Browsing Category

Trening

Sjukdom Trening

Status: Trening & Sjukdom!

11. april 2013

_61A0706Om du har lyst og se eit intervju med meg på bloggen «Meir Aktiv» – så klikk HER. Litt pinleg, og eg følte ikkje at svara mine var så veldig bra, menmen.. då kan eg heller utfylle det litt her på bloggen!  ..og HER kan du se intervju med min PT der han snakker litt om meg, og om kronisk sjuke og at det er eit tilbud for dei også! :)

Det er mange som har spurt om eg kan skrive meir om treninga – so here it goes!

Eg har altså vært så heldig at eg var ein av dei fire som blei plukka ut av mange,mange søkere.. og har fått 8 veker med personlig trener på Spenst Førde. Før vi kom i gang med treninga tok vi kroppsanalyse som kunne sei litt om kva tilstand eg var i når det kom til både væskeinnhold, protein, fett, muskler, vekt, magnesium, styrke i armer og bein ++  Eg blei stilt masse spørsmål om kva mål eg hadde, om helse og kosthold. Eg har ein rygg og nakkeskade, og då han fikk vite det så ringte han ein fysioterapeut og vi fikk time med ein gang og var innom han så han kunne «se på meg» og tipse PT om kva vi burde ta hensyn til og jobbe med. Eg er veldig imponert over kor grundig alt er, det er utrulig bra tilpassa og gjennomtenkt, og det er over all forventning så langt!

workout

Eg trener i studio ca. 2 ganger i veka. Styrke på overkropp eine dagen, litt kondisjon i form av sykkel eller tredemølle og underkropp neste gang. Men kver gang trener eg også skuldre og nakke då eg har so mykje problem der, og ettter tre veker kan eg meddele at eg er mykje bedre. Før måtte eg få Øyvind til og massere meg på kveldene, og eg hadde spenningshodpine – etter eg begynte og trene har eg så og sei ikkje vært plaga med dette, hurra!

Det som er bra med PT (personlig trener) er at ein lærer seg alle øvelser heilt riktig, så ein ikkje feilbelaster kroppen som desverre alt for mange gjør. I tillegg er det veldig bra med ein som står over deg og teller ned, og pusher deg. Eg hadde nok ikkje pressa meg så hardt om eg hadde sittet der aleine i eit apparat, og eg hadde nok tatt lenger pauser også, hehe. Eg trudde det skulle bli så flaut då eg er i ganske dårlig form fra før av, men det går veldig bra – og min PT er god til og skryte og motivere! Om du bur i Førde og vurderer og få deg ein personlig trener så anbefaler eg Kent Roger på Spenst – han er veldig flink!

Eg får også heimelekser i form av eit treningsprogram han har laga ut i fra kva eg har av utstyr heime. Eg har manualer og strikk, og har fått mange øvelser som går på det som fks. utfall, knebøy, liggende brystpress, stående sidehev og mange fleire øvelser + og at eg skal gå raske gåturer på 40min eit par ganger i veka. Når det kjem til kosthold så spiser eg allerede ganske sunt pga. dietten eg må gå på pga. sjukdom. Men eg har likevel fått tips som og spise mindre måltid, og oftere. At eg ikkje skal spise etter kl 21.00 på kvelden, og at eg skal få i meg meir vann – det ser vi jo på kroppsanalysen at eg ligger under på væskeinnhold. At eg skal kutte litt karbohydrater og få i meg meir protein.

Eg tok ny kroppsanalyse forrige fredag, og det var kjekt og se at det var litt endringer. Eg ligger fortsatt under på væskeinnhold og protein, men det er på vei oppover. Eg har gått ned 300gram i fett, og opp 400gram i muskler – eg er fornøyd! Det blir spennende og se til neste gang! Om du har lyst og ta ei slik analyse så koster det ca.450kr her i Førde – anbefaler virkelig og gjøre det. Då kan du sjå korleis det står til i kroppen din og lage eit kost- og treningsprogram ut i fra det.

_61A0591

Som eg seier i videoen så opplever eg ikkje at eg har meir energi av trening endå, men det er nok fordi eg er dårlig og at sjukdommen jobber i mot meg. Trening er ei fornuftig prioritering eg har tatt no. Eg klarer ikkje so mykje meir dei dagene eg har trena, men kanskje eg får meir energi etter kvert. Det føles likevel godt at eg har brukt det eg hadde av krefter på kroppen min og helsa mi!

Eg fikk svar på blodprøver i går, vi tok nye prøver for og se om det er bedring – det var desverre tvert i mot. Eg har endå sterkere spor av borreliabakterien, og immunforsvaret mitt er ganske lavt. Det er vanlig at ein kan bli verre først, at borreliabakterien gjør så god mostand den kan og at det dermed blusser opp endå meir. Eg har hatt ei lita pause med piller for og se korleis det gjekk, men no er det full gass og tre forskjellige antibiotikaer på samme tid – og eg står på venteliste til intravenøs behandling i Oslo på Norsk Borreliose Senter.

Det er nok bare og smøre seg med tolmodighet – men eg skal innrømme at eg har hatt nokre tunge dager no med veldig mange besvimelser og fall. På morning og kveld har eg smerter i muskler og ledd og er heilt stiv og må ofte bli bært til og fra senga då eg ikkje klarer og gå sjølv.. og må få hjelp til og kle av og på meg  – dette er eit av mange symptom fra borrelia. Det blir ein del tårer, og eg trenger mange klemmer av min kjære. Ofte gråter eg og seier at eg ikkje orker meir, men neste dag står eg opp og gjør mitt beste likevel.. i dag har eg besvimt 7 ganger til no og har slått meg hardt i hodet fleire ganger og kasta opp frokosten. Det er svært sjeldent at eg blir liggende heile dagen på sofaen/senga likevel..  sjølv om eg våkner opp overalt og har slått meg og føler meg elendig – så tørker eg tårene og fortsetter med det eg holdt på med. No skal eg prøve og gjøre litt husarbeid og etterpå skal eg sette meg ut i sola med eit magasin og slappe av – ha ein fin dag alle sammen!

autograf

Trening

In The Air

26. mars 2013

_61A0706_61A0751_61A0728_61A0739

Jakke, Topp + Tights, Craft (Sport1 Førde)  //  Sko, Asics (Sport1 Førde)  //  Bag, H&M  //  Drikkeflaske, Spenst  //

Det har komt fleire ønsker om at eg skal poste bilder i treningstøyet mitt, so here you go! Det var iskaldt ute, så eg har gåsehud på beina, hehe – litt for kaldt med kort tights no, men eg måtte bare vise den fram!

Eg elsker fargene, så freshe og fine – blir i godt humør av så spreke farger! ♥

Sjølv om det er påskeferie så har eg fått heimelekse fra min personlige trener på Spenst, og skal trene litt heime med manualer og strikk + raske gåturer så eg holder det litt ved like. Det er genialt opplegg så langt, og faktisk veldig kjekt og komme i gang sjølv om eg er sinsjukt støl! Det blir spennende neste gang eg skal ta kroppsanalyse og sjå om det er noko forandring! :)

autograf

Shopping, inspirasjon ++ Trening

It`s On!

20. mars 2013

P3194949P3194954P3194960

Treningsbag, sokker & singlet, H&M  //  Topp + Jakke, Craft (Sport1)  //  Sko, Asics (Sport1)  //  Såpe. Biotherm  //

Eg er jo shopaholic, og det virker som eg er det i alle kategorier også.. med ein gang eg begynner og trene så åpner det seg ei ny verden for meg, altså ei ny shopppingverden. Rett etter mi første treningsøkt i forgårs gjekk eg innom h&m og kjøpte meg ein bag, sokker og ein singlet som matcher det freshe treningstøyet fra sport1 som eg har fått.. og meir skal det bli – eg må jo ha litt skift! ;)

Eg kjøpte også ei herlig og mild dusjsåpe fra Biotherm som eg kun skal bruke på trening, deilig med litt luksus produkter etter ei hard treningsøkt!

Eg hadde som sagt min første time med PT på Spenst Førde i forgårs, det gjekk overaskende bra. Han testa kondisjon og styrke, og eg låg ikkje dårlig an som eg trudde, hehe.. men det er virkelig mykje forbedringspotensiale. Kl. 17.00 i dag er det gruppetrening med dei tre andre som vant, etterfulgt av avslapping i spa, det blir digg! ;)

autograf

Trening

CHANGES

12. mars 2013

P3124931P3124930

Nytt treningstøy fra Sport 1 på Førde Torg – og siste utgave av Stylemag.

Eg er så heldig at eg skal begynne og trene på Spenst med PT (personlig trener) i 8 veker framover.. og best av alt så er det gratis! Vi er fire heldige, to damer og to menn som er plukka ut etter og ha sendt søknad til Spenst Førde der ein kunne vinne 8 veker med PT og kostholdsveiledning. Eg både gruer og gleder meg, men eg er kjempe glad for at eg er plukka ut. Sjølv om eg er mykje sjuk, så er det bra for helsa både fysisk og psykisk og trene, så eg er så glad at eg endeleg skal komme i gang, neste veke braker det løs!! Wish me luck;)

Sport 1 har sponsa oss med treningstøy, og eg får resten av kleda til veka med litt logoer og slikt.. og då skal eg vise dåke alt sammen, og korleis det ser ut på. Eg valgte topp og jakke i samme rosafarge som på buksa, freshe og kule farger – loving it! Tøyet er i merket «Craft» og skoa er «Asics».

Eg har litt dårlig tid – vi skal straks sette oss i bilen og kjøre til Oslo. Det blir to dager på hotell då eg skal til undersøkelser på Ullevål i mårra, og til Norsk Borreliose Senter på torsdag. Ha ein fin tirsdag alle sammen! :)

autograf

Trening

Ready?

24. september 2012


..det er ikkje berre kjekt med den treninga!


Jakke, H&M  //  Bukse, H&M  //  Sko, Reebok (DNA)  //

Svart og neongrønt er fargene eg har gått for – i love it. Fargen på jakka er så sterk og fresh at eg slepper refleksvest, men det er også ein liten refleks i form av ein sølvgrå trekant bak på jakka faktisk, heilt nede i korsryggen..  At eg ikkje er glad i og trene er ingen hemmelighet, dette er vel andre gangen eg har på meg dette antrekket.. satser på at det ihvertfall blir ti ganger til før jul, haha..  Eg skal for all del ikkje drive med noko hardtrening, kun gå lange raske turer, komme meg i aktivitet, få frisk luft og forhåpentligvis litt bedre kondis.. no er eg jo andpusten berre eg går opp bakken til busstoppet :D

Wish me luck, i need it!