Det er veldig vanskelig for meg å kombinere trening med sjukdom. Når ein ikkje har noko energi å ta av i utgangspunktet så er det veldig tungt å skulle kle på seg, pakke bagen og ta bussen ned på treningssenter. Eg klarer ikkje å trene så lenge om gangen, så det blir veldig mykje stress for liten tid med trening..
Eg har dermed meldt meg ut av spenst sjølv om eg har fått masse god hjelp der.
Eg kom meg bare aldri dit desverre!
Eg har fulgt @kayla_itsines ei god stund på instagram – og eg har blitt veldig nysgjerrig på det treningsprogrammet ho har laga. Gå inn på heimesida hennes her! Det er SÅ mange jenter som følger ho – 2,3millioner på instagram. Og det er så mange jenter som deler bilder med før og etterbilder, som kayla deler på sin konto. Det er så inspirerende å gå inn på kontoene til dei jentene og se kor stor forandring dei har fått bare på 6-7 veker! ..for ikkje å snakke om når dei har trena 12 veker eller lenger!
Så i forrige veke kjøpte eg endelig programmet!
Det er en pdf med 189 sider. Det er eit treningsprogram for 12 veker. Det står dag for dag kva du skal gjøre. Det står kor lang tid du skal bruke, og det er tegninger med kva øvelser du skal gjøre. Så utrulig detaljert, forklarende, og oversiktlig!! Eg har printa ut dei første vekene med program så eg har det foran meg når eg trener..
Eg begynte på pre-training siden eg ikkje er så godt trent i utgangspunktet. Det er sjukt hardt, så eg lurer på korleis det blir når eg begynner på det egentlige programmet, hjelpes!! Det er med handa på hjertet det mest effektive treningsprogrammet eg nokon sinne har vært med på. Aldri vært så støl i mitt liv, forrige veke var grusom, hehe.. men det føles godt!
Det som er genialt for meg, og for andre som ikkje har all verdens tid til treningssenter er at ein kan gjøre det heime på stuegulvet! Det er ikkje mykje utstyr ein treng, og det står liste over kva du bør ha. Det ein treng er manualer, yogamatte, en medisinball, hoppetau og musikk så klart!! Det står «step» også på lista, men eg bruker bare ein lav stol å tråkke opp og ned på, om du har ei kasse eller noko så kan du bruke det – ikkje nødvendig å kjøpe ein step.
Styrketreningsøktene varer ikkje lenger enn 28min – men det er 28 intense minutt. Det er sirkeltrening med 8 forskjellige øveleser, i 7 min om gangen og så 1 minutt pause. 7 X 4. Og så strekke ut! I mårra er det kondisjonstrening i 35-45minutt – og då blir det aerobic på stuegulvet.
Før helga då eg tok meg ei økt så besvimte eg 9 ganger, så det er hardt på slike dager – but i did it! Yaay!
Eg rekker ikkje akkurat å få så store forandringer innen turen til Gran Canaria, men satser på at det er litt forandringer til mai, juni! Ei veninne følger samme program som meg, så vi snapper til kverandre og følger aktivt med på instagrammen til Kayla , det gir sånn motivasjon til å fortsette!! :)
Programmet kan du kjøpe HER – det koster ca. 564kr. Eg er kjempe fornøyd!
Eg har ikkje kjøpt kostholdsplanen hennes, eg føler eg er ganske flink med kosthold og at eg veit kva som er bra og ikkje bra. Programmet eg kjøpte heiter «Bikini Body Workouts» for dei som lurer.
Eg har tatt før-bilder, og når eg etter ei stund ser forandring så skal eg dele dei, sjølv om eg gruer meg litt til det!! Eg elsker jo når andre deler, så eg må jo gjøre det sjølv! Det er ein del av programmet, ho skriver at det ikkje er vekta ein bør fokusere mest på men bilder – då ser ein forandringene lettere. Det står korleis du bør ta dei, og sånne ting som at du alltid bør ta dei på samme plass, med samme klær i samme lys osv.. Ta bilder av foran, på siden og bak og så får vi ei påminning i programmet når det er tid for å ta nye bilder. Om du vil dele dei er jo opp til deg – men det er uansett kjekt når ein sjølv ser forandringer etter kvert – gleder meg til det!!
Følger du ho på instagram? Har du hørt om ho eller programmet før?