene,
er du der.

Du er med meg i alt eg gjer,
og du følger meg kor enn eg går.
Du får meg til å grine i all slags samanhengar,
utan at eg ein gong veit kvifor.

Det blir heilt svart.

Eg kjenner meg med eitt både utrøysteleg og uendeleg trist.
Alt verkar so håplaust, og eg ser ingen løysing eller lys,
det er berre mørke.

Du minnar meg på alt det dumme og alt det vonde.
Du seier at det ikkje er verdt å leve,
at eg ikkje har noko liv. At det ikkje er meir for meg der ute.
At eg ikkje vil bli betre, og at det ikkje er verdt strevet.
At eg berre skal gje opp.

Eg trur på deg.

Du seier at eg er udugeleg, og at ingen treng meg.
At eg er til meir bekymring, og meir i vegen enn til nytte for nokon.

Eg nikkar og er samd.

I mine svarte augeblikk er du verdens klokaste,
det er kun du som snakkar sant, og som har vettet i behold.

Du kviskrar i øyret mitt,
og du syner meg glimt etter glimt frå livet mitt som er vonde
å sjå, høyre og tenkje tilbake på. Du minnar meg på situasjonen min
no, og kor drit alt eigentleg er, og har vært so alt for lenge.
Det forsterkar alt vi har snakka om vi to.

Eg vil berre forsvinne.
Eg vil få sleppe å føle eller tenkje.

Eg gret og gret.
Hovudpinen går over til migrene.

 

Det er ikkje noko liv,
det har du rett i.
Det er nesten ikkje til å halde ut,
det har du rett i.
Eg orkar ikkje meir,
det har du rett i.

MEN eg har fortsatt styrke,
det har du oversett.

Kor den kjem frå det veit eg ikkje,
men eg prøvar so hardt eg kan å bekjempe deg.

Eg er so sliten, so sliten.
Men det kan ikkje slutte slik.
Eg vil prøve å snu det til noko bra.
Eg skal vise deg at eg kan.

Eg vil ikkje ha deg her.
Eg forstår at du er her, men det hjelp ikkje at du er her
i tillegg til alt det andre.

Du gjer livet mitt endå verre.

 

Depresjon,
ha deg ut av livet mitt!

Dagens Antrekk Livet Sjukdom

LIVET

12. august 2016

_61A6188
Peter tok så vakre bilder ein kveld vi gjekk tur, han gjekk med kameraet rundt halsen – 
heldigvis snappa eg minnekortet hans og putta det i pcen min. Han hadde bare sletta alle sa han,
han var ikkje fornøyd med nokre av bilda, han er så perfeksjonist. Eg syns dei var fine. så eg redigerte dei litt.

_61A6152_61A6190 _61A6150_61A6201
Kjole, Bik Bok  //  Jakke, Gina Tricot  //  Sko, Nike  // Veske, Michael Kors  // Selen til Lucy, Puppia (ebay)  //

Det blir mykje bilder av meg og Lucy,
men det er stort sett slik dagane ser ut og kun det dagane mine inneholder..

Eg er i hagen med ho, går turer, leiker på gulvet med ho.

Det er også mykje stell, enten det er klipp av pelsen, augerusk,
klipp av klør, eg lager maten hennes (grønnsaker og kjøtt),
bader ho innimellom, det er floker og børsting og det er meir leiking,
og så er det ut igjen.

Eg liker å dille med ho, og koser meg når eg steller med ho.
Eg vil at ho skal ha det godt, og liker at ho er rein og fin!

Det blir sikkert litt vel mykje bilder av ho for dåke,
men det blir sånn når det går i Lucy fra morgen til kveld her ;)

Og så er det den helsa mi som absolutt ikkje er god.

Migrenen er heilt ekstrem for tida.
Juli og begynnelsen av august har vært intens.

Epilepsimedisinen hadde god effekt i begynnelsen, veldig god.
Anfalla blei halvert.

Men så tok nevrologen ferie, og den varer jo nesten i 3mndr (!!)
og ho er ikkje tilbake før 22 august og då har eg time..
det vil sei at eg ikkje har fått økt doseringa gradvis, som eg gjorde i starten,
slik at virkninga bare har stagnert..
-Eg har stått på samme dose siden slutten av mai.
Veldig kjedelig at det blei sommerferie midt i behandlinga.

Eg trur og at eg blir meir deprimert av medisinen,
eller så er eg bare det.. uansett er eg endå lenger nede enn eg har vært.
Det er tungt, og eg sliter veldig med å holde humøret oppe.

Utad ser eg vel ok ut,
eg står opp kver dag. Eg gjør alt eg skal,
eg tar meg av Lucy,
eg prater og smiler til folk.

Men innerst inne er det svart,
og eg har konstant klump i halsen.

Eg har lyst å gråte, men eg orker ikkje å gråte meir i dag,
og eg bør ikkje pga migrenen, det gjør bare
vondt verre..

xx

Blomster Sjukdom

IT’S OVER

30. mai 2016

P1014253..Altså operasjonen!

Endelig er den unnagjort.
Eg møtte opp litt før 07 i dag tidleg på Haukeland,
på dagkirurgisk avdeling..

Operasjonen var vellykka i følge kirurgene,
eg får jo ikkje sett resultatet på ei stund før
bandasjer og strips er vekke – men eg er veldig glad
for at eg er ferdig!

(Eg har altså operert eine brystet pga brystasymmetri.
Om du vil lese meir, les posten eg skreiv om det HER)

Eg har fått nydelege peoner fra mamma,
eg ville heller velge noko sjølv istedet for å få ein bukett
på døra fra blomsterbutikk.. er ikkje så glad i store buketter,
og liker best enkle, reine blomster i vasene mine som dette :)

Peoner er virkelig den vakreste blomsten på jord!♥
I kjøleskapet står det også ei eske med makroner fra ho og venter på meg..

P1014248
På kjøkkenet står Øyvind og lager kyllingsalat som merkelig nok er det
eg har mest lyst på i dag av alle matretter, og han lager gladleg det eg vil ha.
Han er heilt fantastisk. Han har kjørt og henta meg på sjukehuset, i mens Peter (lillebror)
har passa på lille Lucy..

Øyvind blir her i fleire dager og tar seg av meg no når eg er dårleg
og treng litt ekstra hjelp. Det er klart at det er ei ekstra hard påkjenning,
når eg er så dårleg fra før av.

Han er så flink med Lucy, herlig at han kan ta ho med på tur
og ta seg av ho, ho forguder jo han ;)  (ho også)
Det er så godt at vi har eit så godt og avslappa
forhold. Og eg er så takknemlig for alt han gjør for meg.

Eg har hatt mange anfall, hadde fleire anfall allerede på operasjonsbenken då
eg våkna. Det er godt at Øyvind er her så han kan passe på at eg ikkje skader meg
sånn når eg har krampeanfall , at eg ikkje «slår meg sjølv» så masse i operasjonssåret..
det er mykje å tenke på..

P1014228

I neste veke når han drar så drar eg kanskje heim til mamma
så ho kan ta over og ta seg av meg litt..
Eg hadde nemleg hatt 6 vekers sjukemelding om eg hadde vært i jobb,
og eg skal ikkje gjøre husarbeid, løfte tungt eller anstrenge meg osv.

No skal eg ta påfyll med smertestillende,
og se videre på dokumentarer på NRK… ingenting er meir avslappande enn
stemmen til David Attenborough, ser på korallrevets eventyrlige verden ;)

Ha ein fin kveld alle sammen :)

Sjukdom

EIT STEG FRAM

3. mai 2016

_61A1210

Eg skal vel innrømme at eg blei litt matt då Øyvind ringte for ei stund sida og sa at han las om epilepsi,
og at han hadde vært i kontakt med forskjellige klinikkar og nevrologar i Oslo og Bergen.
At han ville so gjerne prøve ein gong til, sjølv om vi var til nevrolog i november 2015 og møtte veggen.

Rørt over at han viser so mykje omsorg for meg,
men matt fordi eg er so sliten og ikkje minst dritlei sjukehus, legar..
og for ikkje å snakke om nevrologar som eg har temmeleg opp i halsen.

Men eg kunne ikkje sei nei når han la alt til rette for meg.
Øyvind bestilte time, blei med meg og betalte – og lillebror passa Lucy.

Dette var i går,
her i Bergen – på Aleris.

Sist vi var til nevrolog fekk vi 2 minutt på Førde Sjukehus.
Det er eit av problema med det offentlege, dei har aldri tid til å lytte,
og ein skulle tru det var om å gjere å få deg ut av kontoret fortast mogeleg.

Her betalte vi jo for det, so vi fekk meir enn nok tid.
Eg blei so paff i går då nevrologen sa at ho meinte at det var epilepsi.
Ho sa at det var mange som ikkje slo ut på EEG, men som likevel hadde epilepsi,
og som responderte bra på medisin. Eg har lenge hatt lyst å prøve medisin for epilepsi,
men har ikkje fått lov sidan eg ikkje har hatt noko epileptisk aktivitet på registreringane..

Ho syns det var rart at dette ikkje var prøvd..
Øyvind har jo lenge spurt om eg ikkje kan få lov å prøve det når dei ikkje har
noko anna å hjelpe meg med, men det har vore heilt uaktuelt.

Eg starta allerede i går kveld med min første tablett.
Vi veit ikkje om det vil ha noko effekt, men eg er so glad at eg endeleg får sjansen til å prøve!

Det er klart eg tenkjer på at det hadde vært fantastisk om eg fekk færre anfall,
eller blei heilt kvitt dei. Men eg prøver å ikkje ha for store forhåpningar, og ta det
som det kjem. Eg byrjar med lav dose, og aukar gradvis – med tett oppfylging med nevrologen.
(Uff, dette kan bli dyrt..)

Berre det å høyre ein nevrolog seie at det heilt klart høyrest ut som epilepsi –
det er som musikk i øyrene. Det å bli trudd, og tatt seriøst betyr veldig mykje for
meg. So det i seg sjølv var ein stor ting for meg i går, og eg felte fleire gledestårer.
Feira med kake gjorde eg også :)

Det er ei heil lang liste med ting som feilar meg,
men det er eit steg fram med å prøve å redusere ihvertfall ei av plagene mine.
Medisinen kan hjelpe mot både anfalla, og migrene/hovudpinen.

Eg er so takknemleg ovanfor Øyvind.
Han er heilt unik som står sånn på for meg,
til og med no når vi ikkje er i lag.
Han er min aller beste venn, og eg er so glad i han,
og so glad for at han bestilte timen, og for at eg fekk sjansen til å prøve medisinen.
Uansett om det vil hjelpe eller ikkje, so er det noko eg/vi har tenkt mykje på,
og det er godt å ha prøvd det.

Det tek litt tid før eg veit om det har effekt,
men eg skal halde dåke oppdatert om eg merkar betring.

Eg har allerede sagt dette på snapchat,
eg fikk ikkje svart alle sammen – men det er mange som kom med forskjellige tips,
og som syns det var rart at eg ikkje hadde tenkt på at det kunne være epilepsi.

Eg har vært utreda for epilepsi utallige ganger,
og har vært til mange mange nevrologar i løpet av dei siste 21 åra.
Eg har vært på SSE i 16 dagar. (Satens Senter for Epilepsi)
Det har berre blitt avfeid so kraftig gong på gong.
Og dei ymtar alltid frampå at det kan være psykiske årsakar.

Eg forstår ikkje at Øyvind orka å gå til nok ein nevrolog – og eg trudde verkeleg ikkje
at det hadde noko for seg.. men det var godt han overtalte meg.

Mat / Oppskrift. Sjukdom

MIN LAURDAG

23. april 2016

P1013294
Det er so mange som trur at det går so bra berre pga. at eg legg ut fine bileter,
og koselege snaps..  det er desverre ikkje tilfellet.

Eg prøver uansett å gjere det beste ut av dagane mine.

No har eg vært på Waynes Coffee borti gata her i mens eg øver på at Lucy skal være aleine –
det er ingen framgang desverre. Eg var vekke i 22 min..  Ho peip og ulte heile tida. Eg har eit kamera
med mikrofon ståande på inne, som eg følger med på når eg er ute.

Blåbærmuffinsen var forresten supersaftig, det må være den beste muffinsen eg har smakt i heile mitt liv faktisk,
og smoothien var sjukt god (jordbær) – anbefales!!

P1013253
Vi var her oppe med Johanneskirka i dag tidleg,
eg hadde eit nytt anfall ute.

Det har vel skjedd fem-seks gongar til saman no at det har skjedd på tur med Lucy.
For det meste har eg anfall når eg slappar av og er inne, hurra for det.

Kritikk til alle som berre passerar og som ikkje ser på meg ein gang der eg ligg på bakken..
men det er desverre sånn vår verden har blitt.
Folk er redde for å involvere seg, dei har dårlig tid eller dei veit ikkje kva dei skal gjere.

Eg falt bakover, så eg slo meg i ryggen og bakhovudet.

Då eg kom inn så tenkte eg at eg ikkje hadde lyst å gå ut igjen,
som i aldri.

Etter ca. tre kvarter tenkte eg at eg bare måtte komme meg ut og
snu dagen til noko positivt. Eg er so sliten og so langt nede at eg
trengte å gjere noko koseleg sjølv om eg ikkje har nokon å vere med..

Eg og Lucy gjekk rundt i byen siden det er «By lørdag»,
det var utekonsertar, masse bodar, masse folk og masse hundar som Lucy fikk snuse på!!

Eg verkar så positiv når eg skriv slikt,
men det er eg absolutt ikkje.

Eg syns det er alt for mykje motgang,
alt for mykje sjukdom og smerter –
og eg er berre LEI.

Men som eg visste før eg fikk meg hund,
så er eg ekstremt pliktoppfyllande, og eg er veldig god med dei eg er glad i –
dermed gjer eg absolutt alt eg kan kvar dag for å gjere dagen so fin som
mogeleg for Lucy. Og i same slengen kjem eg meg ut av huset sjølv, og eg
må ta meg av meg sjølv for å ta meg av Lucy.. so det var ein god plan ;)

———————————————————————————————

God helg til alle som er innom!
Det hadde vært kjekt om du som les faktisk legg att nokre ord her i kommentarfeltet,
eg ser jo at det er kjempe mange som les postane mine, men veldig få som
legg att spor.

Kven er du? og kor lenge har du lest bloggen min?
Er det noko du ynskjer eg skal blogge om, eller det greit som det er ?? :)